#11
 47     Sunnmøre     0
Eg har sett opp to høgder med Vartdal element.

Radonduken stikk foreløpig opp mellom innerkant mur og ytterkant golvisolasjon. Når plata er støpt, skal eg lage meg ei "slisse" utover mot betongen og legge den der. Radonsperre og thermomur har eg eigentleg ikkje funne ei fullgod løysing på. Veit det er nokre som legg radonsperre over såleblokk, og skøyter denne med sperra som vert lagt på golvet. Eg er litt skeptisk til denne løysinga, ein lagar på ein måte ei opa rute for vatnet å trenge inn, og ein risikerar at liminga "slitnar" når ein fyller på med betong og radonsperra strekk seg litt.

Eg bygg i eit område som ikkje har Radon, nabohuset har målt, og der var tilnærma lik null. Men eg har lagt opplegg for å montere vifte i grunnen for å ta ut gassen dersom konsentrasjonen vert for høg.

Det er litt arbeid å rette singel før ein legg isolasjon, men har ein laser, vibratorplate og litt tålmod er det mi erfaring at det går heilt fint å gjere sjølv.