26 877    217    29  

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950

 417     Møre og Romsdal     1
Hei!

Oss kjøpte einebolig for kring 2 månadar sidan, og er no godt i gang med å pusse opp denne. I helga som var starta eg på hovedsoverom og rommet som ligg inntil dette, eit lite soverom som har vindu på arka. Dette vinduet var råttent, og det er også planken som ligg rett nedanfor. Då eg igår fjerna listverk og dei tynne mdf-platene som hadde tapet på seg, var det ein del larvar bak der. Gledar meg til å få fjerna vindu og også panelet som ligg på veggen, for å sjå korleis tilstanden er.

I hovedsoverommet var det også tendensar til fukt, inne i det gamle garderobeskapet(som no er fjerna) var det blitt misfarging på tapetet(som ligg mot yttervegg/tak), som vel kan tyde på litt gjennomslag av fukt. Det var også litt kvitt belegg på 8-10 panelplankar under ein vindu, kan virke som dette var sopp. Såg forsåvidt bra ut no, men planen er å fjerne dei skadde plankane, legge nye, for så å avslutte med mdf-plater utanpå.

Ønskar tilbakemeldinger på korleis eg best mulig kan gjere dette for å unngå at det på nytt blir fuktproblem. Er det eit dårlig valg å legge mdf-plater? Kan eg legge mdf-platene rett på panelet, eller bør eg lekte dei ut litt? Kan evt. legge inn nokre bilder seinare Smile
Signatur

   #1
 730     Sandefjord     0
Vanskelig å si hvor fukten kommer fra, men det er vel greit å begynne feilsøkingen på utsiden? Hva skjer når det regner? Kan det komme vann inn i veggen? MDF-platene er vel neppe årsaken til fukt i veggen.

Bilder hjelper.
   #2
 5 035     Tromsø     0
Når jeg leser "ark" og "fukt" i samme innlegg, tenker jeg at det kan være en god ide å sjekke taket først før man bruker for mye tid og penger inne?
Signatur
   #3
 5 189     Østlandet     0
inne i det gamle garderobeskapet(som no er fjerna) var det blitt misfarging på tapetet(som ligg mot yttervegg/tak), som vel kan tyde på litt gjennomslag av fukt.
Det har lett for å bli kondens mot yttervegg i et kaldt garderobeskap når det er kaldt ute og masse fuktighet fra soverommet. Soverom er ofte kalde i seg selv, noe som bidrar i feil retning, hvis du skjønner?

Finner du råte så må det vekk før du går videre. MDF på soverommet er vel ikke det beste hvis ventilasjonen er dårlig og du liker å ha det kaldt. Vanlig trepanel (malt) tåler mer fuktighet.
Signatur
   #4
 642     Trøndelag     0
Jeg har pussa opp et hus fra 1950, "dessverre"med utstrakt bruk av mdf-plater.
Etterpåklokskapen osv, jeg angrer ikke direkte, men hadde nok valgt å male trepanel før montering hvis jeg skulle starta i dag.
Man lærer så lenge, osv.
Er det stående plank i huset ditt?
  (trådstarter)
   #5
 417     Møre og Romsdal     0
Beklager at eg ikkje har svart her inne, med oppussinga har det gått meg hus forbi(bokstavleg talt) at det har vorte svart. Eg har no sidan sist rive ned innerveggar til stenderverket, samt laga døråpning mellom to av romma. Skal få lagt inn nokre bilder som forklarer bedre. Fekk også henta meg nytt vindauge igår(som skal erstatte det som var råttent), så no er planen å rive vekk ned til stenderverket på den veggen, bytte vindauget, bytte evt. skada stendarar, isolere, legge plast, og så få på ny kledning.

Innerveggane var ikkje isolert av noko slag, så her har eg rive ned kledninga på eine sida for å ta dette skikkeleg når eg først var såpass "nært" stenderverket. Her var det standard 2x4" stendarar, så blir å legge 100 cm isolasjon. Stenderavstand var dessverre cc500mm, og dette er bærevegg, så her blir det nok å legge gips/spon. Denne veggen skal uansett ha motivtapet, slik at eg ikkje treng 600mm cc for å setje opp mdf-panel. På ytterveggar tenker eg å rive kledninga(innandørs) for så å legge plast, og setje opp ny kledning. Ytterveggar skal isolerast frå utsida til våren.

Men korleis bør eg gå fram på innerveggar der det er stenderavstand cc500mm, og eg skal ha mdf-panel? Bør eg legge spon først som underlag, eller er det like greit å slå frå seg mdf-panel og legge vanleg panel?

Panelet som stod i huset frå før var forresten "diagonalstilt", altså det stod 45 grader på veggen.

La ved eit bilde eg hadde på mobilen. Tatt frå hovedsoverommet. Døråpninga der har eg laga no, for å lage soverommet meir praktisk mtp å få ungar osv. Planen er å ha garderobe samt barneseng inne på rommet der. Vurderer å rive ned panelet i tak og skråvegg i hovedsoverom, for så å setje opp ny.

(PS: Beklager på forhånd om eg manglar ein del faguttrykk, då dette er første gangen eg prøver meg på slike prosjekt. Er utdanna møbelsnekkar, så uttrykk frå grovsnekring sitt ikkje inne enno Wink )

Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 - 20131130_180518 (Medium).jpg - Tandstad
Signatur
   #6
 5 035     Tromsø     0
Diagonal panel, er den pen eller er det "rupanel" (kan også være høvlet) som er lagt på skrå på bindingsverket for å stive det opp?  I så fall ville jeg latt det stå, og lagt MDF-panelen utenpå. Har du fjernet den, sett opp spon eller OSB-plater som både stiver opp huset og er godt feste for MDF-panel.
Signatur
  (trådstarter)
   #7
 417     Møre og Romsdal     0
Den er forsåvidt pen, men det er vel sikkert rupanel dette, regnar med panelet vart satt opp då boligen vart bygd, altså i 1950. Planen min hittil er å fjerne panelet på eine sida slik at eg får isolert, så legg eg då på osb-plater, og til sist mdf-panel. Fekk sikra meg eit bra reservoar av plater igår til 99,- plata, tenkte også å få handla inn 100mm rockwool idag. Har fått tilbud om å kjøpe billegare isolasjon fra eit firma her i nærheita, men litt usikker på kvaliteten, har ikkje vore og kika på den enda. Tenkte kanskje bruke rockwool i innerveggar for bedre brannsikring, og kanskje bruke den andre isolasjonen på loft og evt. ytterveggar. Prisforlangande der var iallfall 37,- for 100mm, 52,- for 150mm og 70 for 200mm. På OBS bygg var vel prisen 269,- for ein pakke 100mm, som vel er 4,14 m2, altså 64,-.
Signatur

   #8
 5 035     Tromsø     0

Planen min hittil er å fjerne panelet på eine sida slik at eg får isolert, så legg eg då på osb-plater, og til sist mdf-panel.


Bra plan, i alle fall hvis man ikke trenger å bo i huset mens jobben gjøres. OSB gir sannsynloigvis like bra stivhet som skrå rupanel. Et alternativ forrige eier brukte på vårt hus, er å ikke fjerne panelen verken innvendig og utvendig, og bare bore huller i den for blåse inn løs-isolasjon. Deretter dekket de den gamle ytterpanelen med hullene med ny vindsperre, lektet ut for lufting, og la ny utvendig kledning.


Tenkte kanskje bruke rockwool i innerveggar for bedre brannsikring, og kanskje bruke den andre isolasjonen på loft og evt. ytterveggar.


Rockwool vil sikkert være enig, konkurrentene mener forskjellen er marginal. Ja, mineralull av glass smelter ved lavere temperatur enn den av stein, men begge er brannsikre inntil temperaturer som er så høye at huset skal være ganske overtent og dødsdømt for isolasjonen brenner/smelter. Isolasjon av brennbare materialer som trefiber, papir, cellulose, ull og lin er gjerne tilsatt brannhemmende stoffer (lignende bakepulver og pulveret i brannslokkingsapparat) som skal lage gass som kveler flammene ved sterk oppvarming. Det som kan bety noe, er at det som flammene først kommer i kontakt med er mest mulig brannsikkert. Gips. Kan også males i andre farger enn hvitt. Smile
Signatur
  (trådstarter)
   #9
 417     Møre og Romsdal     0
Nja, oss bor allereie i huset, men i andre rom enn dette, og det har oss gjort i to månedar allereie, medan kjøkken og bad har fått ein facelift. Regner med eg berre smell på isolasjon no, legg osb rett på stenderverk, og så mdf-panel utanpå dette igjen, done deal og klart for listing.

Litt verre med dei veggane som er ytterveggar, men her tenker eg å ta av kledninga, legge plast, for så å setje opp osb og mdf. I taket blir det nok til at eg fjernar gammalt panel, og sét opp ny panel av samme type som i det provisoriske rommet oss no brukar til soverom.

Mtp. isolasjonen så er eg åpen for andre løysingar, det er klart at kan ein spare seg noko pengar så kjem ein seg lengre på andre stadar. Men litt skeptisk til om veldig billig isolasjon gjev samme isoleringsevna som meir kjente typar som rockwool og glava. Vil jo gjerne ha det skikkeleg når eg først gjer det.

Tenkte å kikke litt på tilstanden til loftet også i helga, kaste evt. gammal isolasjon, fjerne dei få panelborda som ligg på golvet, og gjere klart for ny isolasjon. Tenker å legge isolasjon i samme tjukkelse som golvbjelkane først, for så å krysslekte og legge meir isolasjon til total tjukkelse 300 mm. Så blir det sikkert noko slags panel oppå der for å kunne lagre ting enkelt der oppe. Ganske mykje loft (estimert ca. 2 meter under taket på midten), så vil gjerne kunne bruke til lagring av sesongbaserte ting.

Takker også for alle innspela eg får, skal belønne desse med bilder når eg får tid Smile
Signatur
  (trådstarter)
   #10
 417     Møre og Romsdal     0
Haha, ja nei eg har vel ikkje akkurat vore flittig å oppdatere her inne :)

Har iallfall blitt fastslått at det kjem ein arving til gårds i august, derfor har eg åpna opp mellom to soverom, og held no på å bytte ut ALL "hårete" 50-talls elkabel og stålrør til nytt opplegg. Laurdag som var vart det lekta ut veggar, slik at det blir 10 cm isolasjon inne, før det muligens blir meir når det vert ny kledning på utsida. Det blir også nye dører og vindu. Har også fått satt opp ein provisorisk heimekino i kjellaren, slik at denne kan brukast. Kjem nok til å bruke ein del tid etterkvart på å setje denne i stand, då lyd & bilde alltid har vore ein stor hobby. Kjekt med bestekompis som er elektrikar/automasjonsingeniør, som kan hjelpe meg å legge opp k-rør med kabel i, for slik å spare ein del. Har allereie fått dette godkjent av elektrikar, så skal bli godt å få vekk denne brannfella av ein kabelsammensurium Smile
Signatur