157    2    0  

Vannborenvarme i hus frå 1974

 350     Bømlo     0
Hei!

Eg driv på og renoverer hus frå 1974.
Nett revet heile kjelleren, lekta ut vegger og lagt 50mm isopor og spon med spor i golv.

No prøver eg få ein oversikt over kva ein treng i eit vannborenvarme anlegg.

Er det nokon som har ein tegning som fortel korleis dette verkar?
Planen min er å kun bruke el-kolbe i første omgang. Så legg inn røyr til luft-til-vann varmepumpe, og har planar om ein 500l akkumulatortank for å kunne varme med ved og vannkappe på sikt.

Bør eg kjøpe varmepumpe med ein gong, for å få kombinasjonen av tank og innedel? Eller kan eg vente med dette? For eg har planar om å bygge ut systemet seinere, og vil ikkje kjøpe ei for stor eller for lita pumpe med ein gong.

Håper nokon kan hjelpe med skisse og forklaring.

Til opplysning for dei som skal fortelje att dette er noko eg bør setje ut til kompetent rørlegger. Ja, det kan hende skjer på sikt. Pappa gammal rørlegger og jobber med ferskvann for kommunen, men har aldri installert vbv. Eg gjer og dette av eiga ønske, om å lære korleis slike systemer verkar, og for å ha kunnskap om dei i diskusjonar.

Eg har stor tru på eit vannborenvarme system er framtida, kontra varmekabler eller folie.
Signatur

  (trådstarter)
   #1
 350     Bømlo     0
Her var det lita respons kan du sei Grin

Er det ingen rørleggere eller nokon som har gjort dette sjølv og kan hjelpe til?
Signatur
   #2
 5,725     0
Det er sikkert 200 tråder om dette her på forumet.
Vannborenvarme i hus frå 1974 - 76630ec244494dac9f6f94bb658d02f8.jpg - sirtommen
Her er det du treng om du kun skal ha el. kolbe.
Pumpa  ( grå rund til høgre) pumpar vatnen gjennom el. kolble (kvit boks oppe) og ned til fordeler (nede) og ut i kretsene, og så tilbake. Kvit tank øverst er ein ekspansjonstank som tar opp utvidelse av vatnet når det varmast opp.
Vp. kan stort sett tilkobles til direkte i serie (eller erstatte ) el kolbe. , akk. tank/vedkjele krever to shunter og minst ei sirkulasjonspumpe i tillegg.

Dei fleste har ein styring i tillegg, enten termostater i kvart rom som styrer vatnet i kvar sin krets eller ein som styrer temp for alle kretser (shunt), men det kan også styrast manuelt.


Varmeboka til Brødrene Dahl er ein grei plass å begynne om du vil inngående informasjon.
https://varmefaktor.no/assets/files/
Kapittel 2 og 3 er iallefall relevante.