1,469    0    0  

Søknadsprosessen ved bygging av utleigeleilighet

 3     0
Etter mykje att og fram med husbygging på ei tomt me kjøpte for 2,5 år sidan, blant anna pga ein svært lang søknadsprosess, har me no bestemt oss for å gå for bygging. I og med at prosessen har tatt så lang tid, har me endra meining om eindel undervegs, og har blant anna funne ut at me vil bruke ca 45 m2 (av totalt 196 m2) på ein utleigeleilighet i 1. etasje (bygger utan kjellar).

Dette har gjort meg særs beroliga mtp renta og den inntekta utleige kan gi oss.

Spørsmålet er berre kor omfattande søknadsprosessen er? Eg skriv her i håp om å få eit svar, ufatteleg lei av å ta tlf og skrive brev til kommunen. 

Årsaka til lang søknadsprosess forrige gong var ein nabo som klaga (han eig eit jorde like ved, det spesielle er at huset me har rive stod 0,5 meter frå tomtegrensa og me skal bygge det nye huset på same stad, hans klager vart avvist heilt opp på fylkesmannsnivå pga huset er teikna inn i reguleringsplan og hadde stått der i 50 år). Det me er bekymra for no er at viss me søker vil han klage på alt uansett, og me har ikkje tid til å vente meir, men vil absolutt ha utleigeleilighet.

Forslag til måtar me kan gjere dette på?

(Utanom å finne ut av når han reiser på ferie og sende ut nabovarsel då...)