303
2
0
Nødvendig med såle?
Held på å planlegge garasje oppført i forskalingsblokk med flatt tak i betong. Ingen tilbakefylling mot vegg. Delar av eine sideveggen skal erstattast av HE180B på HUP 100x100x8.
Underlag er er 1-2m komprimert sprengstein lagt direkte på fjell og 0,3m komprimert kult på topp. Komprimert med valsetog.
Dimensjonerende linjelast mot fundament under sidevegg er berekna til 47 kN/m. I tillegg vil eine stålsøyla under dragar påføre eine hjørnet av fundamentet ein punktlast på 65 kN.
Planen var å mure såle/ringmur av to skift forskalingsblokk rett på avretta og komprimert grus, blande betong sjølv. Deretter leige proffar til å støype plate for så å sjølv stable opp resten av forskalingsblokka og fylle med pumpebil.
Spørsmålet er då enkelt og greit, vil ringmur av 20cm forskalingsblokk på dette underlaget vere tilstrekkelig for desse lastane?

Når det gjeld punktlasten på 65 kN på eit hjørne av ringmuren så ser eg at det truleg vert for mykje. Litt usikker på kor stort areal eg skal berekne som berande her, men reknar med at hjørnet av muren uansett er svakaste punktet. Worst case er arealet 0,2x0,2m, noko som gir heile 1625 kN/m2. Her må nok hjørnet erstattast av eit større armert fundament å fordele lasten på?
Noken andre ting eg bør tenke på her?