526    4    1  

Boring i fjell - val av maskin

 194     0
Med jamne mellomrom får eg behov for å bore i fjell. Akkurat no må eg bore nokre gode hol for forankring av pilarane under eit nytt naust (10stk hol, 40cm 28mm+) samt få vekk noko fjell som ligg i grøfta der eg må legge vasslangen (50cm fjell i lengderetning som må kilast ut i grøftebreidde). Og så skulle eg hatt vekk ein liten sak som stikk ut i ein gamal stølsveg som eg vil nytte til traktorveg.

Maskina som freistar mest er AEG PN 11 E. Virkar som dette er ei maskin som med sine 20J slagenergi slår brukbart frå seg og kan klare hol på 30mm+ på ok tid. Skal også gå greit å nytte ho på aggregat. Andre merkemaskiner (Makita, Bosch, Dewalt++) eg har sett på som har 10J+ slagenergi kjem fort på rundt samme pris, og opp mot 20J vert dei vel ein del dyrare.

Samstundes slit eg litt med å forsvare å blåse av 12000-14000 på maskin og utstyr når eg ikkje nyttar det oftare enn eg gjer. Leige av maskin kunne vore eit alternativ, men er godt over ein time køyretid til næraste utleigepunkt så vert dyrt og tek mykje tid om ein skal leige nokre gongar.

Vil "Borhammer Fjellbormaskin" kanskje vere eit betre alternativ? Mykje lågare pris, men sikkert kinamaskin som neppe har tilsvarande kvalitet som AEG-maskina. Fordelen er at eg kunne kjøpt borekruner frå forbruksimport. Har forstått det slik at desse er nokre hakk betre i fjell enn standard bor med eitt skjær (?).

Kva er folks haldningar til desse produkta til mitt bruk? Eventuelt andre anbefalingar som gjer meir maskin for pengane?

Har lest ein del trådar her på forumet om fjellboring, men slit med å konkludere og velje. Er drittlei Jula-maskina til min far som ikkje er egna til jobbane, men som er det som har blitt nytta til no.Samstundes ynskjer eg ikkje å blåse av meir pengar enn nødvendig..

   #1
 5,569     1
Samstundes slit eg litt med å forsvare å blåse av 12000-14000 på maskin og utstyr når eg ikkje nyttar det oftare enn eg gjer. Leige av maskin kunne vore eit alternativ, men er godt over ein time køyretid til næraste utleigepunkt så vert dyrt og tek mykje tid om ein skal leige nokre gongar.

Litt på siden, kanskje, men har du vurdert mulighetene for å leie ut en maskin selv? Da kan du kanskje forsvare å blåse 12-14K på maskin og utstyr. Evt kjøpe sammen med andre? Kanskje det sitter flere i samme situasjon som deg i nærheten.
jaf
   #2
 6,305     tromsø     0
Har brukt el maskiner og atlas copo aggregat....En traktor med kraft uttak til trykkluft eller kompressor (diesel drevet) gir 1000 ganger mer kraft en en el maskin...si at det en el maskin klarer på 60 minutt klarer en trykkluft maskin på 5 minutter..Selv om traktoren er gammel http://m.finn.no/b2b/agriculturetractor/ad.html?finnkode=81217766&fks=81217766
ikke bestem deg før du har prøvd begge deler..
  (trådstarter)
   #3
 194     0
psv021: Her i området lånar ein utstyr hjå kvarandre stort sett vederlagsfritt, så betalt utleige er litt vanskeleg slik sett. Fort gjort at ein sjølv må betale for å låne noko då.

jaf: Meiner du trykkluftaggregat/kompressor på PTO (kraftuttak) på traktor? Det hadde jo vore glimrande, har ikkje sett noko slikt før. Men vert det ikkje fort veldig dyrt? Ser forbruksimport sin 18kg borhammar treng minst 1,2m³/min (større vert >2m³/min), og då skal den ikkje vere så mykje kraftigare enn AEGen nemnt i opningsposten (24J mot 20J).
jaf
   #4
 6,305     tromsø     0
Lurer på om dette er en ny for traktor:http://m.finn.no/bap/webstore/ad.html?finnkode=55612301
Må kunne fås brukt.   http://m.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=51868643
Kompressor bor virker helt annerledes. Det hugger seg nedover i fjell og har trykkluft i senter på bor. Det gjør at støv blåses ut hele tiden...http://m.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=80125712