108    5    0  

Horisontal luftelekt over vindauge?

 2,984     Vestlandet     0
Treng eg denne horisontale lekta over dør/vindauge? 

Eg tenker å klemma vindsperreduk fast mot karm på vindauge. 
Spikerslag for kledning har eg jo med vertikale lekter. 
Vassbrett over vindauge vert montert utanpå kledning, då det kun er 15cm under takutstikk. 

Har denne lekta noko ana funksjon enn klemming av vindsperreduk rundt vindauge?
Signatur

   #1
 3,277     I huset mitt     0
Den vil jo gi stabilt underlag for kledningsbordet og også bedre feste for omramming av vindu og det vannbrettet du skal montere utenpå kledningen;).
  (trådstarter)
   #2
 2,984     Vestlandet     0
Eg ser den.

På grunn av liten avstand til takbjelke akkurat, som gir klønete feste av, og veldig korte, vertikale lekter, har eg vurdert å droppa den horisontale lekta.

Vil berre forsikra meg om at det ikkje vil føra til noko fundamentalt feil i konstruksjonen OM eg droppar den.

Og for eit vindauge montert lavt på vegg, vil ikkje den horisontale lekta berre sørgja for å stenga lufting (ned/opp) langs heile lekta, samt sørgja for at evt vatn/kondens over lekta renn ned på denne og vert liggjande mot bakside av bordkledning?
Sikkert ikkje eit stort problem, men eg kom berre til å grubla litt over det.
Signatur
   #3
 3,277     I huset mitt     0
Et alternativ er å dele opp den horisontale lekta så lufting går forbi, alternativt fore ut så lekta ikke ligger inntil vindsperra.

Vann/kondens på vindsperra over vindu har du jo valgt å se bort ifra når du har bestemt deg for å ha vannbordet utenpå kledningen.Wink
  (trådstarter)
   #4
 2,984     Vestlandet     0
Hehe, ja, eg har hoppa litt bukk over den problemstillinga. På akkurat dei vindaugene eg held på med no er jo dette med lufting og vatn over vindauga ikkje eit reelt problem, då det er snakk om ca. 15cm opp til tak. Eg berre kom til å grubla litt på dette med denne lekta.
Signatur
   #5
 3,277     I huset mitt     0
Hvis vinduet ditt går opp langs hele veggen nesten til tak/takutstikk, så er det jo ikke noe lufting (ei heller behov for mye lufting) i veggen å tenke så mye på.
Da er spikerslag det essentielle så du får festa godt kledningen og ev omramming/utforing, etc.


Generelt ved stående kledning (som krever liggende lekt/spikerslag) så brukes det ofte 11mm sløyfer (opp langs hver stender) for å skape avstand mellom liggende lekt og vindsperre.