#181
 122     Sømna     0
Utrolig flott hus dere får! Mange fine løsninger. Veldig fin vinterhage, jeg vil også ha sånn!!!

  (trådstarter)
   #182
 1,943     0
Takk EinstenU Smile

Nå er parkett lagt i hovedetasjen + flis. Vi skrur benkeskap...




Har endeleg funne ei skittentøysluke som er slik eg vil ha. Ei inspeksjonsluke frå Norgips som kan flisast over og dermed ikkje blir så framtredande på veggen:
http://www.norgips.no/produkter/inspeksjonsluker/push-up-luker/index2,828.htm

I kveld: møte med entrepenør der vi går gjennom kva som gjenstår av arbeid, om om det ikkje er mulig å få sendt søknad om miderltidig bruksløyve snart. Ein vesentlig del gjenstår: bad Grin Men det bør komme ganske raskt nå...

  (trådstarter)
   #183
 1,943     0
Litt oppdatering. Merk at vi ikkje har blått kjøkken altså - det er berre folie :D

Innflytting om ca. ei veke.

Kveldsjobbing på huset:


Badet tar form. Sidan dette bildet blei tatt er det satt opp innebyggingskranar og montert skap


TV-veggen nede har blitt mørk.


På kjøkken har vi fått på plass vår etterlengta platetopp. I kveld har vi satt opp ventilatoren også, men den er ikkje med på dette bildet.



   #185
 394     0
Veldig flott hus!! Du sier dere har lagt Kahrs parkett, kan jeg spørre hvilken type?

  (trådstarter)
   #188
 1,943     0
Nope! Vi aksepterte ikkje korleis parkettgolva blei, og dei driv nå og tar den opp igjen. Var eit litt tøft valg å ta, fordi vi utsatte dermed innflytting med 3-4 veker, og vi hadde  ingen plass å bu. Men nå har vi innlosjert hos gode venner, flyttar litt på ferie (og drar bort), og får det til å gå i hop på eit vis.

Å ta parkettgolva på nytt seinare vil bli enda vanskeligare enn å ta dei nå før vi flyttar inn. Alt stæsjet vårt er i huset da, dvs. det står stabla på alle golv som har flis. Samtlige golv med parkett skal strippast og summast på nytt.

Nå har vi forresten dagbøter. Midlertidig brukstillatelse har vi forresten fått i boks, så nå blir byggelånet konvertert til husbanklån. Det skal bli ein lettelse! Smile
  (trådstarter)
   #190
 1,943     0
Problemet med parketten var ikkje legginga eller kvaliteten. Det var underlaget som ikkje var plant. Her har det gått litt fort i svingane for entrepenør. Det medførte at det mange stader var svikt i parketten som både var synleg og merkbar under føttene. Det var på alle golv i begge etasjane. I dag er vi på dag 30 med dagbøter. Vi gjorde avtale om at parketten skal takast opp for ei drøy veke sidan. Dei har ikkje begynt enda, så det blir litt dagbøter dette her.

Elles er huset gjennomgått av både arkitekt og takstmann, og det var ingenting anna som trong å bli retta opp. Alt ser bra ut, bortsett frå parketten... Det er kjedelig å ha eit fletta nytt hus der alt er ferdig, og ikkje kunne flytte inn. Katten bur der da; vi er innom og gir han mat kvar dag. Enn så lenge er det altså berre han som kan nyte huset. Vi syns ikkje der er riktig å ta i bruk eit hus som skal strippast for golv om kort tid. Dessutan er kjøkkenøya demontert, og da kan ein ikkje koke der heller.