2,000    0    0  

Støype plate/ringmur til garasje

 41     Møre     0
Eg har som smått begynt å planlegge å bygge garasje, og vil prøve å få gjortmest mulig på eigen hand. Er heilt grønn på grunnarbeid/støyping, så lurer rett og slett på fremgangsmåte for å støype plate og ringmur. Området garasja skal oppførast på er oppfylt med stein/pukk, med grus på toppen, så her vil det vel ikkje vere nødvendig med noko meir forarbeid før støyping?
Har gjort meg opp ei meining om korleis gå fram, hadde vore fint om nokon med peiling kunne kome med innspel:
- Ser for meg at det vil vere enklast å støype plata først for så å sette opp ringmur med forskalingsblokker.
- Sette opp forskaling av bord med den tjukkelse eg vil ha på plata. 15-20 cm?
- Fylle opp med singel slik at betong blir ca 10 cm tjukk, men la det være 30-40 cm inn fra ytterkant som får full tjukkelse for ekstra styrke der plata bærer konstruksjonen.
- Armeringsnett
- Må vel ha fall for å lede bort vann, kan tenke meg å ha ein sluk, vil det vere lurest å ha den i et hjørne eller midt i garasja? Korleis går ein fram for å få fall mot midten av gulvet?
- Når plata er ferdigstøpt, sette opp ei høgde (20 cm) med forskalingsblokker med armering til ringmur.

Er sikkert heilt på bærtur, tek i mot innspel med stor takk Smile