(trådstarter)
   #161
 534     Møre og Romsdal     0
Igår ringte elektrikaren oss, og sa han ville komme idag for å installere baderomsvifte. Mao, eg måtte hive meg rundt på søndagskvelden, på holkeføre og stige opp til 3.-etasje(med høgdeskrekk) for å få borra 105 mm gjennomgang.

Hadde på forhånd kjøpe inn hullsag og forlengar, og det gjekk faktisk overraskande smertefritt å komme seg igjennom veggen. Brukte batterimaskin først, før eg gjekk over til slagbormaskin. Klarte å borre meg igjennom frå innsida. Det som var mest knotete var å borre hull til trekkrør opp til loftet. Der er jo alltid (not) god plass Smile

Tok turen ut for å slå fast ei plate framfor hullet, stigen rakk til rett under vinduet, så HMS vart lagt vekk, og eg hadde knappast nokon plass å halde meg fast.

Nokre bilder frå seansen:
Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Neste steg er å få inn dusjkabinettet. Kva slange treng eg egentlig her? Planen er å flytte armaturet inn i det nye dusjkabinettet. Treng vel ein trykkslange, gjengane på rørtilkoblinga er rundt 24-25 mm. Er det ho-til-han trykkslange eg treng då?
Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad
Signatur

   #162
 1,387     Tromsø     0
Eit innhaldsrikt hus du har, du og, ser eg.

Det finst trykkslangar i forskjellige lendgder og dimensjonar, det er vel 3/4" og 1/2" som er dei vanlegaste her. Det enklaste er å sjekke gjennomgangsrøret som følgjer med dusjkabinettet. Slangen skal gå inn på det og på uttaket i veggen. Så må du passe på at det blir rett med ut- og innvendige gjengar, og om du skal ha vinkel på eine eller begge endar.
Mest sannsynleg skal du ha 3/4" og innvendig gjenge i begge endar. Det er fleire muligheiter til å kjøpe feil slange her.
   #165
 627     Tromsø     0
Det er fleire muligheiter til å kjøpe feil slange her.


Beste kommentaren jeg har sett på lenge! Det ser ut som slike eksenterkuplinger som kommer ut av veggen? Om du skal ha trykkslanger derifra og ut til dusjkabinett ville jeg tatt av de kuplingene og satt på ventiler der som slangene kobles til. De får du kanskje ikke til å skru ut nå med baderomsplatene på plass?
   #166
 1,387     Tromsø     0
Viss eksenterkuplingane er tette kan dei vel berre stå. Som du seier kan det bli kronglete både å skru ut kuplingane og montere noko anna nå når platene er monterte. Det blir vel greit nok å berre koble på det som står der. Fjerne gjengetapen og få ny pakning.
  (trådstarter)
   #167
 534     Møre og Romsdal     0
Eg er heilt fersk på dusjkabinett, men er det slik at det er ein rørgjennomføring på bakveggen av dusjkabinettet? Må sjekke etterpå i garasja der kabinettet ligg Smile
Fir ein novise, kva heiter desse pakningene? Er det o-ringar det er snakk om?

No er iallfall vifta montert, og den fungerar utmerka! Pax Calima.
Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad
Signatur

HSt
   #168
 36,635     Lillestrøm kommune     0
hvor slangen går inn avhenger av fabrikat og type. På mitt er det 2 hull/gjennomføringer i glasset.
   #169
 1,387     Tromsø     0
Gjennomføringa ser slik ut:

https://www.maxbo.no/gjennomforing-for-dusjkabinett-r20xr15-p871463?gclid=EAIaIQobChMIx5WTqb2U2AIVCGcZCh1uSQZoEAQYASABEgJFuvD_BwE&gclsrc=aw.ds

Dei svarte plastmutrane skal vere på utsida og held det fast i kabinettveggen. Der er innvendig unbracospor viss det skulle gå seg heilt fast. Vanlegvis er det greit nok å skru mutrane som skal vere på inn- og utsida mot kvarandre samtidig. (Mutter på flexislangen først, og så blandebatteriet sin mutter mot den).
Pakning kan vere gummi eller helst fiberpakning. Dette veit dei på kvar rørhandel, kanskje på Biltema og Jula også viss du handlar der. Søk på fiberpakning så ser du korleis han ser ut. Han blir klemd så han tettar overgangen.

Elles er det lurt å skru flexislangen først, så vidt eg hugsar. Då kan du vri gjennomføringsmutteren i staden for å vri slangen. Så festar du gjennomføringsmutteren i kabinettet og skrur blandebatteriet på til slutt. Det er ikkje så ofte eg gjer slikt, men så vidt eg hugsar er dette rekkefølgja for å sleppe å vri slangen.
HSt
   #170
 36,635     Lillestrøm kommune     0
Dette ligner på min, mulig TS har beskrevet at den er slik men flere dusjkabinetter har også tilkobling bak en hjørnestolpe. Men det er normalt samme gjengestuss som her. Det kan være lurt å se om du skal ha en 90graders bend i slangen i denne enden.