(trådstarter)
   #21
 1,387     Tromsø     0
Mange gode innspel her, eydybdal.
Sidan denne hybelen ligg like under datainntaket til huset, er det mulig å trekke nye rør i alle fall eit stykke utover i huset. Akkurat i dag fekk vi trådlaus husalarm, og det er nokre ledige rør her og der etter alarm og fasttelefonen vi hadde ein gong i steinalderen.
Eg får spekulere nå korleis eg kan komme vidare. Dessverre er det 16 mm rør, men det er lite å gjere med.
I alle fall kan eg nå legge 20 mm rør til både utleigedel og vår eigen kjellar. Det er 3 stk 16 mm rør mellom hyblane allereide. Så er er muligheiter.

Sidan ruteren har berre 4 kabeluttak, må eg vel ha ein switch for å få nok kablar ut? Treng jo ikkje planlegge alt det nå, men eg skal i alle fall legge rikeleg med rør og kablar.
Eg synest det er litt flaks med å koble cat-kabel. Så mange ledarar, og alle må plasserast rett. Eg har fått det til med å koble identisk på stikk i kvar ende, men har ikkje kobla i boks.
Elles er eg einig i at det er greit å tenkje på vandalsikring. Vi har bank i bordet vore kjempeheldige med våre leigebuarar. Men det er greit å ha kontroll.

  (trådstarter)
   #22
 1,387     Tromsø     0
Din lille ekle opplevelse i dag:
Det er meget sannsynlig at du har opplevd en liten strømgjennomgang i dag dersom det ble litt kriblinger i kroppen. Min far var utsatt for noe ganske lignende som du forklarer, hvor betongen ble fuktet med vann mens det ble kuttet med stor vinkelkutter med diamantblad. Du kan nok senke skuldene, det er lite sannsynlig at du har pådratt deg noen skader etter opplevelsen. Smile

Godt å høyre. Eg har visst opplevd nøyaktig det same som din far. Sidan opplevinga og situasjonen var så lik, anser eg det svært sannynleg at også han har ein Elu WS53E type A1 2000W med 230 mm diamantblad Smile
ariens: renovere hybel - 1-ANB_1344.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #23
 1,387     Tromsø     0
I dag har eg lagt avretningsmasse på golvet, det var over 2 cm å rette opp. Trur det blei rimeleg bra, men der er nokre søkk som eg må etterfylle. Eg sjekkar med rettholtvater, har ikkje investert i golvlaser.

Elles har eg grubla over korleis eg skal legge opp datakablinga. Trur det blir 5 stk 20 mm k-rør ut frå kråa i stuegolvet (2 til hyblane og 2 til oss). Desse når eg igjen i taket i hybelen og fører dei vidare gjennom reisverket. Frå hybelen lagar eg dessutan eit hol i muren nedover som kan vere nytt og meir diskret hovedinntak for ein eventuell ny datakabel. Det blir like over terreng. Så legg eg rør gjennom det og til stua. Trengs det 20 mm rør for inntakskabelen eller er det nok med 16?
Då blir det eitt rør ut til kvar hybel og 2 til oss, då kan vi gå til forskjellige plasser i huset. og kvart rør skal romme 2 cat-6 kablar. Og altså mulighet for nytt inntak.
Høyrest det fornuftig ut?

Sidan ruteren har 4 kabeluttak må det vel komme ein switch for å koble på alle desse kablane. 
hro
   #24
 1,574     Trondheim     0
Sidan ruteren har 4 kabeluttak må det vel komme ein switch for å koble på alle desse kablane.

Det bør du. Og om jeg får komme med en klar anbefaling: Velg en managed switch og gjerne en med power over ethernet (PoE) - eksempelvis https://www.deal.no/deal/default.asp?page=vare&ProdusentID=GS110TP-100EUS# - Knappe tusenlappen dyrere enn en uten PoE / non managed

Årsak til managed: Du kan skjerme ditt private nettverk mot utleiens. I tillegg veldig greit å kunne sette inn prioritering av trafikk (1. pri: Hjemmeautomasjon / sikkerhet / alarm 2. pri: Hjemmekontoret, 3. pri: Streaming/hjemmenett, 4. pri: Utleie). Slik slipper du at utleien stjeler all tilgjengelig båndbredde for hva nå enn som foregår på en hybel.

Årsak til PoE; stadig mer utstyr som aksesspunkt, kamera, duppeditter støtter PoE og da frigjør du deg fra å ha et strømpunkt rett ved (tusenlappen fort inntjent).
Signatur
hro
   #25
 1,574     Trondheim     0
Elles har eg grubla over korleis eg skal legge opp datakablinga. Trur det blir 5 stk 20 mm k-rør ut frå kråa i stuegolvet (2 til hyblane og 2 til oss). Desse når eg igjen i taket i hybelen og fører dei vidare gjennom reisverket. Frå hybelen lagar eg dessutan eit hol i muren nedover som kan vere nytt og meir diskret hovedinntak for ein eventuell ny datakabel. Det blir like over terreng. Så legg eg rør gjennom det og til stua. Trengs det 20 mm rør for inntakskabelen eller er det nok med 16?
Då blir det eitt rør ut til kvar hybel og 2 til oss, då kan vi gå til forskjellige plasser i huset. og kvart rør skal romme 2 cat-6 kablar. Og altså mulighet for nytt inntak.
Høyrest det fornuftig ut?

Det er nok lite sannsynlig at du trenger mer enn 16 på inntakskabel, men lettvintmåten er jo å kjøpe ferdigtrukket datakabel i 20mm rør. Disse pleier å ha 2x cat og 1 antenne kabel.
Eksempelvis http://elby.no/Korrugert-roer-og-Ferdigtrukket-roer/Ferdigtrukket-roer-med-kabel/Ferdigtrukket-roer-OE-20mm-2xCAT-6-1x-Ant.kab.-100-Pm

Kjøper du en 100 meter rull, har du det du trenger. Det går fort mer enn hva du ser for deg i det du begynner å trekke kabel.
Signatur
  (trådstarter)
   #26
 1,387     Tromsø     0
Takk for tips hro. Her er ein del eg ikkje var klar over, men det verkar veldig fristande med ein managed switch. Det verkar fornuftig å ha kontroll på nettverket, eg har berre ikkje visst korleis det kunne gjerast. Eg må nok lese meg opp på PoE og aksesspunkt, men antar at det blir forståeleg etter kvart. Første gong eg skulle sette opp ein ruter følte eg meg fullstendig desorientert, men eg fekk det nå til etter kvart. Og dei er blitt meir brukarvennlege også.

Ferdigtrukket kabel blei det ikkje, men 50 mm k-rør frå Biltema og ein ferdig kobla cat-6 som eg skal ha til min eigen pc. Eg har lagt opp rør til kvar hybel, til min pc og til sentralt i huset, og løp for eventuelt nytt inntak. Det skal ikkje bli så lange strekk, eg legg heller ein boks underveis så det blir enklare å trekke kabel.

Så er eg nesten ferdig å legge 2 lag gips i himlingen. Godt når det begynner å komme nye ting på plass. Neste er å sette i nye vindu.

Elles er det farleg å begynne å renovere. Eg ser at også hybelbadet kunne trenge ei oppfrisking etter 21 år. Det er nokre løsningar eg skulle ha endra på, og det hadde hatt god verkning på eit så lite rom om ytterveggen kunne flyttast ut 15 cm ved å ta vekk skjellsandsteinen. Men det er på tankestadiet.
  (trådstarter)
   #27
 1,387     Tromsø     0
Der var himlingen ferdig gipsa. Så er det vindu. Håpar dei er inne i løpet av dagen.

  (trådstarter)
   #28
 1,387     Tromsø     0
Då er det blitt ein del forandring.


ariens: renovere hybel - 1-ANB_1375.JPG - ariens

20 mm rør for datanettverket er lagt ut frå stua. Dei skal byggast inn i reisverket.

ariens: renovere hybel - 2-ANB_1377.JPG - ariens

I mangel av gipsheis laga eg 2 stk T til å halde platene oppe. Var avhengig av ekstra hender.

ariens: renovere hybel - 3-ANB_1383.JPG - ariens

Himling ferdig med dobbel gips. Brukte eit "Hole finder set" frå Biltema
http://www.biltema.no/no/Verktoy/Maleverktoy/Magnetverktoy/Hole-finder-sett-2000022072/?artId=16871
som hjelp til å finne boksane gjennom gipsplata. Ved hjelp av kraftige magnetar fann eg boksen presist, veldig lettvint.

ariens: renovere hybel - 4-ANB_1388.JPG - ariens

Så var det tid å fjerne vindua og utvide vindusopningane. Eg hadde fordelen av å ha skore omriss av ny opning på utsida med stor vinkelslipar, (sjølv om eg fekk litt strøm i meg då, nemnt ovanfor).

ariens: renovere hybel - 5-ANB_1391.JPG - ariens

Mulig at alle hus har sine mørke hemmelegheiter, eg fann ein kjetting innstøpt over vinduet, og kan berre fantasere om kva som har gått for seg her. Eg trudde 50-talet var rimeleg konvensjonelt, men den gong ei. Nokon som har gode forslag til oppklaring her?

ariens: renovere hybel - 6-ANB_1394.JPG - ariens

Då er nye sikkerhetsvindu med 3 lags glass komne inn.

ariens: renovere hybel - 7-ANB_1397.JPG - ariens

Når eg får pussa rundt, er det ikkje stor endring på fasaden. Vindua er 20 cm høgare enn dei gamle. Lysopningen med lukka vindu kom opp til ca 174 frå golvet.
  (trådstarter)
   #30
 1,387     Tromsø     0
Takk for det.
Ser bra ut! Du står på!

Takk for det.

Jeg tror, kjedelig som jeg er, at kjettingen var tenkt som ekstra armering. Eller noe slikt.

Det synest nærliggande, men det er meir spennande å tenkje på mørke hemmelegheiter. Forbodne følelsar som blir levd ut i skjul. 
Siste redigering: Tuesday, July 14, 2015 8:53:35 AM av ariens