2,619    5    0  

Treng hjelp til planløysinga

 15     Rogaland     0
Heisann

Etter ein lang prosess er eg endeleg moden for å rive det gamle huset og sette opp eit nytt.

Planen for huset er nesten ferdig, men eg får ikkje den siste biten i puslespelet på plass, så eg håper det er nokon som kan hjelpe.

Huset skal vera i betongelement, og har 2 etasjar der første etasje har livsløpsstandard og 2,7 m takhøgde.

Eg er veldig fornøyd med grupperinga kjøkken, vaskerom og bad. Badet har eit skap som går gjennom til vaskerom der eg kan ha skittentøy og reine handkleder. Eg liker at kjøkkenet har direkte forbindelse til vaskerom og at det er kort veg utanfrå til kjøkken.

Det er ikkje er så fornøyd med er avstanden mellom soverom og bad, og at me må forbi inngangsdøra for å komme til badet.

Trappa er 1.2 m brei og plassert som den er for å passe i bredden av eit element til hulldekket, så den vil eg helst flytte i tilsvarande avstandar om det vert nødvendig.

Er det nokon som har tips til korleis eg kan få både i pose og sekk? :-)

Edit: Håper pdf viser i større format
Treng hjelp til planløysinga - Perspektiv.jpg - Aida
Treng hjelp til planløysinga - Perspektiv2.jpg - Aida
Treng hjelp til planløysinga - 1etg_rotert.jpg - Aida
Vedlegg:

  (trådstarter)
   #1
 15     Rogaland     0
Nå har eg separert bad frå vaskerom og kjøkken. Nå får eg bad direkte frå soverom.  Er litt førnøyd med at eg fekk kjøkkenet trukket heilt til endes sidan det er litt utsikt mot nordaust. Smile
Minuset er at eg ikkje har dør direkte ut på sørsida. Har det ikkje i nåverande hus heller, så me brukar ikkje den delen av hagen. Har lyst å lage til ein krok der kor morgonsola kjem, men det er så mange dører ut at eg ikkje trur det er lurt å ha fleire dører å passe på å låse..

Har lagt til eit gjestetoalett. Dei lengste veggane er 1.5 meter kvar. Er det ok at WC er så lite?
Treng hjelp til planløysinga - 1.etg02.jpg - Aida
e18
   #2
 571     Rogaland     0
Starter trappen til 2.etasje i entreen? Dette ville jeg unngått pga der finner man som regel sand, stein, søle, hundebæsj og andre ting man drar inn i huset under skoene.
  (trådstarter)
   #3
 15     Rogaland     0
Ja, trappa er i entreen. Er oppmerksom på det, men har ikkje funnet betre løysing på det utan å måtte "sløse" bort areal på gang/entre... ;-)
Har det i nåverande hus, og det har eigentleg aldri vore eit irritasjonsmoment. Men alle forslag til forandring er velkomne Smile
   #4
 171     0
ser bra ut dette.

Kva med å flytte dør inn til vaskerom midt på ytterveggen, slik at du kan ha benk på alle vegger inne?
  (trådstarter)
   #5
 15     Rogaland     0
Ja, eg har sett på den døra.. Akkurat som inngangsdøra treff den då midt mellom to betongelement, noko eg helst vil unngå. Er ikkje 100% sikker på om det vert 3 element på langsida, kanskje berre to.. Det må eg sjekke opp! Grin
Takk, Runart :)