126    2    0  

Kjellargolv med vassboren varme

 39     Stryn     0
Eg har kjøpt eit stort prosjekt. Eit Trehus frå 1956 med kjellar delvis under bakkenivå. Golv og veggar i betong. Veggane er tjukke, med eit porøst luftig lag, golvet er tjukt betonggolv utan spor av isolasjon. Takhøgde ca 2.1m

Det store spørsmålet, eg har lese veldig mykje utan å finne gode svar. Kjellargolva skal og ha vassboren varme, det er berre eit rom som skal vere opphaldsrom (kjellarstove) ellers er det lagringsplass, gang og vaskerom. Desse romma treng ikkje veldig høg temperatur, men vil ha litt lunk i golv slik at ein slepp å gå med innesko.

Planen er som følger, nedanfrå og opp:
50mm XPS
50mm EPS med spor
Varmefordelingsplater
Golvspon (tjukkelse-minst mulig)(gips et alternativ?)
Vinylbelegg

Tanken er å legge golvet flytande, sponplatene limt innbyrdes og lime belegget. Synspunkt?
Kvar skal evt. plast/diffusjonssperra ligge?

Eg syns denne framgangsmåten gjev bra isolasjonstjukkelse, eit teneleg golv og flott finish til ein rimeleg penge utan å grise med avrettingsmasse osv..

Huset har balansert ventilasjonsanlegg med varmegjennvinning. Skal og koble kjellaren til (berre hovudetage og loft som er tilknytt ventilasjon i dag). Har og luftavfuktar i kjellaren for å holde kontroll på RH og gje gode tørkemuligheter for våte klede osv. Tørking av klesvask er hovedsakleg med tørketrommel.

jaf
   #1
 6,305     tromsø     0
Kanskje 10 cm isopor om det er plass. Plast under det øverste laget isopor. Ikke tett belegg (vinyl). Da blir det plast under spon og over spon. Kommer det fukt inn til spon, vil den lett mygle opp. Egentlig er 10 cm styrofoam like tett som plast (damp motstand) (lukkede celler) . Så plast er litt smør på flesk. Det er greit med litt tykt isopor gulv, siden det er greit med 10-15 cm mellom grunn (fuktig) og innvendig gulv.(tørt)
  (trådstarter)
   #2
 39     Stryn     0
Det blir oppbygging slik eg hadde tenkt, med plast under sponplatene. Det blir desverre ikkje rom for meir enn 10cm isolasjon totalt, og akkurat der varmerøra blir liggande blir det 8cm. Det blir på ein måte eit budsjettbygg, vi skulle egentlig ha luft/luft varmepumpe men glad vi gjekk vekk frå det.

Har prøvd meg litt fram, og ein vifteovn på 2000w greier å holde fin varme i ca halve kjellaren utan noko problem sjølv ned i 10-15minusgrader og vind. Det er utan noko isolasjon anna enn det som er frå 50-talet. Så med isolasjon i golv og veggar så skulle dette bli heilt greit til vår bruk.

Eg har kjøpt (den står fortsatt i garasjen) ei kraftig luft/vatn varmepumpe som skal stå for varmen, så om det er litt mindre isolasjon enn det som er optimalt så blir oppvarmingskostnaden uansett fornuftig.