20    0    0  

Rehabiletere golv i 60-tals hus og lydisolere

 4     0
Hei! Skal skifte gulv og isolasjon i 2. etasje i hus frå 1964. På grunn av mus. 

Utfordringa er som alltid med rehabilitering at høgda ligg ganske fast. Dagens golv er ca 2 cm furugolv, truleg festa rett i bjelkelag. Som følgje av skråtak og dører er det vanskeleg å auke høgda noko særleg uten å få nye prosjekt med flytting av dører. 

Pris på einstavsparkett er vidare såpass høg at furugolv er like greit økonomisk sett.

- Eg tenkjer at parkett ikkje er aktuelt då ein må ha sponplate under, og denne er vel 22mm åleine pluss parkett så det bygger for mykje høgde.

- Det er ser for meg som passande er heiltre furugolv. Vil då og ta ut all eksisterande isolasjon og fylle att med hunton trefiberisolasjonsplater. Er det noko ein bør tenkje på her for å oppnå best mogleg lydisolering? Bør eg bruka anna isolasjon, lime gipsplater mellom bjelker og legge isolasjon oppå, eller anna.

Takkar for gode råd Smile