(trådstarter)
   #11
 1,387     Tromsø     0
Det er så uendeleg mange slags skruar, så eg ser det som uoverkommeleg å lage eit skikkeleg system for min del. Må nok overlate ein del til tilfeldigheiter. Nå kjøper eg nye skruar i boksar slik at eg har ei viss oversikt over dei. Men der originalemballasjen er borte, blir det litt jungel. Og eg har kasta mange brukte skruar nå. Situasjonen er litt annleis enn for ca 25 år sidan då eg flytte inn i eit eldre hus med behov for totalrenovering. Eg tok vare på panel og festemidlar som var godt brukbare, og fekk brukt ein god del etter kvart. Nå er behovet, programmet og ikkje minst økonomien nokså forskjellig. Så terskelen for å kaste og kjøpe nytt er lågare.
På den andre sida, kjekt å bruke materialrestar, men dei tek plass når dei skal lagrast.

   #12
 1,454     Oslo     1
Kjekt å ha-mentaliteten kan være litt slitsom noen ganger - skriver cheffen ovenfor.
Fullstendig enig i dette!!
Men gamle maskinskruer i diverse tommedimensjoner trenger man en gang i blant til gamle lamper, jernovner og div. gamle småmaskiner/maskinhøvler. Alt av metriske maskinskruer bør man også ta vare på. Nylig lette jeg iherdig - og fant til slutt to små maskinskruer som passet til å feste et nytt plastlokk over en innfelt elkoplingsboks på et kjøkken fra 1975.
De aller fleste av alle treskruene etter min far har jeg kastet.  
Signatur
  (trådstarter)
   #13
 1,387     Tromsø     3
Eg kastar i alle fall alle skruar med rett spor, altså for flatt skrujern.
  (trådstarter)
   #14
 1,387     Tromsø     0
Eg må ta meg sjølv i nakken for å fortsette, belønninga er betre oversikt og ryddigare rom. Men prosessen er ikkje alltid så spennande.
Eg fann ut at det var plass til nokre fleire hyller, og det må utnyttast når plassen er begrensa.
Alt laga av restematerialar frå garasjen, det er mykje "kjektåha" der også Smile
Først to mindre hyller ved døra.
ariens: rydde verktybua - 2-DSC_3391.JPG - ariens
Ledig plass th for døra

ariens: rydde verktybua - 1-DSC_3392.JPG - ariens
Her er dei på plass

ariens: rydde verktybua -  - ariens
Ledig plass framfor vinduet

ariens: rydde verktybua -  - ariens
2 nye hyller, oppe for maling, nede for skruar og spiker.

ariens: rydde verktybua -  - ariens
Hyllene blir fort fulle, men eg har fått rydda golvet og høvelbenken.
Skruar, spiker og pluggar blir samla i dette området. Det hjelper godt med det som er gjort hittil, men eg kan godt bruke nokre timar til. Nå er det betre plass og det er lettare å arbeide.
   #15
 62     1
Kjenner OCD'en kommer til meg.... Du kan glatt få plass til alle de skrue/spikerboksene der i en hylle, muligens to øverste hyllene til høyre for vinduet..Grin
  (trådstarter)
   #16
 1,387     Tromsø     1
Hehe, nå lærte eg eit nytt ord. Min tvangslidelse har forverra seg kraftig i det siste. Dei første bilda i tråden viser at eg har halde han i sjakk i mange år Grin.

Men fortsatt har eg mange lause skruar, og eg tvilar på om eg kan presse alle inn i same hylla. I tilfelle blir det ei tvangshandling.
  (trådstarter)
   #17
 1,387     Tromsø     0
For alle praktiske formål er eg ferdig å rydde. Eg har kasta og sortert, og spesielt var skruane tidkrevande. Nå har eg også sjanse til å finne igjen det som dett på golvet, før var det nokså usikkert.

ariens: rydde verktybua -  - ariens
Betre plass i hyllene
ariens: rydde verktybua -  - ariens
Fortsatt fullt, men nå veit eg meir kva eg har.
ariens: rydde verktybua -  - ariens

ariens: rydde verktybua -  - ariens
Penslar blei hengde på veggen, meir oversiktleg
ariens: rydde verktybua -  - ariens
Diverse handverkty, filer, stemjern, tenger, skiftenøklar, skrujern og unbrakonøklar
ariens: rydde verktybua -  - ariens
Skruar og spiker i esker på hyllene, forsøksvis plassert etter størrelse. Høvelbenk og arbeidsbord er nesten rydda
ariens: rydde verktybua -  - ariens
Halvgamle treskruar hengt på veggen. Sparer plass og gir oversikt. 
ariens: rydde verktybua -  - ariens
Nå skal det vere mulig å finne skruar og murpluggar
ariens: rydde verktybua -  - ariens
Eg brukar opningen under trappa, men skal eg ta store ting ut eller inn, må eg bruke døra inn til gangen i utleigedelen. Det skjer ikkje ofte, men muligheita er der.