#61
 15     Norge     0
Switch-on 8W COB LED til 159,- er selve pæren som kan benyttes i alle slags armaturer med GU10 sokkel.

Altså hvis du skal ha en komplett downlight må du kjøpe både pære armatur og takboks.

Hvis du går med alternativ 1:
-Switch-on 8W GU10 COB LED: 159,-
-Switch-on Alufit I armatur: 99,-
-Takboks: 49,-
Totalt (komplett downlight): 307,- 

Alternativ 2:
-Switch-on 8W GU10 COB LED: 159,-
-Switch-on CAVO eller QUADRO: 33,-
-Takboks: 49,-
Totalt: (komplett downlight): 241,-

Bare å spørre i vei hvis det er noe mer du lurer på Smile
Signatur

  (trådstarter)
   #62
 869     0

Switch-on 8W COB LED til 159,- er selve pæren som kan benyttes i alle slags armaturer med GU10 sokkel.

Altså hvis du skal ha en komplett downlight må du kjøpe både pære armatur og takboks.

Hvis du går med alternativ 1:
-Switch-on 8W GU10 COB LED: 159,-
-Switch-on Alufit I armatur: 99,-
-Takboks: 49,-
Totalt (komplett downlight): 307,- 

Alternativ 2:
-Switch-on 8W GU10 COB LED: 159,-
-Switch-on CAVO eller QUADRO: 33,-
-Takboks: 49,-
Totalt: (komplett downlight): 241,-

Bare å spørre i vei hvis det er noe mer du lurer på :)


Da forstår eg, beklager alle merkelege spørsmål:)

Signatur
   #63
 15     Norge     0
Ingenting å beklage for!  :)

Likte forresten husfarge 2 best.
Signatur
  (trådstarter)
   #64
 869     0
Frå i går
Mariana: Eg byggjer hus - 20130515_181029.jpg - Mariana
Signatur
  (trådstarter)
   #65
 869     0
Til i dag
Mariana: Eg byggjer hus - 20130516_184739.jpg - Mariana
Signatur
   #66
 536     norge     0
Her går det unna ja! Smile Så gøy. Hvor mange snekkere er det som jobber på huset ditt?
  (trådstarter)
   #67
 869     0
Det er to snekkarar som driv på. Dyktige er dei, og frå området her.
Signatur

  (trådstarter)
   #68
 869     0
Ja, da har eg begynt å tenkje litt på platene på veggane her (innvendig altså) Har bestemt meg for ferdigmalte panelplater, men har fått litt kalde føtter.. Kanskje må eg bytte ut til spon i stue, kjøkken og dei to gangane.....


Kanskje er det for seint også...
Signatur
  (trådstarter)
   #69
 869     0
Kanskje eg kan skrive litt om meg sjølv sidan eg starta på ein heilt ny tråd med husbygginga mi.

Eg er ei aleinemamma til 3 barn i forskjellig alder, eg bur øvst i Gudbrandsdalen, men har vore utfyltta i mange år. Kom attende hit for snart fire år sidan. Boligmarkedet her er vanskeleg; dvs det er dyrt å kjøpe brukt, mellom 1.7-2mill for noko du må bruke ein del pengar på å pusse opp er normalt. Kanskje ikkje så ille samanlikna med mange andre stadar, men for dyrt for ei inntekt. Spesielt når du ikkje veit akkurat kor mykje du MÅ ut med. Kanskje må taket fiksast? Kjøkken og bad er stort sett utdatert osb..

Å leie er kurant, men det er veldig lite til leie her. Det er også vanskeleg å finne noko som er stort nok. Eg hadde også eit veldig sterkt ynskje om at ungane mine skulle få det eg hadde; ein barndomsheim; noko stabilt og godt dei alltid kunne kome heimat til.  Det er nok i seinaste laget, sidan eldste barnet mitt er 18 år i år, men eg har yngre barn også. Ei dotter på 13 og ei på 4.

Eg satte meg ned i haust, planla og budsjetterte. Kontakta fleire firma og fekk mange tilbod. Det var mykje jobb, men det må gjerast for å få noko ein faktisk kan klare. Valet fell på Nordbohus. Så var det dette med lån. Eg tvila nok litt på at eg kom til å få låne det eg trengte. Eg hadde ein dialog med husbanken heile tida, og søknaden var behandla på eit par veker. Svaret var positivt og eg fekk tilsagn på 2.4 mill. Dette er inkludert tomta eg hadde kjøpt, samt garasje.

Da var det berre å sette i gang. Fram og attende gjekk e-posten mellom meg og Nordbohus på Vinstra. All ære til dei for at dei gadd å svare på alle meir eller mindre viktige spørsmål eg kom med.

Det er ikkje berre berre å byggje hus når ein er aleine. Spesielt ikkje når ein må ha ein del eigeninnsats for å klare å halde budsjettet. Eg må i stor grad basere meg på hjelp frå andre, fordi eg ikkje har greie på så mykje av det vi skal gjere, og fordi det er mykje. Eg må leggje golvet på alle soveromma, all isolasjon i veggane skal inn, alle veggplater innvendig skal vi også gjere, samt alle takplatene. Eg håpar vi skal klare det..

No er altså huset på tur opp, og om de vil kan de fylgje med og sjå korleis dette går.

Huset er ein variant av Arcturus frå Nordbohus.
 


Signatur
  (trådstarter)
   #70
 869     0
Til nå har eg lagt ut bilete av peisomnen eg har kjøpt, samt kjøkkeninnreiinga som kjem i starten av juni.

Eg har også bestemt meg for korleis badet skal sjå ut, og legg difor ut bilete av det som er bestemt der.

På veggane skal eg ha kvite høg-glans våtromsplater med flisemønster 60x20 cm.
Det blir vanlege bua dusjdører.

Innreiinga er slik som den på biletet, men i sølvfarga høg-glans. Speilet er også det same.

Golvbelegget er det også bilete av, det er svart megalitt.
Mariana: Eg byggjer hus - Badinnr.jpg - Mariana
Mariana: Eg byggjer hus - badgulv.jpg - Mariana
Mariana: Eg byggjer hus - do.jpg - Mariana
Signatur