(trådstarter)
   #202
 1,943     0
På tide med ei lita oppdatering her trur eg. Vi er på dag 50 med dagbøter - juhu! (not). Etter mykje om og men er endeleg større delar av parkettgolvet tatt opp. Vi krever ny summing av begge golva (vi har betonggolv i begge etasjar), slik at golva vert plane og innafor norsk standard.

Vi flytta ut av leigd leilighet for å flytte inn, men snudde i døra. Skaffa oss ny leigd leilighet i ein huj og hast før skulen begynte. Det går da på eit vis, og blir ei morsom historie, etter kvart Wink

Reknar med at det går nokre veker til før vi er inne. Det viktige for oss nå er at golva skal bli riktige. Deretter må parkett leggast på, kjøkenet monterast på nytt, trappa monterast på nytt, og nye lister skal på. Bygget må vaskast på nytt inne. Og da er vi klar.

(Er veldig glad for Bustadoppføringslova, eller kva ho nå heiter, som gjer at dagbøter er ein sjølvsagt, udiskutabel ting).  (men ville heller hatt ferdig hus altså).
  (trådstarter)
   #203
 1,943     0
Da har eg sikkert snart god rekord i dagbøter her inne - nå har vi runda 65 dagar. Det vil jo merkast når sluttoppgjeret skal betalast. Truleg går pengane til opparbeiding av uteareal.



Golva er blitt summa på nytt og alt er såre vel. Parkett og lister er komme på i underetasjen, og det er blitt beint og fint! I hovedetasjen er det kjøpt inn ny parkett (av same type), og den vil bli lagt på frå mandag av. Neste helg er det muligheter for at vi flyttar inn. Meir finn de på bloggen (sjå signatur). 
   #204
 5,726     0
7-8% hjelper på ja, nett som å vinne i lotto når ein treng pengane mest.
Sjølv om de naturligvis har kostnader også med forsenkinga.

Ser bra ut, ta nokre bilder og legg ut så me får sjå heile herligheta!
   #206
 95     Osterøy     0
Gratulerer! Eg såg bilen stå utanfor garasjen i dag tidleg so eg reknar med at de endeleg har fått flytta inn Smile

   #208
 49     Rogaland     0

Det er ein cilindro frå Røroshetta. Har prøvd den ut tre-fire gonger, og ser ut til å fungere bra. Bør vel testast ut med bacon før eg kan konkludere :)


Hei

Så bra å se at dere endelig har flyttet inn i det nye huset deres.
Jeg har fulgt med på byggeprosessen deres på denne siden, det er et fantastisk flott hus dere bygger!

Har du fått testet ut baconsteking på kjøkkenet nå?  ;)
Vi vurderer å kjøpe samme ventilatoren som det dere har. Er dere fornøyd med effekt og støy (eller, forhåpentligvis fravær av støy)?
Samler det seg mye fett på glassplaten?
Jeg la merke til at dere også har ekstra takhøyde, gikk det greit å tilpasse Cilindro i høyden eller har dere fått laget et spesialbeslag til denne?

På forhånd tusen takk for all hjelp!    Smile
  (trådstarter)
   #209
 1,943     0
Ja, bacon er testa ut, og det fungerte veldig bra Smile Vi er godt fornøgd med ventilatoren; den drar inn damp og os fint. Det legg seg litt støv på hylla, men det tørkar vi greit av. Det har så langt ikkje blitt fettete.

Støyfri er den ikkje, men eg syns den er innafor det akseptable.

Vi kjøpte forlengelsesrør til ventilatoren. Det kjem i ei fast lengde, som blir tredd saman med ventilatoren til den høgden du treng. Alt var greit å montere Smile
  (trådstarter)
   #210
 1,943     0
Da har vi budd i huset omtrent 2 månader. Det fungerer som det skal Smile Mykje gjenstår enda - vi har ikkje fått opp dusjvegger f.eks, men dei er i bestilling. Og vi manglar gardiner. Og bilde på veggane, og møbler hist og her Grin Men huset er ein nytelse å vere i, og vi har det veldig godt her.

Eit bilderas finn de her: www.kjersti70.wordpress.com.