258    7    0  

Synnøve frå mesterhus

 5     0
Heisann!

Vi er i starten av prosjekt husbygging og har tatt utgangspunkt i mestehus sitt Synnøve - med ein god del endringar. I utgangspunktet vil vi ha eit hus på 150kvm, men teikningane eg legg ved er nok nærare 160. Eg vil gjerne ha innspel til forbedringar. Man ser seg jo blind på desse husteikningane Wink


hmmm....får ikkje lagt inn bilde... prøver i kommentarfelt...
Synnøve frå mesterhus - RoomSketcher Level Image1.jpg - inwi

  (trådstarter)
   #2
 5     0
Eg beklager eit litt rotete innlegg. Det er mitt første Wink. Dette er eit hus på bratt tomt med sokkeletasje og 1.etg. 

Ver snill å sjå vekk frå sofa og slikt som står i lause lufta SmileSmileSmile
dei skal kanskje inn på soverommet ved stua Smile
   #3
 705     Vestlandet     0
Mye bra her. Jeg har noen punkt jeg lurer litt på:
- Hvor er vaskerommet? Er det utbygget ved siden av kjøkkenet eller nede ved siden av badet? Hvis det er nede, ville jeg ha vurdert å ha en skittentøyssjakt fra badet oppe.
- Skal dere ikke ha dusj på badet oppe eller blir det kombinert i badekaret? Jeg personlig er ikke så glad i å dusje i badekaret, men hvis dere synes det er ok så er jo alt i orden.
- Hvor er døren til badet nede?
- Er det teknisk bod dere har tegnet inn under trappen?
- Er det utgang til altan fra stuen?
- Jeg ville ha droppet vinduet på siden på soverommet nede til venstre. Blir vanskeligere å møblere med for mye vinduer, og jeg synes det holder med to vinduer på et så lite rom.
- Skal dere ha TV i stuen oppe eller bare i kjellerstuen?
- Noe å tenke på er om dere vil ha noen kommoder, skap, reoler osv i stuen. Jeg kan ikke se at det er så mye veggplass til det da det er så mye vinduer.
- Er den svarte boksen i stuen oppe pipe/peis?
- Er det plass til dobbel skyvedør mellom hall og stue oppe?
- Jeg hadde valgt skyvedør til boden nede.
- Jeg hadde byttet ut skyvedøren mellom soverom og bad oppe til vanlig dør som er mer lydtett.
  (trådstarter)
   #4
 5     0
Tusen takk for gode innspel!
-vaskerommet er ved siden av badet nede, så det vert nok skittentøysjakt
- kombo dusj/badekar. Ikkje ideelt, men badekar er eit must, og det samme er to dusjar, så då vert det sånn.
-døra på badet har falt ut av tegninga - vi skal ha dør:)
-sentralstøvsuger o.l. under trappa og i boda. Skyvedør inn til badet.
-dobbel glassdør ut til veranda oppe
-kutte vinduet var ein god ide!!
-svart boks=vedovn med stålpipe
-tv både oppe og nede
-skap og reoler er eit av dei punkta eg slit med. Har satt inn ekstra garderobeplass for å dekke inn noko, men må nok vurdere dette nøye. Bur i veldig mørkt hus no, så kanskje eg ha overkompensert med mykje vindauge?
- Skyvedør er det plass til - kun den eine døra som kan opnast.
- i praksis vil vi ikkje setje opp veggen mellom bod og sportsbod, men bruke dette som soverom. Då er det kjekt med vanleg dør.
- vanlig dør mellom soverom og bad er vurdert. Skyvedør er lettare for rullestolbruker og tar mindre plass. Er usikker på kva vi landar på her.


Takk for innspela!!


   #5
 2,984     Vestlandet     0
Dette ser ut til å verta eit veldig fint hus der de har fått plass til mykje utan enorme areal. 2,5 bad, separar vaskerom, 4 soverom, 2 stover osv.

Er det vindauge i bod/sportsbod? Viss ikkje vil de ikkje få det godkjent som rom for varig opphald.

Det er per no 4 soverom i huset. Kor mange treng de? Etter mitt syn er dedikert gjesterom bortkasta plass 360 dagar i året, og eit lite nyttig rom.

Kva skal ytterklede og sko oppbevarast i gangen oppe? Det er greit at området der skoa er på ikkje overlappar området ein går på for å gå opp/ned. Kjedeleg å verta våt/skitten på beina på veg i seng. Eg ville kanskje undersøkt om det var mogeleg å gjera gangarealet ved inngangsdøra breiare, så det er plass til oppstilling av sko og oppheng av jakker ved døra.

Har de plass til nok oppbevaring på kjøkkenet? Me erfarer å ha alt for lite av det i dag, sjølv om me har relativt grei storleik på kjøkkenet.

Dersom det ikkje vert upraktisk, ville eg plassert vask på kjøkken rett under vindu. Fint med utsikt når ein tar oppvasken, og upraktisk med skap over vasken uansett.

Signatur
  (trådstarter)
   #6
 5     0
Takk for innspela!

Det er ikkje tenkt å setje inn glas i sportsbod, men ha vindauge i døra slik at kravet til lys vert stetta. Er ikkje dette godt nok? Må sjekke... Dette rommet vert i praksis gjesterom/treningsrom/garderobe/bod +++ Vi har eit slikt ekstrarom i dag og det er gull verdt! Vi er 5 i familien og treng 4 soverom, men vi er usikre på om stova er stor nok, så vi vil gjerne ha høvet til å i praksis ha 4 soverom nede dersom det vert trangt oppe. Fleksibilitet er kjekt!

Vi tenker at hovudinngangen vert gjesteinngang og at våre sko og jakker oppbevarast i biinngangen ved kjøkkenet. Greit å få ungane sitt rot vekk frå hovudinngangen Smile Vi tenker derfor å berre setje opp hattehylle og ei lita skohylle ved hovudinngangen. Større entre hadde vore kjekt, men ikkje på bekostning av kjøkken. Entreen er 1,5 m brei. Håpar det held mtp at det primært skal vere gjesteinngang.

Kjøkkenet har eg brukt mykje tid på og er usikker på om det vert nok skap!! Vert det nokonsinne nok skap?? Eg vil ikkje ha vanleg høgde på overskapa, men litt kortare slik at dei ikkje kjem så langt ned. Då fungerer det med vask undermskap og ekstra høg krane. Eg tenker at viss vi har vask ved vindauget så må vi vaske vindauget veldig ofte og dei som går forbi ser inn på oppvasken (dette vindauget vender mot gårdaplass/veg). Vi er ikkje så ryddige av oss, så det står ofte oppvask på benken Wink Betre med vask litt på sida så kan vi heller kikke litt på skrått ut Smile

Som avlastning ift skapplass på kjøkkenet vil vi setje inn overskap i biinngangen i tillegg til garderobeplass. Då kan kjøkkenmaskiner som sjeldan brukast o.l. stå der. Det vil og vere høve til å setje inn eit garderobeskap i gangen ved trappa. Eg tenker at dette også vil avlaste kjøkkenet slik at det som står i kjøkkenskapa faktisk er det som vert brukt dagleg.
   #7
 2,984     Vestlandet     0
Det verkar som det aller meste her er grundig gjennomtenkt:)

Tanken med å kunna ta i bruk 4 soverom i sokkeletasjen er veldig god. Då kan soverom oppe evt. nyttast som rein TVstove, dersom ein ønskjer det. Me er 4 i familien og skal ha eit soverom oppe og to (til barna) nede. Dette er krav frå innenriksministeren i huset. Eg sjølv ville helle gått for alle 3 soveromma i sokkeletasjen, og separat TVstove oppe. Som eit kompromiss skal me ha relativt stor kjellarstove, som og skal nyttast til gjesterom når det er naudsynt.
Signatur