(trådstarter)
   #61
 2,984     Vestlandet     1
Eg trur eg har drept min eigen tråd med maset mitt:)

Per no ser det ut som eg går for KUB17 til veggar, då eg ikkje anar kva som er forskjellen på KUB og Jackon Thermomur. Kub er ein del rimelegare, samt at eg kan tinga XPS til ein god pris i same ordre.

Utgraving til drenering, samt bygging av garasjen er ferdig. Eg skal høyra med entrepenøren i løpet av veka korleis det er gjort.

Eg prøver meg i mellomtida med spørsmål 2 - 5 på ny (spm. 1, 6 og 7 trur eg at eg har landa svar på), då eg må finna ut av dette før eg går i gang.

2 Kor djupt må det gravast for drenering? Topp av drensrøyr skal vel liggja under botn av bankett? Så eg bør derfor grava til nederst på bankett + .... cm?

3 Kor djupt bør eg grava ned for såle i garasje? Til ønska golvniva, og ... cm under det for xps og betong?

4 Støypa såle før veggar, eller omvendt? Kub leverer såleblokk, men eg er usikker på om eg treng dette, eller om eg skal støypa såle for så å setja stabla kub elementa rett oppå der.

5 Korleis støypa såle? Leggja ned (Fyll gjerne inn det som trengs) cm xps, laga forskaling rundt, og leiga pumpebil til (Fyll gjerne inn det som trengs) cm betongsåle? (rett under 50kvm dersom veggar kviler på såle)

Eg ønskjer å tinga alt av material til drenering, isolering av sokkel og bygging av garasje så fort som mogleg, slik at eg kan setja i gong med ei gong eg går på ferie.
Signatur

  (trådstarter)
   #62
 2,984     Vestlandet     0
Foreløpig plan (IOM at eg ikkje veit betre):

Leggja ned 10cm XPS250, dampsperra og støypa såle med same ytre mål som garasjeveggane. Må vel legga ned nokre armeringsnett og, av ukjend dimensjon.  Eg har ikkje ide på kor tjukk sålen må vera, men tipper 7cm er nok? Legg ned 10mm armeringsjern, som eg har bøyd 90 grader vinkel på, slik at dei kjem 50cm opp inni forskalingselemente (meinar det stod frå såle og min. 50cm opp i veiledninga)

Stablar 4 stk 60cm (h) element oppover og legg i 10cm armering etter veiledning. Brukar 12mm armering over garasjeport og dør. Stivar det av med 48x98. Leiger betongbil som tar seg av resten.

Når betong er klar legg eg 2 stk. 6m stålbjelkar (HE200B, eller ana forslag) på tvers av taket og feller inn 2x8" i desse. Stålbjelkane får spenn på 5,7m og 2x8" får spenn på 2,3m. Legg osb plater eller liknande oppå, og membranduk på toppen. Terassebord på toppen. Fall vert 48mm på 6m,så litt mindre enn 1:100. Tenkte liggande 48x98 på ei side mot ingenting motsatt. 

Siste redigering: Monday, May 22, 2017 7:24:04 AM av Komlo
Signatur
  (trådstarter)
   #63
 2,984     Vestlandet     0
Planen er at garasjen ver slik:
Komlo: utvide sokkeletg. med garasje og terasse - Plan garasje.PNG - Komlo
Detter er med 35cm tjukke veggar (Kub)
Grunnen til at utvendige mål på 598cm øvst og 118cm og 58cm i kvart hjørne i front, er fordi at dette går opp med lengda på Kub elementa i første rekke. Rette er 120cm, mens hjørner er 58x118cm.
Garasjeport og dør vert 20cm smalare (250x220??) og 90x210cm), men Kub elementa må byggast med 20cm større opning, då det skal inn 20cm lister på alle sider.

Over garasjeport vert det veldig lite vegghøgd 10 - 30cm betong. Vert dette for svakt?
Signatur
  (trådstarter)
   #64
 2,984     Vestlandet     0
Ingen som vil vegleda ein stakkars amatør?:)

Såle:
Legg eg ut 100mm XPS, plast og armering, forskalar rundt og støyper heilt plan såle på 50mm? 70mm? 100mm? først, så stablar eg KUB på stabilt og plant underlag? verkar å vera enklast for ein amatør. Ulempa er at eg då ikkje har fall i garasjen. Fall må evt. støypast i ein tredje omgang seinare.

Bør eg heller retta av med pukk, bruka KUB såleblokk først, stabla KUB element oppå dette, armera og fylla med betong, for så å støypa såle inni dette til slutt? Ulempa eg ser for meg er at stablinga kan verta vanskeleg utan fast, like godt avretta underlag. Fordelen er vel at det er lettare å støypa såle med fall etterpå.

Fall:
Bør det vera 1:100 fall på sålen? Det vil gi høgdeforskjell på over 70mm innvendig. Kan fall mot sluk og røyr ut vera betre løysing?
Eg vil jo sjølvsagt helst ha plant golv, men ser absolutt behovet for fall i garasje/bod.

Det ser uansett ut som eg må leiga betongbil, og at eg må gjera det i to omgangar. Sikkert ikkje billig.
Signatur
  (trådstarter)
   #65
 2,984     Vestlandet     0
Ny problemstilling:
Eg tenker å byggja i denne retninga, med fall i retninga som vist. Problemet er at dersom eg byggjer med 200mm bjelkelag - OSB - membran terassebord, så ender det vel på +/- 250mm til saman. Om eg skal ha littegrann fall (ca. 50mm på 6 meter), endar eg med 300mm inners mot huset (høgre på det flotte skissa mi).
Eg får ikkje plass til lekter på kryss og tvers under terassebord.

Korleis løyser eg dette?

Eg reknar med terassebord liggande rett på membran, utan feste, eller noko(lekter) under ikkje er ei god ide mtp. fukt og bevegelse.

Komlo: utvide sokkeletg. med garasje og terasse - Terasse over.jpg - Komlo
Signatur
HSt
   #66
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Vi la fallet i selve sperrene og så justerer vi evt fall på det som legges opp. Men det går utover garasjen til slutt. (Vi har hovefall innover og ser at mange porter kan leve med mindre avstand til tak bakerst enn forrest)
  (trådstarter)
   #67
 2,984     Vestlandet     0
Då får eg satsa på å gjera det same. Ender då på kring 300mm inn mot husveggen. Det får eg berre få til på eit vis-
Kan terassebord leggast rett på membranen utan lekter under (same retning som fall). Eller vil dei då vera konstant våte og råtna?

Eg har forøvrig send førespurnad til to lokale firma som driv med forskaling og betongarbeid, for å forhøyra meg på pris for å få murt opp alle veggane i betong. Eg er redd det vert svindyrt, men ein nabo som har brukt dei anbefala dei og meinte dei var gode på pris. Det er sjølvsagt ei fordel for ein amatør som meg å få sat det bort, IOM at det er noko eg ikkje kan eller har peiling på. KUB elementa er heller ikkje billige, og i tillegg kjem betong og armering.

Om eg endar med bygging i KUB, så ser det ut som greiaste løysing for meg, er å koma meg langt nok ned. Forskala til såle, og få fylt i betong til såle og "gold/plate" i eit. Det er vel ikkje så alt for vanskeleg for ein glad klovn?

Signatur

  (trådstarter)
   #68
 2,984     Vestlandet     0
Kub element til veggar kjem i morgon.

Svigerfar skal hjelpa meg å forskala til såle og plate. Tenker å forskala til plate, som vert grevd djupare rundt, slik at det vert såle. Går det greit, eller er det no go? 10mm armeringsjern vertikalt frå såle og 0,5m opp i vegg.

Tenker 10cm xps300, dampsperra, armeringsnett og 7cm betong. Er det nok? Vert ikkje brukt til bilgarasje.
Signatur
HSt
   #69
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Har du tykkere langs kanten er det OK. Legg inn ekstra armering her
  (trådstarter)
   #70
 2,984     Vestlandet     0
Den er god.
Signatur