204    3    2  

Viftekonvektor utan innebygd termostat?

 82     0
Hei, folkens!

Me vurderer vassboren golvvarme for det meste av oppvarminga når me skal totalrenovere huset vårt, men då dette ikkje er aktuelt i kjellaren så vurderer me ein viftekonvektor der nede i staden.

Tanken er òg at me kjem til å gå for eit smarthus-system som mellom anna skal styre varmen. I den samanheng så kunne eg tenkt meg ein "dum" viftekonvektor som ikkje hadde innebygd styring/termostat, men som kunne styrast frå ein ekstern termostat. Når eg søkjer på nettet så klarar eg ikkje å finne nokon slike, alle dei eg finn ser ut til å ha innebygd styring. Er det nokon som har nokon tips her?

Krava er at konvektoren lyt kunne monterast på vegg eller i tak og at han fungerer greitt med relativt låg vasstemperatur inn (eg kunne tenkt meg i området 35°C for å liggje på same nivå som golvvarmen). Kjellaren er på totalt 31 m2 fordelt over to rom (høvesvis 20 m2 og 11 m2) med dør mellom. Romhøgd cirka 190 cm. Det er ikkje snakk om å halde nokon høg temperatur der nede, rundt 15°C er meir enn nok.

Alle forslag vert mottekne med takk! Smile

   #2
 39     Stryn     2
Vil tru at dei fleste viftekonvektoren enkelt vil kunne gjerast dumme ved å koble strømtilførselen forbi elektronikk/termostat. Evt. tulle med termostaten.

Ville ikkje sett så mørkt på det.
  (trådstarter)
   #3
 82     0
Høyrast fornuftig ut. Har tenkt litt på dette her og reknar med at det skal gå greitt å få til. Takk for svar! Smile