679    18    2  

Mange spørsmål om bad

 2,984     Vestlandet     0
Eg prøver å planleggja 2 bad i huset mitt. Har ein del spørsmål eg håpar de kan hjelpa meg med (har forsøkt å lesa meg opp ein del, men er fortsat usikker på ein del ting). 

Bad 1 i første etasje, på sponplater over bjelkelag. Skal innehalda dusj, toalett og servant. Flis på golv og kanskje vegg.

1) Kva høgd må eg ha på støyp/avrettingsmasse med 17mm VBV røyr? 
Eg vurderer 36mm trinnlydsplater, 10mm golvgips og 12mm laminat, totalt 58mm over golvspon i resten av etasjen. Eg ønskjer å ha mest mogleg lig golvhøgd på bad og resten, og dermed unngå dette trinnet opp på badet. 

2) Dusj rett på flis eller kabinett?
Eg har forstått det slik at mange er skeptiske til dusj rett på flis, spesielt når det er rom under badet. Dusj rett på flis vil gjera det enklare mtp romløysing, lettare å få breiare dusj og ser betre ut. Kan det gjerast tiltak for å sikra seg betre med denne løysinga?

3) Dampsperre eller ikkje? 
2 veggar er ytterveggar. Tak er mot kaldloft. 
Har eg forstått det rett at det skal ikkje vera dampsperre dersom membran er diffusjonstett og det skal vera dampsperra bak dersom membran er diffusjonsopen? Lettast å berre bruka diffusjonstett membran utan dampsperra på heile (også på veggar mot varme rom) rommet og dampsperra i himling (kaldt loft) på eit lite bad?

4) Kor lite kan badet vera? Går 2,5m x 1,3m greitt?
Eg ønskjer minst mogleg bad, utan at det vert upraktisk. Ein kamerat har 1,2m x 3,3m, og det fungerer heilt fint. Eg vurderer t.d. 2,5m djupt og 1,3m breitt. 60cm servant, 100cm til toalett, 90cm dusj. I breidda går dette heilt fint, men vert det alt for kort?
Lengda går på bekostning av tv stova og breidda går på bekostning av entreen. 

5) Kor mykje fall på golvet? 
1:100 i heile lengda av badet (t.d. 2,5 meter) inn mot dusjen (inst) og 1:50 i dusjsonen om det vert dusj rett på flis? Flatt golv og 2,5cm oppkant ved dør? Korleis løyser eg dette best mogleg utan å få for høgt golv?

6) Kva dimensjonar bør avløp vera?
Toalett må vel vera 110mm? Kva dimensjon bør det vera på vask og dusj? Har i dag 40mm trur eg og dette er litt snaut. Er 50mm godt nok, eller bør det vera 75mm? Bør eg forsøkja å få så få bend på avløp som mogleg? Eg ønskjer ikkje å underdimensjonera dette. Samsundes vert bad 2 rett under bad 1, så det vert litt vanskeleg med plassering av avløp. 


Håpar nokon kan tipsa meg litt her. Kjem tilbake med spørsmål kring bad 2 Smile

Signatur

   #1
 549     Skien     1
Dimensjonering av avløp er litt avhengig av lengder, men toalett må være 110mm.
Dusj må være 75mm, og vask burde være minimum 40mm.
   #2
 1,728     0
Dimensjonering av avløp er litt avhengig av lengder, men toalett må være 110mm.
Dusj må være 75mm, og vask burde være minimum 40mm

Dim er regnes ut ved mest sannsynlig forbruk, lengde og uluftet eller ikke. Det kan gå fint med 50 til dusj også. WC er minimum 90 mm tillat.

Det er bare amatører, eller folk som ikke er sikker på arbeidet sitt som velger kabinett....
HSt
   #3
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Vil heller formulere det som ikke sikker på forrige eiers arbeid ....

Jeg valgte dusjvegger med dusjkar et sted der fall på gulv medførte at en alltid måtte bli vår på bena hvis en skulle inn på badet etter en dusj. Uten å legge om gulv var det ingen annen mulighet. (Jeg kastet ut badekar og flyttet vasken i tillegg)

TS kan velge banenembran eller legge glassfiberduken i Heidy smøremembran, jeg valgte også duken på vegg i dusjsonen.

Ellers er TS tydeligvis nøye så jeg er helt sikker på at det går bra uten kabinett.
  (trådstarter)
   #4
 2,984     Vestlandet     0
6) Eg kan altså minka avløpa til 90mm på toalett og 50mm på dusj og servant? Per i dag er avløpet lufta med røyr opp på kaldloft. Kan eg ha ulufta avløp? Det vil gjera det litt lettare med plassering av røyr i huset.

2) Då konkluderer eg med at dusj rett på flis vil gå greit, utan bekymring, om eg veljer det. Dette forutset sjølvsagt at eg er særs nøyen med membran, noko eg har tenkt å vera.


3) Dampsperre- her TRUR eg at eg har tenkt riktig. Dampsperreplast i tak mot kaldloft, ingen plast på veggar. Diffusjonstett membran mot ytterveggar. Ideelt sett diffusjonsopen membran på innerveggar. Her er det uproblematisk med diffusjonstett membran mtp storleik på rommet, samt at badet vil vera noko varmare enn tilstøtande rom (entre og stove)? Eller er eg heilt på bærtur her?
Signatur
  (trådstarter)
   #5
 2,984     Vestlandet     0
Nokon som har innspel på desse punkta?
Signatur
   #6
 612     1
2) Vi har dusjet rett på flis i 23 år.
Vi rev badet og bygget om sist høst (altså etter 22 års bruk), og fant da at det var litt fukt i gulvet under selve dusjen, men dette hadde stoppet mot sveisemembran. På vegger var det fuktskader på ca 1 m2 gips, men skadene var begrenset til gipsen. Treverket bak var tørt.
Nytt bad bygget sist høst ble igjen bygget med dusj på flis.
Vær nøye på membran, impregner fugene i dusjen ca hvert år og sørg for at det er godt fall.

3) Vi brukte dampsperre mot kaldt loft. Og dampsperre mot yttervegg. Men her er avhengig av hva slags plater og membran du bruker. På yttervegg har vi brukt Jotun sitt våtromsystem, og der sier SINTEF-godkjenninga at det skal brukes dampsperre mot yttervegg. Tips: SINTEF-godkjenninga for det produktet du skal bruke eller sjekk med produsent.
  (trådstarter)
   #7
 2,984     Vestlandet     0
1)Kva høgd må eg ha på støyp/avrettingsmasse med 17mm VBV røyr?
Eg vurderer 36mm trinnlydsplater, 10mm golvgips og 12mm laminat, totalt 58mm over golvspon i resten av etasjen. Eg ønskjer å ha mest mogleg lik golvhøgd på bad og resten, og dermed unngå dette trinnet opp på badet. Kor tynn golvstøyp kan eg greia meg med på det lavaste viss eg har 17mm varmerøyr i støypen?


2) Det vert dusj rett på flis

3) Dette trur eg at eg har kontroll på. Det er uansett lenger fram i tid.

4) Foreløpig plan for badet er 1,2m x 2,6m. I breidda går det fint (ein kamerat har det, og det fungerer utmerka). Med 60cm servant og 1m dusj, står eg igjen med 1m breidd til toalett. Det vert 20cm meir enn eg har på toalettrommet i dag.

5) Fall på 1:100 i lengderetning av badet, så 1:50 andre vegen (vinkelrett) i dusjen inst. Då er det iht. krav.

6) Kva dimensjonar eg må/bør ha ser ut til å vera 110mm toalett, 75 på dusj og 50mm på vask. 75 på dusj høyres for meg mykje ut, men er nok betre å vera på den sikre sida.

7) Nytt spørsmål:
Bør det forsøkast å få så få bend som mogleg, eller speler dette stort sett lita rolle, så sant det ikkje vert ekstremt?
Signatur

   #8
 24,668     Akershus     0
Hvis milg, senket gulv i dusjsonen, såslipper du mye vannsøl utover gulvet. Vi har ca 5,5*5,5 cm fliser. Høydeforskjellen utlignet ved å legge en flisrad på skrå. Flisa i hjørnet er delt diagonalt.
Signatur
  (trådstarter)
   #9
 2,984     Vestlandet     0
Min første tanke var å senka golvet i dusjsona, men at dette stig med 1:50 mot resten av golvet. Sluket og nedfallssona for vatnet vil då vera senka (kant) om lag 1cm i gorhold til resten av golvet. Og så bruka slik brei rist til dusjsluket. At eg då må laga fall kun ein veg i dusjsona og ein på resten av golvet. Eg ser for meg at det kan verta lettare for ein amatør som meg å få til.

Første utkast til badet i hovudetasjen. Eg har eigentleg berre kopiert kameraten min sitt bad, og korta det ned med 60cm.
Mange spørsmål om bad - 1 Bad 1,2x2,6.PNG - Komlo
Signatur
  (trådstarter)
   #10
 2,984     Vestlandet     0
Eg har fleire spørsmål om bad!

Med 20mm vassrøyr for vbv, kva er då minste støypehøgde for påstøypen?

Er kravet no fall på heile badet, eller kan ein fortsat ha flatt golv med sluk 25mm under oppkant av membran?
Edit: Fann ut at kravet til dette er fall på 1:100 på heile badet. 
Edit: Edit: Ser at både oppkant og fall er nevnt som preaksepterte løysingar i Tek-17.
Signatur