1,203    2    0  

carb: Eigenteikna 1-planshus

 27     0
Skal snart (forhåpentligvis) til å byggja eit hus som me har teikna sjølve. Verken eg eller mannen har arkitektutdanning e.l., men me har teikna meir eller mindre på det i vel 1 år, og syns no det begynnar å nærma seg gode løysingar og ferdige teikningar.

Huset er på eitt plan, noko som har sine fordelar, men og ulemper. Det me har teke utgangspunkt i då me bestemte oss for formen på huset, er at det er mykje vind så me ville ha ulike vinklar og krokar som kunne vera lune plassar i tillegg til at det er flott utsikt som me ville bruka til stove/kjøkken.

Om nokon lurer, så vender stove og kjøkken mot sør og inngangsparti, vaskerom m.m. vender mot nord.

Fasadeteikningane er ikkje heilt oppdaterte, så dei kjem etter kvart. Det eg kan sei om fasaden er at det blir stort sett  vindu frå golvet til 2,1m høgd. I stova blir det skråtak (saltak) og me skal ha store delar av gavleveggen med vindu.

Kommentarar - ris eller ros - blir sett stor pris på, då me har litt tid igjen til å gjera endringar før spaden vert sett i jorda :) 
Spesielt vaskerom/teknisk og vindfang er ein utfordring i mine auger;
vindfang; korleis innreda det mest effektivt med tanke på plassutnyttelse + korleis ein skal få inngangen til gangen (dør, skyvedør, opning til dør, opning frå golv til tak etc)
Vaskerom: korleis innreda det slik at det blir mykje oppbevaring, og ikkje for mykje areal midt i rommet til "ingenting".

carb: Eigenteikna 1-planshus - plantegning 1.jpg - carb

   #1
 49     0
Hei
Nå vet jeg ikke noe om familiestørrelse eller liknende, så det vil kanskje avgjøre litt, men hvis det er tiltenkt å ha bad 1 til hovedsoverommet og bad 2 til de 2 andre, og begge disse badene vil bli flittig brukt, ville jeg prøvd å få plass til en liten WC en plass, slik at gjester kan bruke det og man slipper å rydde /shine badet hver gnag man får gjester på besøk.

Jeg ville også byttet plass på Bad1 og soverom 2 for å kunne ha direkte tilgang til bad fra soverom.

Boden virker litt malplassert og skaper litt gangareal som blir "bortkastet" mellom gang og kjøkken. Kanskje plassere bod mellom kjøkken og TV stue?
  (trådstarter)
   #2

Takk for innspel, Marker! Smile veldig god ide å bytta om slik at bad 2 ligg mellom soverom 3 og 4, spesielt om me lagar til eit gjestetoalett og.

Enig i at boden ser malplassert ut og at den skapar unødvendig mykje gangareal. Me har sjølve også vurdert å flytta boden slik du seier, men me er litt låst fordi me/eg ikkje ynskjer at ein må gå gjennom kjøkkenet for å komma til stova. I tillegg er det også så fin utsikt at me vil heller ha mykje vindu på kjøkkenet + disk framfor vindu i staden for å "gje vekk" yttreveggen til ein bod. Men som sagt, -forstår godt kva du meinar Smile