(trådstarter)
   #41
 2,984     Vestlandet     0
Meget godt poeng, Everlost.
Fruen har insistert på at WIC skal vera i tilknytting til badet heller enn soverommet. Så det får berre verta sånn. For min del spelar det lita rolle.
Signatur

  (trådstarter)
   #42
 2,984     Vestlandet     0
Dessverre insisterer frue og sjef på løysinga med kjøkken til høgre. Dette er mest likt utgangspunktet me har i dag. Det vert då mindre ombygging og lettare å leva der mens me pussar opp,då kjøkken og bad vert om lag same plass. Det same gjeld dei store stovevindauga.

Minusa er:
lang veg frå kjøkken til altan.
Altandør ved sofa, tv og stereo. Upraktisk med plassering av høgtalarar osv. (viktigast for meg)
Lysare tvstova og mørkare matstova.
Signatur
  (trådstarter)
   #43
 2,984     Vestlandet     0
Kjellaren er me ganske nøgd med løysinga me har kome fram til no.
Har inga planløysing -  - Komlo
- Vaskerom er kombinert vask/bad med dusj, då badekar vert i 1. etg. Dør ut på vaskerom vert ut i utandørs bod/garasje.
- Bod vegg i vegg er tenkt å innehalda sluk og vvtank, då me likavel må ta røyr frå toalett på badet oppe ned veggen mellom bod og trapp. I tillegg til avløp frå badet over, vil kanalar frå ventilasjonsanlegget på loftet koma ned her. Begge bodene får utanpåliggande skyvedører.
- Trappa ser det dessverre ut til at må ha "inngang" på høgre side, så ein unngår å gå rett i vedomnen når ein går ut av trappa i etasjen over. Trappa er tenkt 2m brei x 1,7m djup, lukka trapp med "bod" under.
- Sov 3 er foreldre, sov 2 er eldstemann og sov 1 er minstemann.
- Kjellarstove skal ha sovesofa og fungera som gjesterom og.
- Gangen et mange kvm av etasjen, så me får prøva å utnytta denne smart til skap til sko/klede osv. Dette vert og einaste inngangspartiet i huset.

Første etasje er me meir usikker på om me utnyttar best mogleg:
Har inga planløysing -  - Komlo
- Garderobe er krympa litt for å gjera bad litt større. Skyvedør mellom.
- Badet har fått badekar og flytta toalett til den veggen eg trur det er lettast å føra avløpsrøyret ned i. Baderomsdøra burde kanskje vore innover i rommet mtp å treffa nokon på veg opp trappa. Litt usikker her.
- Kjøkkenet er no gjort 120cm djupare (utsida av pipa) og har fått 180cm x 180cm øy. Dette fordi me kjem til å ha lite eller ingen overskap (designavdelinga si avgjerd). Eg er usikker på denne løysinga, spesielt mtp plassering av vedomn, som hindrar trappa i å speglvendast. Kanskje kjøkkenet kun skal forlengast på høgre side. Innspel?
- Matstova ser ut til å verta meir enn stor nok. Bordet som er teikna inn der er 360cm, som er makslengda me kan ha på bordet vårt.
- TVkroken får ein del bortkasta plass mellom TV og sofa på grunn av terassedøra. Det vert og langt frå sitteposisjon til TV. Det er ikkje ideelt med plassering av terassedøra her, men det er no den sida terassen vert på. Dette uroar meg som har Lyd og Bilete som hobby langt meir enn det uroar interiør og designsjefen i huset.

- Det vert særs ope, med litt over 12m lengd på rommet. Far ønskjer å dela av stova som eige rom med dobbeldør/tofløya dør? eller kva det heiter. Dette ønskja ikkje sjefen i huset. Laminaten har maksimalt leggeareal på 8x12m. Eg er usikker på om det vert eit problem.

Har nokon innspel på noko her? Kom GJERNE med det:)
Signatur
   #44
 705     Vestlandet     0
Kjøkkenet ble veldig stort nå. Jeg ville nok bare forlenget det på høyre siden og gjort slik at vedovnen ble synlig fra både tv-krok og spisestue. Kanskje trappen snus da. Hvor er det plass til skyvedør til den lille boden?
  (trådstarter)
   #45
 2,984     Vestlandet     0
Godt poeng, som eg er einig i, ang. kjøkken, plassering av vedomn og snuing av trapp. Dette må eg forsøka å overtyda fruen om.

Den minste bua kan ha utanpåliggande skyvedør dersom trappa har inngang i kjellar på høgre side, og utgang i første etg. på venstre side. Vert trappa speglvendt, må me setja inn vanleg dør her.

Signatur
  (trådstarter)
   #46
 2,984     Vestlandet     0
Har fått overtydd fruen om at kjøkkenet ikkje treng vera så djupt som på siste forslag. Jippii! Det gjer at vedomn kan plasserast mot matbordet.

Eg er fortsat skeptisk til å ha kjøkken og matstove i motsatt ende av terasse, og dør til terasse i TV-stova "mi". Men det er nok ein kamp eg må gi opp.
Signatur