1,097    0    0  

Leie vekk vatn frå nedløpsrør

 17     0
Har kjøpt eit hus der alt takvatnet går rett i grunnen tett inn til fundamentet. Alt er over terreng, med betongplatting rundt - plattingen er omtrent jamn med topp av betongsålen. Det er teke hol til nedløpsøra i plattingen, og det er fleire slukar rundt om - men ingen rør som leier vatnet vekk. Ser ikkje noko som tyder på skade, men det er jo openbart ei dårleg løysing. (uansett kor godt forrige eigar meinar at grunnen drenerer;)

Plattingen har godt fall vekk frå huset heile vegen rundt, og på sikt kjem eg til å legge rør og få det inn på eksisterande grøft, men eg skulle gjerne hatt ei midlertidig løysing. På framsida av huset er det nok å montere utkast, så vil vatnet renne "rette vegen" sjølv, men på baksida må eg på med ein slange. Det vert langt, om lag 25-30 meter, så eg er litt i tvil om korleis eg skal gjere det. Ein 3" slange som går rett på stuprøret vert dyrt og kronglete. Skal eg bruke mindre dimensjon må eg lage ein slags overgong. Eit anna alternativ er flat slange:
http://www.industrinett.no/wsp/tess/frontend.cgi?template=node&nodeid=180
http://www.hoseshop.co.nz/product-details.php?loc=hs&prodid=74

Er usikker på om det vil fungere når den vert så lang? Overgong og 1" eller 1,5" slange er kanskje betre?

Takknemleg for tips!

EDIT: Heiv meg rundt og dreia overgongar i plast, slik at eg kan kople 1" slange til nedløpsrøra. Verdt eit forsøk. Er 2 stk. 68mm rør på om lag 80 kvm. tak, så det skulle vel vere eit håp om at det held? Nokon som driv og samlar opp og har erfaring med mengde?
Siste redigering: Wednesday, August 24, 2011 9:07:27 PM av dkvals