8,104    14    0  

Lyssjakt / lystunnel i golv

 1,943     0
Veit ikkje om dette høyrer heime under "gulv" eller vindu eller kva, men passar kanskje best her?

Er det nokon som veit om det vil vere vanskelig å bygge ei lyssjakt i eit golv? Det finst jo mange produkt som er meint å innstallerast i tak, og som slepper lys inn til eit mørkt bad f.eks. Det er ikkje dette eg treng; eg er interessert i eit produkt som eg kan legge i golvet i ein entre, like ved eit høgt gangvindu ved ytterdøra, og som slepp dagslys ned til badet i underetasjen. Dette badet har ikkje vindu (forresten: sånne lyssjakter utvendig med høgt kjellarvindu på badet er uaktuelt, då vil eg heller ha eit bad med berre kunstig lys).

Eg ringde Velux, og dei sa at dette måtte ein bygge sjøl, med eit sterkt glas (frosta vil eg anta). Kva utfordringar gir dette? Eg reknar med vi skal bruke Leca byggeplank,  og noko seier meg at det er ikkje "bare-bare" å lage hol i desse betongkjempene.

Bør eg eventuelt vurdere eit anna golv entreen? Korleis blir slike golv bygd, og med kva materiale? (pardon me, har aldri bygd hus før Grin )

Alt dette vil jo føre med seg ein del ekstra mikkmakk som kostar tid og penger, og det anar meg at ei slik lyssjakt vil bli ganske dyr. Eg har likevel lyst til å få det vurdert før vi eventuelt slår det frå oss.

   #1
 178     Halden     0
Er usikker på Lecaplank, men med hulldekker kan man bestille elementer med ferdige utsparinger.
   #2
 5,570     0
Kan ikke hjelpe, men det var en stilig ide! Håper dere får det til!

"Vinduet" blir i taket på badet ja? Greit hvis det er ikke er gjennomsiktig da... Wink
  (trådstarter)
   #3
 1,943     0
Ja, det blir i taket på badet Smile tenkte å kanskje ha ein i dusjnisjen, og ein lenger inne på badet. Og ja, dei bør ikkje vere gjennomsiktige Wink

Christer: kva er hulldekker? Smile Er det i betong det også?
   #4
 826     vestfold     0
Går vel ann  å ringe Maxit og spørre om det er greit å lage hull i dekket.., hvor stort skal det være? Det er jo vanlig å lage utsparring til f.eks trappehull så jeg vil ikke tro at det skulle være et problem , men er vel greit å ta det med i prosjekteringen av etasjeskillet . Ville tatt en tlf til Maxit I lillestrøm tlf 64840630
  (trådstarter)
   #5
 1,943     0
Eg kikka på ein pdf nå, om leca byggeplank. Det skal gå an å lage hol ja, vinkelsliper og slagdrill og denslags. Ved store hol, slik som til trapper må ein ha "utvekslingsjern" som fordeler lasten til  naboelementa.

Men mine hol treng jo ikkje vere store da. Eg vil antagelig gjere eit kutt i armeringen inne i elementet, men dersom holet berre er 30 x 30 cm. f.eks, så vil det vel ikkje utgjere store forskjellen ?

Ja, kan så klart ringe Maxit, takk for telefonummeret Smile

Dersom nokon har vidare forslag til korleis ein kan bygge ein slik lystunnel, så kom gjerne med tips! Eg har sett at sånne ferdige tunellar er kledd innvendig med eit reflekterande materiale (speil?), slik at lyset blir fanga. Må jo også ha glas i plan med golvet i gangen og eit glas i flukt med taket på badet.
  (trådstarter)
   #6
 1,943     0
Hyggelig mann hos Maxit melder at ein kan lage hol i byggeplank ja, men ein treng kanskje eit utvekslingsjern. Når eg har teikningane for huset kan eg sende dei til Leca, og dei vil vurdere kva som skal til for å kunne lage eit slikt hol.

Dersom eg må ha jern for å fordele vekta, må eg vel ha ein slags kasse i taket på badet, men legg eg det langs veggen blir det kanskje ikkje så ille...

Leca byggeplank er 60 cm. bredt. Dei kan lage hola for oss på fabrikken

  (trådstarter)
   #10
 1,943     0
Takk Carmacom, desse har eg sett på, men dei er jo meint for tak; eg skal ha dette i eit golv (frå ein etasje til ein annan). Smile
   #12
 997     0
Ok. Ett tips da er å bare ta ett hull i gulvet og sette in frostet glass som er herdet(tåler slag) i rommet over, og ett vanlig frostet glass i taket i under etasjen. Inni (mellom glassene) lyssjakta får du elektrikker til å montere lysrør eller annet lys med fargetemp på 6500K eller mere og en fargegjengivelse på over 95Ra. Da har du ett lys som er tilsvarende dagslys og kan dermed slå dette på på kvelden eller når det ikke er nok lys til å lage vinduslys effekten i rommet. Smile
Signatur
   #14
 178     Halden     0
Kjersti: Hulldekker er betongdekker med runde, langsgående hull som gir lavere egenvekt uten å senke bæreevnen spesielt mye.