2,559    1    0  

Råd og tips til baderomsinnreiing med kran montert på vegg

 1,943     0
Vurderer å få kranar på badet montert på vegg. Trudde først at slikt var komplisert og risky, men rørleggar er med på tanken Smile

Men om vi går for dette forstå eg at IKEA sine Godmorgon skap må utgå, for vaskane her har vel alle hol til armatur? Er det nokon som har bad med ei slik løysing og har produktanbefalingar? Eg kan sjølvsat høyre med rørleggar kva han har lyst til å selge oss, men kunne tenke meg å orientere meg på nett først. Slit veldig med å finne vaskar utan hol til kran. Å finne kranar som går ut av vegg er ingen problem - siklar på  Vola sin klassiker  Tongue

  (trådstarter)
   #1
 1,943     0
Kan oppdatere denne med at vi har kjøpt vaskar og møbel frå Kvik. Dei har veldig flotte heiltsøypte vaskar der ein kan velge om det skal vere hol til kran eller ei. Den med standardmål 120 cm er på kampanje nå.