(trådstarter)
   #21
 1,387     Tromsø     0
Dørene blei grunna og malt der malinga var borte. Bilde er tatt før malinga var tørka, og etterpå var det ingen fargeforskjell. Avstivarane blei sett i spenn for å få dei rette igjen. Hjelpte berre delvis, måtte høvle dei litt også.
Nå er dørene montert i skapet igjen utan avstivarar, så kan dei krympe igjen. Dei blei like plane som då dei var nye. Avstivarane får også akklimatisere seg før eg skrur dei på, men det hastar ikkje. Eg har laga avlange hol slik at treet kan bevege seg litt.

Dermed er skapet reparert og i full funksjon igjen. Med dørene på plass kjem ikkje småtassane seg inn til arveserviset i underskapet.

Erfaringa og inntrykket så langt er at skapet passar veldig godt til huset og interiøret det står i. Takka vere byggherrane som har bestemt både design og farge på skapet.

PS.
Under arbeidet med skapet sakna eg dykksag. Det blei ikkje heilt bra med bordsag og kapp- og gjærsag, som eg har nemnt tidlegare. Etter at skapet var ferdig, har eg kjøpt Bosch dykksag http://www.verktøy.no/dykksag med 160 cm skinne og L-boxx frå Verktøy.no. Hittil er ho veldig pent brukt, men ho vil vere veldig fin til arbeid med store flater.
ariens: Hjemmelaget framskap - ANB_1338.JPG - ariens
ariens: Hjemmelaget framskap - ANB_1345.JPG - ariens
ariens: Hjemmelaget framskap - ANB_1346.JPG - ariens
ariens: Hjemmelaget framskap - ANB_1349.JPG - ariens
ariens: Hjemmelaget framskap - ANB_1353.JPG - ariens

   #22
 324     Karmøy     0
Sjekk her hvordan Du lager gradspor, istedet for å lime noe på tvers av limtreplatene dine. Det er nesten dømt til å gå gale.
  (trådstarter)
   #23
 1,387     Tromsø     0

Sjekk her hvordan Du lager gradspor, istedet for å lime noe på tvers av limtreplatene dine. Det er nesten dømt til å gå gale.


Kan du forklare nærmare kvar eg kan sjekke?

Eg er einig i at det ikkje var så lurt å lime noko på tvers av dørene. Og har skrive om det for at ikkje andre skal gjere same tabbe.
  (trådstarter)
   #25
 1,387     Tromsø     0
Ja dette er ein sikrare metode. I dag er det vel sjeldan at nokon lærer handlaget så godt at dei kan gjere dette med handverkty. Med freseutstyr blir det ei anna sak.

Eg kjem nok til å bruke skruar på dørene, og dei får glidespor slik at treet kan bevege seg. Dørene er vel sterke nok utan avstiving, men eg set det på for sikkerheits skuld, etter at alt har fått akklimatisert seg.

Antakeleg er det også  spenn i sideplatene, men der er hyller som held alt på plass.

I alle fall er dette ei nyttig erfaring å ta med seg vidare, å ta høgde for at treet vil krympe/svelle avhengig av luftfuktigheit. Og konstruere slik at dette får gå sin gang. Tydelegvis er det store krefter i sving her.

   #26
 324     Karmøy     0
Det ble kalt det ærlige håndtverket.
Ikke mye rom for feil.

Håndverk er arbeid utført ved hånd, lidenskap, hjerte og forstand.

Eg er mer en klamphoggar og rekne.
  (trådstarter)
   #27
 1,387     Tromsø     0

Det ble kalt det ærlige håndtverket.
Ikke mye rom for feil.

Håndverk er arbeid utført ved hånd, lidenskap, hjerte og forstand.

Eg er mer en klamphoggar og rekne.


Vi er vel fleire i den same båten  Wink.
Vi som lever i dag har vel også både hender, lidenskap, hjerte og forstand, men dessutan har vi maskiner som dei ikkje hadde før. Så rimelege at alle med litt interesse kan skaffe dei. Men pga maskinene treng vi vel ikkje opparbeidd det suverene handlaget som enkelte hadde før. Maskinene gjer at alt kan lagast mykje fortare, og ofte meir nøyaktig enn med handverkty.