#11
 6,701     Akershus     0
Da lar vi det stå - liker innstillingen. Skulle nesten tro du var historiker Smile

  (trådstarter)
   #12
 1,387     Tromsø     3
Takk takk. Eg tenkte lesarane kunne få noko å flire av. Og ja, eg likar historie.
Siste redigering: Monday, August 22, 2016 9:13:28 PM av ariens
  (trådstarter)
   #13
 1,387     Tromsø     2
I dag har eg skrudd takplater og heile taket er dekka. Vel halve taket blei dekka med gamle plater, så kjøpte eg 4 nye, og bestilte ny mønekam sidan vinkelen er så spiss at det er vanskeleg å tilpasse ein gammal.
ariens: mininaust -  - ariens
1. Restar frå nytt tak på hytta. Frå 2007
ariens: mininaust -  - ariens
2. Restar av godt gammalt bølgeblekk som eg fekk på ein låve for +/- 30 år sidan. Kanskje spanderer eg owatrol og bengalac på det.
Eg snudde platene ut inn, på gamle innsida var det mindre rust, og dermed kom dei gamle spikerhola i bølgebotn så eg kunne skru desse platene også.
ariens: mininaust -  - ariens
3. Plate som har vore over kjøkkenet heime. Skifta 2004.
4. Nye plater kjøpte i dag.
ariens: mininaust -  - ariens
Det gjenstår litt skruing og mønekam. Biprodukt er at eg har fått vekk nesten alle gamle plater som låg bak uthuset, så der er nesten ryddig nå. Eg fekk faktisk bruk for dei ein vakker dag Smile
Eg hadde også nokre restar av panneblekk, som var på hytta før, det fekk eg ikkje brukt. Kanskje på eit anna prosjekt? Best å ikkje kaste det Wink
Nå ventar ei økt i vedskogen, men det er ei anna historie.



  (trådstarter)
   #14
 1,387     Tromsø     0
I dag skrudde eg resten av takplateskruane og monterte mønekammen.
ariens: mininaust -  - ariensariens: mininaust -  - ariens
I morgon skal vi ta båten inn og sjekke at eg har bygt stort nok, så får vinteren vise om det står seg mot vind og snø.
Får sjå om eg lagar penare avslutningar på endane. Men foreløpig blir det som det er.
  (trådstarter)
   #15
 1,387     Tromsø     0
Idag var son min med og vi tok båten inn. Båten får plass inne både med kjølen opp og ned. Men vi fann ut at vi skal lukke bygget i endane, så slepp vi legge båten opp ned om vinteren. Fast vegg bak og noko som kan opnast i front. Eg har tilpassa meir villmarkspanel til det, så skal eg montere og beise det seinare.
  (trådstarter)
   #16
 1,387     Tromsø     0
Yess, då er bygget lukka og veggene beisa. Baksida blei spikra. I fronten har eg festa bordkledninga for vinteren med skrudde lister. Sommarstid kan fronten vere open. Fann ikkje betre system i denne omgang. Nå kan båten sove trygt til våren.ariens: mininaust -  - ariens
Mot vatnet
ariens: mininaust -  - ariens
Baksida mot skogen
ariens: mininaust -  - ariens
Skogen talar sitt tydelege språk

  (trådstarter)
   #18
 1,387     Tromsø     0
Takk for det cheffen. God følelse å ha fått båten under tak for vinteren. Nå slepp eg å køyre bil og hengar for å frakte båten til og frå vatnet vår og haust. Naustet ligg i skogen like ved vatnet så det er fort gjort å ta båten ut og inn.
   #19
 2,984     Vestlandet     1
Alltid moro med ny tråd frå ariens.
Signatur