3,948    0    0  

Fujitsu (ASYA12LGC) / Fuji (RSA12LGC) - er det forskjell?

 5     0
Vi bur i Bergen i eit 85 år gamalt uisolert rekkehus. Vi skal etterisolere når vi byggjer ut og skifter kledning. Før den tid tenkte vi vi måtte til med noko anna oppvarming. Så vi endte opp med eit tilbod dei hadde på COOP OBS BYGG. Der selde dei oss ei Fujitsu Nordic 12 (ASYA12LGC/AOYR12LG) for 13-14 000 inklusiv montering. På monteringsdagen var det mykje styr så då vi såg nærare på varmepumpa var det montert opp ei FUJI INVERTER (RSA12LGC/ROR12LGC). :?
Eg søkte litt rund på netten men fann lite om FUJI varmepumper, utanom at Fujitsu vert levert under forskjellege merkenamn som Fujitsu, General, Hiyasu eller Fuji.

Eg lurer på:
Kva er forskjellen på den vi fekk og den vi bestillte/kjøpte?
Er dei make? Produsert i anna land? Billig versjon? Betre?

Kan de elles fortelje meg litt om om dette merket i varmepumpeindustrien elles?

Den virkar både stillegåande og grei for forholda her i Bergen. Eller?