8,270    22    0  

Bytte kledning, lekte ut osv.

 534     Møre og Romsdal     0
Hei,

Har tenkt å starte på jobben med å skifte kledning, samt etterisolere huset. Får hjelp av dette fra svigerfar som har bygd hus sjølv tidligare, samt min eigen far. Men eg har eit par spørsmål no i planleggingsfasen. Planen er å ta eine endeveggen først, og så fortsetje vidare på langveggar når eg er ferdig med endevegg. Huset er eit Finskehus frå 1950.

Tenker å rive av gammal kledning, fjerne gammal vindsperre(som har morkna), lekte ut 10 cm, isolere, og legge ny kledning. Skal også flytte ut vindua sjølvsagt i denne prosessen. Har dermed eit par spørsmål eg kunne tenkt meg å få ein diskusjon rundt:

-Når eg tek éin og éin vegg, korleis gjere det på best måte mtp avslutninga i hjørna? Legg ein den nye kledninga slik at ho stikk 10 cm utanfor på kvar side, slik at når ein seinare får starta på langvegg, så blir det riktig?

-Ser mange anbefalinger att og fram mtp at ein må ha dampsperre for å hindre fuktansamling inne i vegg. Det er ikkje planlagt å rive innerveggar for å montere dampsperre i denne omgang. Kan/bør ein då legge dampsperra rett på gammal vegg, for så å lekte ut/isolere og legge ny kledning utanpå dette(såframt ein får 2/3 av isolasjonen utanpå fuktsperra)

-Når ein skal lekte ut 100mm, er det enklast å gjere det i to "omgangar" á 50 mm? Ikkje sikker på korleis ein skal feste ein 2x4" vinkelrett på gamleveggen viss ikkje. Veit jo at 50+50mm er ein fordel mtp at ein er sikker på isoleringa vert tett, men det vil vel også nødvendigvis føre til ein del ekstraarbeid. Korleis vert 2x4" vanlegvis festa slik?

-På desse husa er det eit relativt kort takutstikk(ca. 25-30 cm vil eg estimere. Når eg då lekter ut vil jo dette verte ytterligare 10 cm mindre. Blir det eit problem med så kort takutstikk? Veit jo at veggen dessverre vil bli meir vérutsatt.

Avslutningsvis så kan eg nevne at dette sjølvsagt er spørsmål eg kunne spurt svigerfar om, men av fleire faktorar så er det greit å spørje her. For det første så er begge relativt opptatte, og for det andre så likar eg godt å lese meg opp/få innspel sjølv, slik at eg ikkje stiller heilt blank.
Signatur

   #1
 8,022     Bærum     0
-Når eg tek éin og éin vegg, korleis gjere det på best måte mtp avslutninga i hjørna? Legg ein den nye kledninga slik at ho stikk 10 cm utanfor på kvar side, slik at når ein seinare får starta på langvegg, så blir det riktig?


Omtrent sånn. Jeg driver med det samme som deg. Hvis du skal ha hjørnekasser på huset beregner du bare hvor mye du må dra ut kledningen for at hjørnekassen til slutt skal dekke hjørnet ordentlig. Inntil begge vegger mot et hjørne er ferdig lektet ut og kledd på nytt, må hjørnet bare stå "åpent".

-Ser mange anbefalinger att og fram mtp at ein må ha dampsperre for å hindre fuktansamling inne i vegg. Det er ikkje planlagt å rive innerveggar for å montere dampsperre i denne omgang. Kan/bør ein då legge dampsperra rett på gammal vegg, for så å lekte ut/isolere og legge ny kledning utanpå dette(såframt ein får 2/3 av isolasjonen utanpå fuktsperra)

Det blir feil uansett hvordan du velger å gjøre det. Legger du dampsperre utenpå eksisterende vegg så får du ikke fyllt isolasjon mellom stenderne innvendig senere. Det er anbefalt å ha maks 1/4 av isolasjonsmengden på varm side. Litt kjedelig å 10cm stenderverk som du ikke får fyllt isolasjon i...

Dersom du ikke legger dampsperre vil du få et kondenseringsproblem når det blir kaldt.
-Når ein skal lekte ut 100mm, er det enklast å gjere det i to "omgangar" á 50 mm? Ikkje sikker på korleis ein skal feste ein 2x4" vinkelrett på gamleveggen viss ikkje. Veit jo at 50+50mm er ein fordel mtp at ein er sikker på isoleringa vert tett, men det vil vel også nødvendigvis føre til ein del ekstraarbeid. Korleis vert 2x4" vanlegvis festa slik?

Det er enklest å gjøre det i en omgang. Noen vil hevde at det er bedre å krysslekte for å eliminere kuldebroer. Min holdning er at merarbeidet ved krysslekting ikke veier opp for den bittelille økte lambdaverdien glava gir i stedet for treverk.

Det er ingen problemer å feste 48x98 rett på eksisterende stederverk. Jeg har gjort dette på flere vegger. Bruk franske treskruer.

-På desse husa er det eit relativt kort takutstikk(ca. 25-30 cm vil eg estimere. Når eg då lekter ut vil jo dette verte ytterligare 10 cm mindre. Blir det eit problem med så kort takutstikk? Veit jo at veggen dessverre vil bli meir vérutsatt.

Mere værutsatt - pluss at det trolig ikke vil bli seende pent ut. Men - dette kan du fikse når du senere sikkert må legge nytt tak på det gamle huset Smile
  (trådstarter)
   #2
 534     Møre og Romsdal     0
Cozmo: Takker for meget godt svar. Eit par oppfølgingsspørsmål her:

-Vedr å ha stenderverket uisolert, så er dette huset bygd på ein litt spesiell måte. Eg har kun sett "innmaten" på veggane innafrå enda, så eg er litt spent på kva eg møter når eg endelig åpnar veggen utanfrå. Har lagt ved eit bilde(sjå vekk frå utlektinga, som er eg som har gjort) som viser korleis innsida på veggen er. Det virkar som "stenderverket" er oppbygd av nokon slags modulrammer, ikkje ordinært stenderverk.

Bytte kledning, lekte ut osv. -  - Tandstad

-Vedr. franske treskruar, så stussar eg fortsatt litt. Viss ein skal skru rett gjennom ein 2x4"(altså då rett gjennom 98 mm emne først, så inn i veggen) så blir det jo nokon voldsomme dimensjonar på skruane? Skal ikkje 2/3 av festemateriellet(skruen) vere i veggen? Såg for meg ein kanskje måtte bruke ei form for vinkla stålbeslag her.
Signatur
  (trådstarter)
   #4
 534     Møre og Romsdal     0
Då var det fort vekk meir forståelig ja, her høyrast det ut som Makita'en skal få brynt seg nokre timar Smile
Signatur
  (trådstarter)
   #5
 534     Møre og Romsdal     0
Då nærmar det seg bestilling av materialer her(begynner etter planen å rive veggen førstkommande fredag), men kom ut for ei ny problemstilling. Spurte om tilbud på vindsperre(vindsperreduk), så ser eg plutselig i tilbudet at det er satt opp forslag om asfaltplater også. Er det vanlig å bruke begge? Regner med det då er tenkt asfaltplater rett på stendarar, så vindsperre rett utanpå igjen? Bor på vestlandet, Sula(nærme Ålesund) så ein del vind blir det jo gjerne Smile
Signatur
  (trådstarter)
   #6
 534     Møre og Romsdal     0
Bytte kledning, lekte ut osv. -  - Tandstad
Dagen idag har gått med til å rive panel. Undertegna er relativt høgderedd, så stillas med plattformer i fire forskjellige høgder er utfordrande.
Uansett, har no fått letta litt på lektene og tjærepappen som låg bak panelet, og bak der igjen ligg det rupanel...funderer på om eg burde rive denne, eller berre lekte utanpå. Regner med eg endar på å berre rive gamle tynnlekter og tjærepapp, for så å lekte ut 10 centimeter, isolere, asfaltplater+vindsperreduk, nye lekter, så dobbeltfalsa panel ytterst Smile
Er litt vannskade på noko av rupanelet, dette blir uansett bytta.Bytte kledning, lekte ut osv. -  - Tandstad
Signatur
  (trådstarter)
   #7
 534     Møre og Romsdal     0
Var lite diskusjonar her inne gitt, men har komt oss slik halvvegs i havn, etter at eg har tilbrakt 10-12 timar i stillaset kvar dag eg hadde ferie Smile det som gjenstår no er å bytte listene på vinduet nede(gjorde ein litan tabbe) samt male nedre del av veggen. Då kan endeleg stillaset fjernast. Innvendig så må eg då laga til nye utforinger, tenkte først å kjøpe folierte ferdige MDF-utforinger, men sparer nesten 1200,- på å ta jobben sjølv med hobbyplater, så den jobben tek eg Smile
Signatur

  (trådstarter)
   #9
 534     Møre og Romsdal     0
Takk for det cozmo, ja det var mykje jobb, og sidan dette var første gang eg prøvde meg "aleine" så vart det mykje tid som gjekk vekk til å lese på nett, konferere med svigerfar osv. for å sørge for at alt vart riktig. Hadde hjelpar på nokre dagar, men vart mykje aleinejobbing, og då gjekk det vekk mykje tid på klatring ja, trur det vart ca. 5 kilo ned på 2,5 veker.

I august satsar eg på å ta neste vegg, då blir det eine langveggen. Her skal eit stort vindauge byttast(punktert), samt eg skal bytte ut ei enkel balkongdør samt vindu med ei dobbel balkongdør. Har også diverse planar om å doble størrelsen på terassen vår, slik at den går langs heile lengda på huset.

Vestvegg nesten ferdig
Bytte kledning, lekte ut osv. -  - Tandstad

Langveggen som skal takast i august. Samme oppskrift, fore ut 10 cm, isolere, bytte vindauge.
Bytte kledning, lekte ut osv. -  - Tandstad

Her er utsikta frå terassen. Satsar på å fjerne meir småtre frå den skogklynga, slik at oss får meir utsikt til vatnet.
Bytte kledning, lekte ut osv. -  - Tandstad

Forstod det slik at det må inn byggemelding om terassen skal endrast, så må vel gjere dette snart.
Signatur
  (trådstarter)
   #11
 534     Møre og Romsdal     0
Det stemmer, du har eit observant auge. Dette var ei av utfordringane mine i forkant, men svigerfar visste heldigvis råd. Ved hjelp av ei godt forankra jekkestropp vart kabelen avlasta, og flytta opp til ein provisorisk krok som oss hadde montert på vindskeiborda. Når kledninga var montert igjen, vart kroken forankra i stender, og kabel flytta tilbake på plass. Alt dette vart gjort medan straumen var påkobla. Eg var i utgangspunktet meget skeptisk til dette, og var i kontakt med straumselskapet, som ville koble av/på kostnadsfritt. Sidan kabelen var godt isolert vart det allikavel teke ei avgjersle om at dette kunne gjerast på ein trygg måte utan fråkobling.
Signatur
   #12
 8,022     Bærum     0
Nettopp. Akkurat hvordan man skal løse slik situasjon har vært diskutert en del på forumet.

Litt vanskelig å se på bildet, men ser ut som dere har strappet/avlastet luftstrekket inn på stillaskroppen med jekkestroppen?
  (trådstarter)
   #13
 534     Møre og Romsdal     0
Luftstrekket vart avlasta i ein krok på veggen, det vart berre litt trangt der oppe slik at det kan sjå ut som det er avlasta i stillaset. På inntakskabelen vart det festa ein meget snedig innretning, beståande av to små firkanta stålplater, som var skrudde ihop "over" kabelen, når platene var skrudde saman, var altså kabelen heilt fast. Enden på jekkestroppa var så festa i denne innretninga Smile Ei meir enn brukandes løysing på ein litt keitete operasjon, men eg tek ikkje ansvar om nokon skulle finne på å kopiere den Wink
Signatur
   #14
 8,022     Bærum     0
Smile Bare nysgjerrig - skal i gang på en vegg med samme opplegget snart selv.
Sitter allerede en sånn firkanta kladd på inntaksledningene som fungerer som strekkavlaster.

Noterer meg løsningen med jekkestropp Smile
   #15
 649     Gjøvik     0
Hei,
Tenker å rive av gammal kledning, fjerne gammal vindsperre(som har morkna), lekte ut 10 cm, isolere, og legge ny kledning. Skal også flytte ut vindua sjølvsagt i denne prosessen. Har dermed eit par spørsmål eg kunne tenkt meg å få ein diskusjon rundt:


Er det isolasjon inne i det gamle bindingsverket? Mange hus bygd på 50tallet har tomme vegger.
Signatur
  (trådstarter)
   #16
 534     Møre og Romsdal     0
Huset er av typen Finskehus, importert frå Finland i etterkrigsåra då det var materialmangel her i landet. Dei er oppbygd på ein litt merkelig måte, det er ikkje stendarar i så måte. Det ligg eit bilde lengre oppe i tråden her av korleis veggane ser ut(d sett frå innsida, men begge sider var identisk), men grovt sett så er "kjerna" oppbygd av eit lag huntonitt i midten, så er det bygd eit slags rammeverk(av firkantkledning 10 cm) utanpå dette(både utover og innover) samt rupanel på begge sider. Utanpå rupanelet låg det tjærepapp eller noko lignande det, og lekter rett utanpå dette. Det var altså ikkje isolasjon i tradisjonell form i bindingsverket, men eg såg noko som likna på hestehår bak rupanelet.

Om nokon mot all formodning skulle ha meir informasjon om denne hustypen/byggemåten, så er eg meget interessert i å slå klørne i dette Smile
Signatur
   #17
 15,575     0
Hvis en tenker å forlenge takflaten senere for å få mere utstikk igjen må en bare passe på hvis vinduene star montert høyt på veggen (eller taket ligger lavt) Da kan en forlengning føre til at utadslående vinduer blir blokkert. Men fra bilder ser det ikke ut som om det er noe problem her. Ellers håper jeg du bytter alle gamle isolerglass. Kjedelig om de går neste år og nye glass har mye bedre isolasjonsevne.
   #18
 44     0
Det stemmer, du har eit observant auge. Dette var ei av utfordringane mine i forkant, men svigerfar visste heldigvis råd. Ved hjelp av ei godt forankra jekkestropp vart kabelen avlasta, og flytta opp til ein provisorisk krok som oss hadde montert på vindskeiborda. Når kledninga var montert igjen, vart kroken forankra i stender, og kabel flytta tilbake på plass. Alt dette vart gjort medan straumen var påkobla. Eg var i utgangspunktet meget skeptisk til dette, og var i kontakt med straumselskapet, som ville koble av/på kostnadsfritt. Sidan kabelen var godt isolert vart det allikavel teke ei avgjersle om at dette kunne gjerast på ein trygg måte utan fråkobling.


Jeg har gjort akkurat det samme med å avlaste på en annen "reserve" krok. Jeg brukte klemknute på en tauslynge. Lagde så en enkel talje og strammet opp slik at vekten kom på reservekroken. Så bandt jeg av. Gjorde også dette mens trømmen var på. Null problem.
  (trådstarter)
   #19
 534     Møre og Romsdal     0
Hvis en tenker å forlenge takflaten senere for å få mere utstikk igjen må en bare passe på hvis vinduene star montert høyt på veggen (eller taket ligger lavt) Da kan en forlengning føre til at utadslående vinduer blir blokkert. Men fra bilder ser det ikke ut som om det er noe problem her. Ellers håper jeg du bytter alle gamle isolerglass. Kjedelig om de går neste år og nye glass har mye bedre isolasjonsevne.

Alle vindauge blir bytta i denne prosessen ja, så begge vindauga på denne veggen har no vorte bytta. Stort sett alle vindauge og dører vart kjøpt inn på boligmessa 2013, så kjellaren er full av nye vindauge. I august skal eg ta neste vegg, på denne er det eit stort vindu som er punktert, gledar oss til å få bytta dette, ser nesten ikkje ut av det gamle, og utsikta er ut på eit nydelig vatn Smile
Signatur
  (trådstarter)
   #20
 534     Møre og Romsdal     0
Då har oss begynt å male kledninga til vegg nummer to, sørveggen. På denne veggen skal det byttast eit stort vindu(har vore punktert og sett forferdelig ut), samt bytte ut 1xvindu og 1xverandadør til 240 cm brei skyvedør Smile Det skal også byggast ny veranda på kring 40m2. Det blir muligens også gravd dreneringsgrøft langs denne veggen, sidan den blir meir utilgjengelig i etterkant. Det er også påtenkt å grave litt djupare under den nye verandaen, slik at det blir ståhøgde der.
Signatur
  (trådstarter)
   #21
 534     Møre og Romsdal     0
For to veker sidan så fekk oss fullført maling av all kledninga til sørveggen. I forrige veke fekk eg døra som var bestilt(skyvedør, 240 breidde) og stort vindu står klart frå før. Planen no er å starte rivinga denne veka, og så har eg ferie neste veke og veka etter det igjen, så då blir det utforinga, bytte av vindu/dør, isolering, dobbel vindsperre, og ny kledning.

Skulle feire 1-årsdag til lisjeguten i helga, då rakk oss akkurat å verte ferdig med utforing og listing av vinduet som vart bytta på forrige vegg. Lagde utforingene sjølv av hobbyplater, vart meget kurrant!
Signatur
  (trådstarter)
   #22
 534     Møre og Romsdal     0
Halve veggen er riven, gjorde igår kveld. Inntil vidare så ser denne veggen ut bedre enn vestveggen som oss bytta på sist. Skal bli spanande å ta ut ei enkel balkongdør og eit mindre vindu, og erstatte dette med ei skyvedør på 240x210. Oss har også ei ganske flott utsikt mot eit flott vatn ut gjennom vinduet på denne veggen, som lenge har vore forringa av at vinduet er punktert. Skal bli meget oppegåande å sjå skikkelig ut her, samtidig som ein heller ikkje kjenner "kaldgufset" frå vinduet lenger.
Bytte kledning, lekte ut osv. - DSC_0078[1].JPG - Tandstad
Signatur