3,321    1    0  

Skifte ut soilrør - forsikring

 3     0
Vi skal totalrenovere badet og hadde besøk av rørleggaren igår. Vi trudde at det var nesten ingenting å gjere for han, men han ville bytte ut heile det gamle soilrøret (originalt frå 1966) frå kjellaretasjen og opp til 2. etg. Han sa at forsikringa betalar 6500 kr til borettslagsleiligheitar for utskifting av gamle soilrør (prevantivt, for å unngå ei vannlekkasje som kan koste forsikringsselskapet 200.000). Så han ba meg ringe til forsikringsselskapet og seie at røret har ein skade og må byttast. Vi har einebolig.

Ringde forsikringsselskapet og sa at soilrøret måtte byttast, men når dei spurde meg om eg hadde lekkasje så sa eg nei. Dermed var konklusjonen at dette var normalt vedlikehald og ville det oppstå ein skade så ville vi kunne bli holdt ansvarlege fordi vi visste om risikoen. Men det står jo ikkje i forsikringa at ein lyt byte ut alt som har overgått forventa levetid!

Kva gjer eg? Byttar ut røret og betalar alt sjølv? Får rørleggar til å sende rekning til forsikringsselskapet (slik han ordla seg forstod eg det som at han ville skrive at det har ein skade).


   #1
 22,342     Akershus     0
Skal du lage nytt bad bytter du så mye av røret slik at du ikke må ødelegge badet for skifte senere.

Mange av disse soilrørene er bra fortsatt, men noen har rustet igjennom. Preventivt pleier man å bytte uansett.