3,933    13    0  

carb: Eigenteikna 1-planshus

 27     0
Etter å ha brukt forumet i lang tid og fått mange gode tips og idear, har me no kome så langt at me sjølve skal få bygga oss vårt eige hus.

Sidan me fekk beskjed frå kommunen om at me helst burde byggja på eitt plan, i tillegg til at tomta ligg på toppen av ein haug, har me bestemt oss for 1-planshus. Då det var lite utvalg av slike hus i ferdigkatalogar, har me no teikna det slik me sjølv vil ha det, og håpar me har funne ei god løysing for oss.

Me er enno ikkje heilt ferdige med detaljar i husteikningane, men me er komt så langt at me har byggesøknad inne hos kommunen og reknar med å få svar i starten av april.

Under er det planteikning og utsikt over tomta vår. (Pinnane de ser på bakken er sett ned der hushjørnene og garasje skal stå). 

Dersom nokon har kommentarar til planløysinga, vert dei godt mottekne - ris eller ros :)

(Inngangsparti + soverom 3 og 4 er mot nord
Kjøkken og stove vender mot sør)



carb: Eigenteikna 1-planshus - plantegning, roomsketcher.jpg - carb

  (trådstarter)
   #3
 27     0
Ja, det har vore litt fram og tilbake med den boden. Du er ikkje den fyrste som lurer litt på den plasseringa, og me har lurt ein del sjølve også :)

Sidan huset har den forma det har, så blir det mykje plass i midten av huset. Me tenkte då at det var greit å ha ein bod der, sidan det rommet ikkje treng vindu. I tillegg er det grei plassering ift å ha frysar, vaskeutstyr o.l. lett tilgjengelig. 

Prøver på nytt med utsiktsbildet.
Eigenteikna 1-planshus - IMG_5983.JPG - carb
  (trådstarter)
   #5
 27     0
Etter litt meir husteikning, er det litt endring på planteikninga. Det er bad 1 som er endra på. Her vil me unngå at baderomsdøra blir så "midt i huset", og ha den litt meir skjult slik at ein ikkje ser rett inn på badet om ein sit ved spisebordet.

Dersom nokon lurer på bondeboden, så er det fordi mannen er bonde og treng ein plass til å vaske seg og henge av seg arbeidskle Smile
Eigenteikna 1-planshus - plantegning 1.jpg - carb
  (trådstarter)
   #6
 27     0

Ser ut som en fantastisk plass dere skal bygge. Har dere fasadetegninger også?


Ja, det er ingenting å sei på utsikten :)

Me har fasadeteikningar, men dei er ikkje oppdaterte, så eg tenkte å leggja dei ut når dei blir oppdaterte.



I kveld er det vindfanget/entreen eg lurer veldig på.... Lurer på korleis me bør ha veggane mot gangen; kor stor bør åpningen vera, og korleis bør ein møblera? Forslag mottas med takk Smile

   #9
 90     Ryfylke     0
Ser ut til å bli et flott og funksjonelt hus! Bare et par kommentarer. Når du kommer inn fra yttergangen stiger du inn i en mørk (?) gang. Tenkt over hvordan opplevelsen av det blir? Og så var vaskerom/teknisk veldig stort? Noen spesiell grunn? Det er helt sikkert deilig med god plass der altså, men kanskje kunne noen av disse kvadratmeterne vært bedre utnyttet? Lykke til videre - fantastisk utsikt!!
  (trådstarter)
   #10
 27     0
Takk for det, nyttlivpålandet Smile
Godt poeng med "mørk" gang. Kunne det hjelpt med større åpning frå yttregang til gang, evt flytta døra til kjøkkenet nærmare yttergangen? Eg håpar lyset frå vinduene i stova + relativ brei gang inn til stova vil hjelpa på, men blei litt usikker no..

Ang vaskerommet er eg heilt enig i at det er litt dårlig utnytta. Det blir litt for mykje "dødplass" på midten av golvet. Har lurt på å lage ei løysing med ein skillevegg som ein kan henge frå seg treningskle/skohylle ved ytterdøra, evt lage ein "vegg" av skyvedørsgarderobar sett med ryggen mot kvarandre, f.eks mot veggen på soverom 2, men finn ikkje ut av det... Ser du nokon løysingar?