7,454    12    2  

Traverskran i garasje - løysing for kranbane

 194     0
Eg jobbar med å bygge meg ein traverskran i redskapsgarasjen min. Eg har bakgrunn som statikar så styrkemessig har eg god kontroll på bjelkar og bæring, men eg har lite erfaring med kranbane og hjul/ruller og håpar på innspel på løysingar her.

Bjelkar og søyler vert utført i limtre for at det skal vere enklast mogleg å bygge dette sjølv. Utført i stål vil det verte veldig vanskelege/tunge profilar å ha med å gjere og mykje meir jobb med tilvirking.

Mellom dei to tversgåande limtrebjelkane (sjå skisse) vert det hengt opp ein I-bjelke for bane til løpekatt med kjettingtalje. Viare skal dei doble limtrebjelkane (traversbjelkane) "kubbast" i endene og kvar ende skal gå på ei skinne som ligg oppå dei langsgåande ytre bjelkane. Det er her eg lurar på om dykk har forslag til skinne og hjul/ruller som kan nyttast. Løftekapasitet på kranen vert sannsynlegvis 10kN (1 tonn), så det er ikkje snakk om veldig store krefter. Det kan vere aktuelt med meir enn to hjul ved kvar kubbing for å fordele lasta utover då "kubbinga" på endene vert 60cm lange.

Eit anna alternativ er å setje ein mindre I-bjelke oppå limtrebjelkane som dannar kranbana ute med veggane og få tak i løpekatt som kan gå på toppen av bjelkar. Slit litt med å finne dette, men om nokon veit om slike produkt vert innspel sett pris på.

Er vel mange "luringar" her inne som har vore borti litt av kvart og kan ha gode idear om løysingar? Smile
Traverskran i garasje - løysing for kranbane - skisse.png - kjegl

  (trådstarter)
   #2
 194     0
Sjå der ja, interessant. Er på jobb no så får ikkje gjort så mykje research om dei, men ser ut som det ikkje er så mykje produktinformasjon på sida deira. Har du erfaring med denne typen hjul? Då veit du kanskje om det berre er til å tre dei på ein dybel av passande storleik og så spinn dei avgårde? Kva godstjukkleik på vinkeljernet er nødvendig?
   #3
 2,779     0
Ut fra det jeg ser, så er det komplett med kulelager i navet, ja. Ville nok satset på i alle fall 3 mm godstykkelse.

Mener jeg har sett tilsvarende hjul i en norsk katalog/nettside også, men husker ikke helt hvor. Tools/Gigant/Luna har sikkert, men tror ikke det var der...
   #4
 1,463     Harstad     0
http://byggebolig.no/garasje-anneks-og-smahus/nedds-garasje/325

Se innlegget til Wazzaa på siste side med skinner og hjul fra Jula
Signatur
  (trådstarter)
   #5
 194     0
Fant vinkelsporhjul hjå blickle.no og fekk prisane som dykk kan sjå på vedlegget. Hjula kan dykk sjå her og på sida etter.

Takk for tips Knett, men trur nok det der vert for spinkelt for mitt opplegg. Er også ute etter å flytte kranen i to aksar horisontalt.


Traverskran i garasje - løysing for kranbane - prisar_blickle.png - kjegl
  (trådstarter)
   #6
 194     1
Det kan verte litt vanskeleg i forhold til kontakttrykk mot limtre om hjula skal gå på ein stålvinkel som er snudd opp ned. Mykje lettare om ein hadde hatt eit massivt trekantstål (evt trekantforma HUP), men slikt eksisterer vel ikkje? Snakka med Blickle om å få dei i alternativ utforming med dobbel flens slik at dei kunne gått på firkantstål, men det var visst ikkje så lett då dette vart spesialbestilling og minimumkvanta. Alternativt kunne eg kjøpe vanlege vinkelsporhjul og få dei frest ned hjå eit mekanisk verksted.

Nokon som veit kvar ein får hjul med dobbel flens og fast gaffel? Kan eventuelt prøve meg med enkeltflensa hjul og firkantstål/HUP, men ser for meg at dobbelt flens er tryggare i forhold til å ikkje spore av Smile

Oppdatert: Tenkjer eg går for vinkelstål likevel og skråskjer ein 98x98 som eg legg under vinkelstålet. Då får ein god kontakt direkte frå heile stålet og ned til limtreet, problem solved.
Siste redigering: Tuesday, February 23, 2016 9:45:05 AM av kjegl
   #7
 1,463     Harstad     0
Det enkleste er vel å gå til et lokalt stålverksted som kan dreie/frese ut hjul til deg på mål? Vet ikke noe om pris, men de har neppe minimumskvanta.
Signatur

   #8
 1,463     Harstad     0
Hvordan løste det seg med skinner og hjul?

Vurderer noe tilsvarende selv i min fremtidige garasje.
Signatur
  (trådstarter)
   #9
 194     0
Siste del av prosjektet kjem på plass i helga, så kjem med ei tilbakemelding etter helga.
   #10
 1,463     Harstad     0
Jeg fikk et tilbud på lettbanetravers på kr. 62.500,- inkl. mva. + frakt.
Kapasitet: 500kg
Spenn: 7 meter

http://www.industrikran.no/lettloft/lettbaner#prettyPhoto


Traverskran i garasje - løysing for kranbane - Lettbanetravers.png - kjegl
Signatur