1,862    9    1  

Drenering av jorde - val av filtermasse

 194     0
Skal drenere eit jorde på nokre mål og er litt usikker på kva løysing eg skal gå for mhp massar rundt drensrør. Hør prøvd å lese meg litt opp, og Norsk Landbruksrådgjeving sine presentasjonar har blitt ei hovudkjelde for kunnskap. Eksempelvis denne (side 26 i pdf). Har også lest gjennom Drenering - teori og praksis (filtermasse på dokument side 16-17, pdf side 18-19).

Eg veit at det i dei fleste tilfeller er vanleg med godt drenerande massar rundt drensrør, eksempelvis singel 8-11mm. Denne skal ifølge litteraturen bli for grov for drenering av jorde og vil føre til kort levetid grunna tilslamming. Grov sand/grus 0,6-2mm er det eg har sett mest etter, men ikkje klart å oppdrive. Har difor gått for kabelgrøftsand 0-4mm, men vaska så med lite finstoff. Planen er å legge drensrør i botn av grøft, spaltane opp og 5cm sand over og på sidene. Rette av i botn med singel om det skulle verte for ujamnt. Den sanden eg har fått levert er eg redd er for fin og skal renne gjennom spaltane i drensrøret (korrugert drensrør i kveil).  

Singel 2-8mm synes også å vere vanskeleg å få tak i her i området.

Dette er litt på sida av bustadbygging, men folk her inne har jo vore med på mykje forskjellig. Nokon som har tankar om kva eg bør gjere? Vurderer å køyre på med kabelsand og eventuelt legge eit lag med 8-11mm over, men må verte trygg på at grøfta vert skikkeleg og levetida vert grei. Dyrt og tidkrevjande å grøfte om.

HSt
   #3
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Liten erfaring med slike sandmasser men på hytte så la de veier/stier med finmasser i og de er 100% vanntette. Håper noen hjelper. Er jorden leirholdig så trodde jeg de brukte fiberduk under.
   #4
 71     Lier     0
Sist jeg var med på å drenere jorde brukte vi de drensrørene med filter utenpå og fylte igjen med bare jord. Dyrere enn vanlig drensrør, men grus koster jo det og.
De gangene vi har brukt grus vet jeg ikke hva som ble brukt, men var iallefall mye grovere enn hva du har tatt bilde av, syns det så alt for fint ut.

Men jeg har ikke mer greie på det her annet enn at jeg har stått i grøfta og gjort som jeg fikk beskjed om. Tongue
   #5
 667     1
Når de drenerte jordet nedenfor der jeg bor, brukte dem singel(8-11mm) rundt drensrørene og pakket filtduk rundt etterpå og så jordmassene tilbake.
  (trådstarter)
   #6
 194     0
Det er heldigvis ikkje så mykje av dei finaste partiklane i sanden, så no slepp den vatnet gjennom. Usikker på korleis det er om nokre år når den har filtrert vatn ei stund, om det går tett sidan den er såpass fin som den er. Og sjølvsagt om sanden vil renne gjennom spaltene.

Singel og duk er fråråda ifølge litteraturen i post 1, duken er for fin og vil raskt gå tett. Ellers hadde det vore eit godt alternativ.
HSt
   #7
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Da ville jeg hatt singel rund rør, duk rundt med filtersanden din på utsiden.  Poenget er å ikke bruke for kraftig duk, en vei duk beregnet på sprengstein er veldig kraftig og tett i fibrene.

  (trådstarter)
   #9
 194     0
Eg tok kontakt med Norsk Landbruksrådgjeving og snakka med eit par kjekke karar med mykje erfaring. Andremannen var einig i at kabelsand i utgangspunktet var godt eigna sidan finstoffet er vaska vekk. Det som opprinneleg er tanken bak 0,6-2mm er visst om bonden har tilgong på elvesand, som vil vere av ein liknande fraksjon. Min kabelsand ser diverre ut til å innehalde mykje av den fine delen slik at eg er litt skeptisk til om den kjem til å lure seg gjennom spaltane på drensrøret. Eg køyrer eit par testar og ser korleis det går.

Har uansett fått tak i gratis flis frå Granvin Bruk, dei hadde visst ein del som hadde lagt ute gjennom vinteren dei måtte få vekk. Kostar noko med transport, men grei totalpris uansett.

Takk for innspel