776    0    0  

Tips til korleis ein kan innreie dette badet?

 7     0
Vi treng forslag til korleis vi kan innreie eitt av bada i vårt nybygg då vi ikkje finn optimale løysingar sjølve. Har sett at mange har fått gode innspel på planløysingar og romløysingar her inne tidlegare så då prøvar vi og det, og håper at eit lyst hovud kan hjelpe oss litt :)

Badet skal ha toalett, dusj (helst kabinett 90x90, men dusjnisje kan vurderast), badekar i OK storleik men ikkje nødvendigvis akkurat eit slik som er innteikna på teikninga, stor og god benk med ein eller to vaskar, elles god skapplass til handdukar m.m.

Dette badet ligg i 2. etg og rett under badet ligg eit vaskerom som er akkurat like stort. Vi ynskjer derfor sjakt frå badet og ned. Slik vi ser det ut frå korleis vi ynskjer vaskerommet innreidd er det fornuftig at denne er i hjørnet rett innanfor baderomsdøra. Ein må også merke seg at dersom dusjkabinettet skal vere plassert i eit hjørne må det stå der det er innteikna på teikninga.

Håper på gode svar.