#31
 394     Strömstad     0
Lykke til! Når er estimert innflytting?
Signatur

  (trådstarter)
   #32
 869     0
Veldig usikkert. Eg har vel fått ein "i verste fall" dato, som vel var den 1.nov. Eg satsar på at eg skal vere inne i haustferien, altså veke 40. Vi kom i gang ein del tidlegare enn vi hadde planlagt, så det skal gå bra. I kontrakta står det at dei skal ha ferdig byggegrube, klar for grunnmur den 1.mai, slik at snekkarane kunne starte 15.mai. No startar snekkarane ca to veker tidlegare.
Signatur
  (trådstarter)
   #33
 869     0
Snekkerarbeid
Mariana: Eg byggjer hus - 20130506_123030.jpg - Mariana
Signatur
  (trådstarter)
   #34
 869     0
Veggane er oppe
Mariana: Eg byggjer hus - 20130507_163559.jpg - Mariana
Signatur

  (trådstarter)
   #38
 869     0
Ja, det er siste veggen dei driv med der:)
Signatur
  (trådstarter)
   #39
 869     0
Det er 1000  ting å ta stilling til, og eg føler vel at eg er litt bakpå..

Eg har enda ikkje bestemt meg for golv.. Hadde i utgangspunktet bestemt meg for vinyl over heile huset, men har begynt å sjå på laminat også..

Lys klarar eg rett og slett ikkje bestemme meg for, anna enn at eg ikkje skal ha innfelte spottar over alt.


Elles er første rekninga frå Nordbohus komen, nokså vaksen for å seie det slik med sine over 400 000. Sikkert berre denne gongen i livet ein får ein slik giro. Rekninga frå elektrikar er også komen, på varmekablar og litt slik.

Garasjen håpar eg snart er i boks, det blir nok ein vanleg 6x6 frå Monter, men med a-takstolar. Skal bruke tyvek trur eg. Dobbel stålport. Terassebord blir nok bestilt frå same staden.

Farga på hus og garasje er også vanskeleg.. Står mellom ei gråfarge som ikkje er veldig lys og brun.. Raudt er nok ikkje aktuellt, da husa på kvar side av mitt er i to forskjellige raudfarger.

Solskjerming, garderober, kvitevarer og tapet på eine veggen på eine soverommet er også i det blå..


Besluttningsvegring? Ja, litt.... Det er ikkje lett å skulle bestemme alt sjølv, eg opplever at ein stadig må kompromisse, men det er vel slik det er for dei fleste. Det er uansett mest artig!


Signatur
119
   #40
 50     Sogn&Fjordane     0
Jeg forsto det slik at det var litt økonomi med i bildet- da ville jeg vurdert Pax-garderobe fra Ikea- og evt spare inn litt ved å bruke gardiner istedetfor skyvedører. så kan man heller kjøpe dører på finn.no eller ved en senere anledning når man har fått igjen alvorlige mengder på skatten eller i lotto.

Er man i tvil om farge på hus/garasje så ville ihvertfall jeg gått for den gråvarianten du nevnte. brunt er kanskje "in" nå, men hva om noen år? Grått er vel finere, og innbiller meg det er lettere å male over grått enn brunt uten å måtte ha for mange strøk.
(og hvis du kjente inni deg at det blir helt feil å gå for grå så vet du at det er brunt du vil ha Wink )
Prøv å bruk litt tid på å sjekke forbrukertester av hvitevarer, og deretter søke på prisforskjeller med prisjakt.no og kelkoo. da kan du gå til den elektrobutikken du har i nærheten som har de inne/kan bestille det, og få gode priser. Det gjorde jeg nettopp på elkjøp når jeg skulle ha endel elektrovarer. sparte inn noen tusenlapper på det
Signatur