2,753    2    0  

Lydisolere vegg til bad. Kun 45 mm plass.

 31     Bergen     0
Hei.

Eg driv og pussar opp mi gamle blokkleilighet frå 1960. Frå stova og inn til badet er det ein lettvegg, med stendertjukkelse på 45 mm. Badet er allerede oppussa og eg har ikkje meir å "gå på" på stovesida, for då kjem veggen i konflikt med ein dørkarm på tilstøtande vegg.

Eg ynskjer å lydisolere den veggen. Det er gipsplater med flisar utanpå på badet, og eg skal ha nye gipsplater opp på stovesida. Men kva kan eg stappe inn i veggen for å unngå og høyre inn i stova kvar gong nokon latar vatnet på toalettet mitt? Kan eg bruke noko sånn motorromisolasjon frå Biltema eller likande?

  (trådstarter)
   #2
 31     Bergen     0
Hei igjen.

Eg kjøpte noko som heitte Rockwool lydplate. Den var 45 mm, så den passa akkurat inn!
Sjå vedlegg 1.
Om du ser på vedlegg 2 så er det ikkje så voldsom stor plass, men det burde gå med to lag gips. Skal sjå korleis det blir når eg får inn den nye dørkarmen.

Badet mitt er på ein måte "innebygd" med kraftig nedsenka himling pga. eit stort avløpsrøyr frå leiligheta i etasjen over meg. På vedlegg 3 så kan ein sjå korleis det ser ut over taket på badet. Er det mogleg for meg å legge samme isolasjonen her? Eller må eg ha ein slags fukt/vind/dampsperre?
Lydisolere vegg til bad. Kun 45 mm plass. - 190720111488.jpg - Grinder
Lydisolere vegg til bad. Kun 45 mm plass. - 190720111486.jpg - Grinder
Lydisolere vegg til bad. Kun 45 mm plass. - 190720111487.jpg - Grinder