456    0    2  

Montering av aluminiumsvindu

 11     2
Hei ! 

Eg har ei sjøbud det skal settast inn eit stort aluminiumsvindu 235 x 275. 
Det er delt opp i 6 mindre glas dersom dette er av nyttig informasjon. 

Men eg lurer på korleis man går fram når man monterer desse aluminiumsrammene? 
Der er ikkje noke beslag på karmen slik det er på f.eks. H-vinduet sine PVC vindu.

No har eg bytta ein del vindu og dører tidligere, men då i PVC og treverk. 


Er det mulig å rett å slett skumme fast vinduet med tec7 sin fugeskum f.eks? 
Eg har bygd ei stor skyvedør som dekker for vinduet når sjøbuda ikkje er i bruk. So vinduet er godt beskytta for vær og vind når det ein gong blir montert.

Ein annan ting er at ramma kun er 7cm tjukk, so det er ikkje mulig å drage so lang ut i veggen at vinduslister på utsida blir flush med karmen. Korleis er det vanleg å gjere med tanke på listing og foring innvendig og utvendig på denne type vindu?