1,669    2    0  

Korleis få utnytta loftet. Vil gjerne ha det som P-rom.

 1     Bergen     0

Kjøpte sommaren 2009 ein leilighet på 54 kvm. Eg har 2 etasje og loft i ei horisontaldelt tomannsbolig. I denne leiligheta er det eit loft på 14 kvm som ikkje er P-rom på grunn av at det ikkje er tilfredstillande rømningsvei.

Det er 12 meter frå loftsvindu og ned til bakkenivå. Har trapp frå gang og opp til loft, men då med takhøgde på 1,60 m på det lavaste.

Eg ynskjer då sjølvsagt å få utnytta det arealet på loftet og få dette som P-rom til den dagen eg skal selge.

Snakka med eit firma som driver med brannprosjektering, og dei informerte om at på grunn av takkonstruksjon  (taket stikker ca 80 cm ut frå vegg) ville ikkje brannstige vere aktuelt pga at verken dei eller kommune ville gå gode for "apekattløsninger" som han kalte det.

Han gav meg då to alternativ for å få loftet som P-rom:

1. Sprinkle leiligheta dersom den var eiga branncelle, det er den ikkje, så då må heile huset sprinklast. Ved sprinkling kunne loft brukast til soverom. (Dette alternativet blir for dyrt.)

2. Lage trapp frå stue og opp på loftet og benytte loftet som loftstue.

Det er det siste alternativet som eg ser for meg som det aktuelle, med event. fjerne trapp i gang og bygge vindeltrapp i stue som tar liten plass.

Er dette noko som kan la seg gjennomføre? Og kva er reglane for dette, må eg søke kommune om bruksendring?

Mvh

Håvard






   #2
 24,668     Akershus     0
Dere skulle sett apekattstigen for rømming av Magnus den Godesgt 2 i Trondhjem! 4 etasjes hybelbygg for studenter.

Har du/dere sjekket Parat redningsline? Det er et moderne branntau som kan brukes fra 40m om du vil. Du kan få  ned en bevistløs bestemor om du klarer å å vedkommende over vinduskarmen OG, du kan ikke falle ned, bare skli kontrollert ned. (Ikke selger!)

Så langt jeg kan se så bør Parat kunne være en løsning for mange, men sørg for god innfesting!


Signatur