1,941    2    0  

For første gong i Norge er ein hytteeigar dømt til å rive hytta si

 5,725     0
Grunn til å søkja før ein set i gang noko bygging, og denne saka er ei av mange på Vestlandet som kjem opp no.

Mannen som sto tiltalt etter plan- og bygningslova, nekta straffeskuld for at han ulovleg har bygt og brukt ei hytte og eit kaianlegg på eigedommen sin på Teistholmen i Fitjar.

Men han blei dømt 30. oktober i fjor. Mannen anka dommen på grunn av at han meinte Fitjar kommune si sakshandsaming var feil.

No er anken trekt. Dermed er dommen rettskraftig.

Det har aldri tidlegare blitt gitt dom for eit borgarleg rettskrav om riving i ei straffesak etter plan- og bygningslova.

Eit borgarleg rettskrav er eit sivilrettsleg krav teke opp i ei straffesak. I denne saka tyder det at domstolen har teke stilling til om den ulovleg oppførte bygningen skal rivast eller ikkje.

- Sjølv om han hadde vunne fram, ville han berre vore attende på nullpunktet. Då kunne Fitjar likevel ha kravd at han skulle rive. Derfor ville han ikkje bruke tid og ressursar på ein anke, seier forsvarar Frode Skogvold.

Byggjetiltak i Fitjar-øyane blir vurdert ekstra strengt fordi det er både strandsone, LNF-område (landbruk, natur, fritid) og er tillagt særskilde, nasjonale verdiar.



Heile saka her:
http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Maa-rive-ned-hytta-1148619.html

   #1
 21,481     Enebolig     0
For meg ser det ut som et slags skur. Spørs hva som hadde skjedd med en fin hytte. Her på sørlandet har jeg hørt om tilfeller der ganske flotte skur og lyshus må rives.