Den finishen eg ønska meg med kvite flater inni trur eg er vanskelig å få til når eg samtidig skal ha både tørrbadstue og damp. Eg kunne prøvd gips eller magnesumoksidplater med membran. Og pussa dei med glasfiberstrie og fiberpuss. Men sidan eg ikkje finn nokon holdepunkt for at det er ein god ide, tar eg ikkje sjangsen. Eg ønskar noko som passar med huset og badet. Og her er siste forslag. Lekter 23x48mm som spiler på veggen. Bak har eg liggande lekter som eg skrur dei ståande lektene inn i før montering. Eg har 6mm avstand mellom lektene og der kan eg skrue desse horisontale lektene fast i ramma bak. Denne ramma er av 48x48 og 48x98 i hjørna med badstufolie på med 50mm isolasjon. Kanskje eg tar ullpapp utanfor for å unngå isolasjonsstøv. Mot eksisterende våtromsplater har eg nok ei 23mm lekt.
Utsida av badstua kler eg med samme Fibo-trespo baderomspanel som badet er laga av, men utan å lime. Lar det også være opning til tomrommet over badstua. Ca 5cm som går ut i rommet. I dette området er også eit av to avsug for ventilasjon.
Eit viktig punkt blir glasdørene. Det vil være ca 10 cm Fibo trespo-plate på enden av dei korte veggane. Det hjørnet som går inn i badstua blir jo eksponert frå sida. Trur eg må sause det godt inn i membran eller silikon og sette ei metallist frå Fibo til å dekke enden.
Den finishen eg ønska meg med kvite flater inni trur eg er vanskelig å få til når eg samtidig skal ha både tørrbadstue og damp. Eg kunne prøvd gips eller magnesumoksidplater med membran. Og pussa dei med glasfiberstrie og fiberpuss. Men sidan eg ikkje finn nokon holdepunkt for at det er ein god ide, tar eg ikkje sjangsen. Eg ønskar noko som passar med huset og badet. Og her er siste forslag. Lekter 23x48mm som spiler på veggen. Bak har eg liggande lekter som eg skrur dei ståande lektene inn i før montering. Eg har 6mm avstand mellom lektene og der kan eg skrue desse horisontale lektene fast i ramma bak.
Denne ramma er av 48x48 og 48x98 i hjørna med badstufolie på med 50mm isolasjon. Kanskje eg tar ullpapp utanfor for å unngå isolasjonsstøv. Mot eksisterende våtromsplater har eg nok ei 23mm lekt.
Utsida av badstua kler eg med samme Fibo-trespo baderomspanel som badet er laga av, men utan å lime. Lar det også være opning til tomrommet over badstua. Ca 5cm som går ut i rommet. I dette området er også eit av to avsug for ventilasjon.
Eit viktig punkt blir glasdørene. Det vil være ca 10 cm Fibo trespo-plate på enden av dei korte veggane. Det hjørnet som går inn i badstua blir jo eksponert frå sida. Trur eg må sause det godt inn i membran eller silikon og sette ei metallist frå Fibo til å dekke enden.
Trur eg nærmar meg ein plan
Takk for gode innspel - tar gjerne imot fleire.
Skjult innfesting av lektene.
Bakside av veggen.