663    8    0  

Prosjekt ny garasje

 7     0
Den gamle dobbelgarasja mi var både lita og dårleg. Dårleg grunnarbeid hadde ført til alvorlege setningsskadar og den bar elles preg av årevis med manglande vedlikehald.

Huset er eit typisk 70-tals husbankhus med enkel integrert garasje under altan i enden av huset. Med tilkomstveg parallelt med huset og tildels skrått terreng var den integrerte garasja ikkje særleg eigna til å parkere bil i. Tidlegare eigar hadde difor bygd ei dobbelgarasje på tvers framfor den integrerte slik at tilkomsten leda rett til garasjeportane.

Det er denne dobbelgarasja som skal rivast og erstattast med ei ny, større på same stad.

  (trådstarter)
   #2
 7     0
Omlegging av vatn og kloakk.

Eksiterande rør låg nær den gamle garasja i dårlege masser som måtte byttast ut før ny garasje kunne byggast, og dei hadde også hamna under den nye og måtte difor flyttast.

Prosjekt ny garasje  - DSC_0599.JPG - JHJonsson

Under graving dukka det opp eit nedgravd bilvrak. Sjølv om eg er Opel-entusiast måtte eg dessverre innsjå at det ikkje var bøtevon.
Prosjekt ny garasje  - DSC_0604.JPG - JHJonsson

Vassinntaket var eit koparrør under golvet i den integrerte garasja i huset. Dette var utsett for frost. Golvet vart slissa opp og røret vart bytta til plast. I tillegg vart det lagt ned trekkerør for el-installasjon. Fekk mykje god hjelp til å køyre vekk masser på ein gul Volvo F7.
Prosjekt ny garasje  - DSC_0619.JPG - JHJonsson

Prosjekt ny garasje  - DSC_0633.JPG - JHJonsson

Ferdig omlagde rør. Isolert brønn ved husveggen for tilkomst til hovudstoppekran og stakeluke i kloakk.
Prosjekt ny garasje  - DSC_0679.JPG - JHJonsson
   #3
 627     Tromsø     0
Godt jobbet! Hva brukte du til å slisse garasjegulvet med?
  (trådstarter)
   #4
 7     0
Godt jobbet! Hva brukte du til å slisse garasjegulvet med?

Kutta så djupt som mulig med diamantskive på stor vinkelslipar (280mm?) for å få rette kantar, og meisla resten med Biltema sin SDS+ borhammar. Golvet var ikkje armert.
  (trådstarter)
   #5
 7     0
Ein må kjenne sine begrensingar når det gjeld egeninnsats og innsjå at enkelte ting må overlatast til karane med skikkeleg store leikety. Fjerning av det gamle garasjegolvet og dei ubruklege massene som var under heilt ned til fast fjell, oppfylling av sprengstein, komprimering, avretta topplag av pukk og meir komprimering. Fekk totalt tilkøyrt 170 kbm sprengstein og pukk i tillegg til rundt 50 kbm fjell som vart pigga ut i forbindelse med eit "bi-prosjekt" ved andre enden av huset.

Prosjekt ny garasje  - DSC_0894.JPG - JHJonsson

Prosjekt ny garasje  -  - JHJonsson

Bi-prosjektet:
Snuplassen ved enden av huset var litt trang, og når eg først hadde stor gravemaskin på tunet var det greit å få pigga vekk ein del fjell som var veldig nær husveggen og samtidig få brukt massene under den nye garasja. Her skal det seinare kome støttemurar og ei trapp opp til kjøkeninngangen på baksida av huset.

Prosjekt ny garasje  -  - JHJonsson

Prosjekt ny garasje  -  - JHJonsson
  (trådstarter)
   #6
 7     0
Grov ei lita grøft der grunnmuren skal stå. La ut ei pute av grus og finretta med slangevater. Komprimerte godt med 150 kg platevibrator. Fordi tjukkelsen på gruslaget var litt forskjellig så komprimerte det ulikt. La på eit tynt lag til, avretta ved hjelp av slangevater og komprimerte ein gang til. Resultatet var innanfor 5mm. Sette ned hjørneblokkene og målte lengder, bredder og diagonalar fleire gangar for å få det mest mulig korrekt. Strekte så opp snor mellom hjørneblokkene for å sette resten av blokkene mellom. Brukte ei støpeskei for å finjustere grusen etterkvart som eg sette ned blokkene.

Slangevater er forresten eit skikkelig rimeleg alternativ til laser.

Prosjekt ny garasje  -  - JHJonsson

Prosjekt ny garasje  -  - JHJonsson

Bi-prosjektet:
Støyping av fundament.
Prosjekt ny garasje  -  - JHJonsson

Drensrør bak muren. Sette opp eit vertikalt i hjørnet for lettare kome til å spyle opp. Skal bli singel over rør og tilbakefylling mellom mur og fjell blir pukk.
Prosjekt ny garasje  -  - JHJonsson

Delar av muren skal gå over to nivå for at den ikkje skal verte så veldig høg. Her er forskaling av fundament for andre nivå.
Prosjekt ny garasje  -  - JHJonsson

Begynt å stable stein for nivå to. Massene som er fylt bak muren er det som vart fjerna for å sette grunnmuren til garasjen.
Prosjekt ny garasje  -  - JHJonsson
Prosjekt ny garasje  -  - JHJonsson
HSt
   #7
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Ser ut som slangevater har gått bra for TS men jeg har sluttet å bruke det etter et mislykket takrenneprosjekt, det avhenger veldig av type slange, lenge osv om dette går bra eller ikke. Laseren er å foretrekke, på hytta brukte jeg den på kvelden for å kunnebruke rundtlaseren ute

  (trådstarter)
   #8
 7     0
Ser ut som slangevater har gått bra for TS men jeg har sluttet å bruke det etter et mislykket takrenneprosjekt, det avhenger veldig av type slange, lenge osv om dette går bra eller ikke. Laseren er å foretrekke, på hytta brukte jeg den på kvelden for å kunnebruke rundtlaseren ute

Brukte ein billig frå eBay med 10m slange. Heilt i grenseland sidan ein må vere tolmodig å vente til det stabiliserar seg. Kan også verte grundig lurt om det er knekk på slangen. Oppdaga også at det kan løne seg å gå tilbake til eit referansepunkt for å kalibrere av og til. Kunne virke som temperatur påvirka den litt, enten utvidelse av vatn eller slangen, eller fordamping av sjølve vatnet.