5,347  
                     0  
                     0
                     
            Støyping av låvebru
                     159   
                         Fjaler   
                     0
                
        Denne historia er frå 1950talet men ein god lærepenge var det like vel.  :)
Ein gammal bonde hadde fått seg traktor og låvebrua av steinheller stolte han ikkje på. Han ville ha ei ny i betong. ARMERT til og med. At armeringa var stål av ulike slag hadde han fått med seg og mykje har havna i murar og golv av gamle maskindelar, bilrammer, vassrøyr, gjerdenettbitar, streng m.m. ::)
Dette skulle bli så bra så. Masse stål fannns på plassen og på ei solid forskaling vart det grytt oppi det meste i stålvegen.
Ingen hadde sagt noko om KORLEIS dette stålet skulle leggjast.
Gubben støypte i veg glad og nøgd.
Gjekk rundt og studerte, gleda seg, drøymde og såg fram til dagen forskalinga kunne takast ned og meisterverket i «plastisk fjell» skulle få sjå dagens lys og traktoren køyrast oppå og inn på låven.
Dagen kom. Forskalinga vart demontert med kondevide.
Då siste støttene fall kom brua etter. :D
Ei bilramme låg på tvers i betongen ::) og bereevna den rette vegen vart ikkje heilt som lova.
Armering er kanskje noko meir enn stålskrammel i betongen.