2,039    0    1  

Enkel tv benk og bladkorg av gamle eplekassar.

 15     1
Her er to enkle møblar som du lagar på ein dag.

Alt du treng til tv benken er to avlange eplekassar, møbelhjul (har brukt art. nr. 30-6819 frå Clas Ohlson), litt skruar og dykkspikar til samanføying evt. forsterking.
Så har eg montert to listebitar under med dykkspikar og lim for å stive av. Ei i framkant, og ei i bakkant. Benken er malt med heftgrunning som inneheld kvistlakk i to strøk.
Til slutt er hjula skrudd på. Meget enkelt prosjekt. Bileta illustrerar det meste.



Enkel tv benk og bladkorg av gamle eplekassar. -  - andrvinEnkel tv benk og bladkorg av gamle eplekassar. -  - andrvin


Bladkorga er noko så enkelt som ein eplekasse malt i to strøk med samme maling som tv benken. Til slutt er det skrudd på fire hjul. Enklare blir det ikkje.

Har plan om å laga til eit lokk, som eg vil legge skumgummi på og trekke på eit møbelstoff. Slik at korga blir som ein fotskammel. Kan legge ut bilete når eg er komme så langt.

Takk for titten.

Enkel tv benk og bladkorg av gamle eplekassar. -  - andrvinEnkel tv benk og bladkorg av gamle eplekassar. -  - andrvin