2,463    2    0  

Planlegging av VBV-system med vedkjel i garasje

 268     Ja     0
I mitt kommande hus skal eg legge rør i alle golv. Tanken er å la ein elkassett stå for oppvarming. I og med at dette blir eit nybygg vil eg vente i alle fal over første vinteren før eg evt innvesterar i ytterligare oppvarmingskilder. Dette for å sjå det reelle energibehovet til oppvarming.

Eg er litt motstandar av "varmepumpehysteriet", og kjem ikkje til å gå til annskaffelse av luft-vatn eller vatn-vatn varmepumpe. Det er derimot vil vurdere er ein vedfyrt kjel med akkumulatortank på 3-4000 liter. Norge gror over av billig/gratis energi, og eg synest det er dumskap å ikkje nytte seg av denne. Men om ein slik kjel og akkumulatortank vert innkjøpt må den plasserast i ein garasje eg har tenkt å sette opp på tomten. Dette først og fremst av logistikkmessige årsaker. Har eg fyrrom i garsjen kan eg kjøre heile pallar med ved rett inn i fyrommet. Skal ein ha ei slik oppvarmingsløysing trur eg det er viktig at det ikkje blir for mykje styr og arbeid med å fyre i kjelen.

Men korleis skal ein so konstruere eit slikt system som vert oppvarma med elkassett (eller dobbeltmantla bereder?) og som enkelt kan utbyggast med tilkopling til vedkjel i garasjen?

Og korleis vert det å ha kjelen i garasjen? Her kan eg risikere at det vert opp mot 20-25 meter frå akkumulatortank til fordelingsentral inne i huset. Vil dette fungere greit? Dette vil jo og bli tilfelle om ein har tappevannspiral som skal gå til forvarming av varmtvannsbereder.

Og sist men ikkje minst, kva løysing skal ein velge for å unngå at vannledningar frå akkumulatortank frys når ein reiser ei veke på ferie midt på vinteren hvis elkassetten inne i huset skal stå for oppvarming når kjelen ikkje produserar varme. Bør ein kanskje vurdere å montere elkassetten i garasjen? Eg ser ikkje noko logikk i å la ein elkolbe varme opp heile akkumulatortanken på 4000 liter når kjelen ikkje varmar.

Tips og meiningar er hjarteleg velkomne Smile

   #1
 282     0
Kanskje like greitt å montere både vedkjele, VV-bereder, el-kolbe etc. etc. ute i garasjen og så trekke tur/retur vann rør inn til huset?

Skal du ha vannbåren varme i huset - kan det være greitt å ha en fordeler inne i huset til de ulike kretsene + styring til denne.


Så kan du jo ha en ventil du kan lukke så varmtvannet bare sirkulerer i tur/retur rørene når du ikke er hjemme? - da vil el-kolben bare sørge for frostfri tur/retur rør.
   #2
 5,725     0
Eg bygde anlegget mitt i gamelhuset for vedfyr kjel i garasjen og el kassett i huset.
Har ikkje montert vedkjele, sette heller inn ei l/v vp. til 25000,- da det var betre økonomi i.
Har kun ein manuell vendeventil (som kan motorstyrast)  som vekslar mellom kun el. kassett eller ekstern varmekjelde og el. kassett i serie mao. vil det gå returvatn eksternt så lenge veksleventilen er åpen og da kan ikkje eksterne røyr fryse.
Men det er betre å isolera røyra godt og ha ein liten varmevn ståande i garasjen slik at rommet ikkje frys om du reiser vekk, og ikkje sirkulera om garasjen.