181    9    1  

Få teikna opp rektangulært tilbygg på kart

 2,987     Vestlandet     0
Eg må få teikna inn eit rektangulært tilbygg på eit kart, for å få søkt om dette. 

Kva kart bør eg nytta? 

Kommunen har si eiga kartløysing for eigedom, men der får eg ikkje teikna inn permanente strekar (dei forsvinn). Er det nokon som skal hjelpa meg? 

Kort fortald: 
Tilbygg på ein etasje (sokkeletasje/grunnmur) på 5.98m x 7,88m som forlengar grunnmur på hus. 
Det er mindre enn 4m til tomtegrense, så nabo må godkjenna. Nabo eigedom er ikkje bebygd eller brukande til slikt, og er eigd av bedrift. Eg har vore i kontakt med bedrifta, som og har vore hjå meg på befaring. Dei er positive til å godkjenna det, men treng målsat teikning med avstand til tomtegrense. Har og vore i kontakt med kommunen, som og er positive. Eg har fått laga snitt og fasadeteikning, men får jo ikkje til å teikna inn dette rektangelet på kart. 
Eg har sjølvsagt tjuvstarta på tilbygget i min iver, så eg må få søkt.
Signatur

   #1
 24,961     Akershus     0
Skriv ut kommunens kart og tegn inn for hånd?
Signatur
  (trådstarter)
   #2
 2,987     Vestlandet     0
Det kan kanskje gå. Problemet er då at eg ikkje får målt opp nøyaktig avstand til tomtegrense.
Signatur
   #3
 24,961     Akershus     0
Målebånd og pytagoras:) ev låne niveleringskikkert eller teodolitt?

Lag en skisse så vi ser problemet. Du har målebrev med koordinater for hjørnene?
Signatur
  (trådstarter)
   #4
 2,987     Vestlandet     0
Eg anar ikkje kva målebrev er:) Så det trur eg ikkje eg har.

Her er det eg har forsøkt teikna inn ved første forsøk.
Få teikna opp rektangulært tilbygg på kart - Kartutsnitt med mål utan nummer.jpg - Komlo

Dette er fort gjort redigert i paint. Her ser ein tomtegrensa og dimensjonen på tilbygget. Eg får altså ikkje teikna inn dette enkle rektangelet nøyaktig i eit kart der dimensjon på tilbygget og avstandar til tomtegrensa viser tydeleg.
Dette er henta frå kommunen si kartløysing, og avstandsmåla er derifrå. Problemet er at der er kun måla permanente, medan linjene forsvinn.
Signatur
   #5
 409     1
Tegn inn linjene på kommunens kartløsning og trykk "print screen" kopier inn i Paint.
  (trådstarter)
   #6
 2,987     Vestlandet     0
Tegn inn linjene på kommunens kartløsning og trykk "print screen" kopier inn i Paint.


Det var det eg forsøkte i første omgang. Problemet ar at ei linja eg teiknar opp forsvinn i det eg skal teikna neste. Då har eg med andre ord ingen punkt der eg kan få målt opp avstand til tomtegrense.
Signatur
   #7
 24,961     Akershus     0
Ser ikke problemet. Du får tegnet en linje med anvist lengde og skrevet uthele skjermbildet? Da har du jo en målestav i kartet?
Signatur

   #8
 409     0
her har jeg tegnet noen streker..    kanskje et annet program de bruker i din kommune?   kart.nois.no 

Få teikna opp rektangulært tilbygg på kart - kommunekart.png - Komlo
  (trådstarter)
   #9
 2,987     Vestlandet     0
Det ser ut som min kommune har stort sett same kartløysing.
Det endte med at eg teikna opp mange samanhengande linjer med mål på kryss og tvers, tok skjermbilete og opna i paint for å viska ut linjene som ikkje skulle vera med.

No har eg sendt det til eigar av nabotomt, så me får berre håpa det er godt nok.

Eg har laga snitteikning og fasade i tillegg. Får håpa kommunen godtek desse heimalaga teikningane mine.
Signatur