2,111    10    1  

Prosjekt Parken

 19     0
Hei,
 
For eit fantastisk forum! Vi er heilt nye her, og har ingen erfaring med husbygging frå før av. Dette blir spennande!
 
Vi er ein familie på 4 som flyttar attende til vestlandet til sommaren og har fått tomt på garden til dama. Typen har teikna fleire skisser av drømmehuset, og vi har lyst til å legge ut den siste versjonen her.  Håper de kan vere behjelpelige med kommentarar og tips, både når det gjeld planløysing, fasade, byggteknisk etc. Vi tek i mot alle råd med takk!
 
Planlagt byggestart er på seinsommaren. Før den tid må vi opparbeide tomta, som krev ein del arbeid. Det får vi ta i eit anna kapittel.
 
Vi har prøvd å organisere romma på ein slik måte at vi utnyttar sol- og lysforhold best mogeleg. Det er ikkje mykje morgonsol då det ligg fjell og knaus mot aust og delvis mot sør. Men det er god ettermiddag- og kveldssol. Den beste utsikta er mot nord-vest og delvis sør (fjord og fjell).
Prosjekt Parken - SKISSE-parken-1.etasje.jpeg - parken
Prosjekt Parken - SKISSE-parken-2.etasje.jpeg - parken
Prosjekt Parken - SKISSE-parken-fasade.jpeg - parken

  (trådstarter)
   #1
 19     0
Hei!

Ei lita oppdatering med nokre bilete frå tomta. I påska kjem ein arkitekt på tomta der vi ynskjer å få litt innspel på utforming av tomt og plassering av hus. Vi syns det er so kjekt å teikne sjølv, men er usikker på om vi er på rett spor...
Prosjekt Parken - Parken_fra° vegen_low.jpg - parken
   #3
 6,701     Akershus     0
Velkommen til Byggebolig!

Fantastisk utsikt Smile Foreløpig har jeg ingenting mer å komme med, men regner med at andre henger seg på!
   #4
 536     norge     0
Fint hus, og mye bra på planløsningen. Smile Jeg synes vaskerommet har litt mange vinkler, og blir litt lite effektivt. Kan boden fjernes, og kanskje heller ha mer lagringsplass på vaskerom? Har dere tenkt på gjestetoalett?
  (trådstarter)
   #5
 19     0
Hei, og takk for kommentar:)

Heilt einig i at vaskerommet er litt dårlig organisert med mange vinklar...

Nye tankar plasserar til dømes teknisk rom i hjørnet (opp til venstre)? Då kan vi ha høge skap på heile den veggen til venstre. Vi vil også plassere eit fryseskap på vaskerommet, slik at det er lett tilgjengeleg.

Ang. bod har vi lyst å ha ei slik rett ved hovedinngangen. Dette har vi god erfaring med frå før. Vi har tidlegare teikna inn gjestetoalett, men har forkasta dette etterkvart.

Vi er opne for innspel på korleis vi kan løyse teknisk/vaskerom/bod:)
   #6
 912     OSLO     1
Foreslår at dere tegner opp i roomsketcher.no og legger ut link her. Da kan andre se nærmere på tegningene og gjøre justeringer.  
  (trådstarter)
   #7
 19     0
Hei!

Foreslår at dere tegner opp i roomsketcher.no og legger ut link her. Da kan andre se nærmere på tegningene og gjøre justeringer.


Det tok si tid! Men vi har også gjort ein del endringar og har no jobba med å få teikna det inn i roomsketcher! Takk for tipset tonyG!

Her er ein digital versjon av siste skisse!

http://planner.roomsketcher.com/?ctxt=rs_no&language=no&pid=2661770


   #8
 137     0
hvorfor ha vegger mellom vaskerom og teknisk rom? synes også teknisk rom på 1,69 m2 virker noe snaut. Du vil omtrent ikke få plass til annet enn en VVB der.
  (trådstarter)
   #9
 19     0
Hei Tarjei1971!
hvorfor ha vegger mellom vaskerom og teknisk rom? synes også teknisk rom på 1,69 m2 virker noe snaut. Du vil omtrent ikke få plass til annet enn en VVB der.


Veggane er teikna inn for å skjerme det tekniske, men rommet også er plassert der for å kunne stå på eit våtrom.

Vi har eit ynskje om å bygge utan at vi skal ha behov for veldig store tekniske installasjonar. Det gjenstår å sjå om vi klarar det dåSmile Men vi er veldig klar over at det tekniske rommet er lite.

Vi har også laga eit nokså romsleg bad i 2.etasje som potensielt kan huse VVB
+ ei bod/teknisk rom i 2.etasje som potensielt kan huse ventilasjonsanlegg.

Teknisk rom nede i forbindelse med vaskerom er tenkt for luft til vatn-systemet og sentralstøvsugar. Men det er godt mogeleg at vi må lage ein meir praktisk storleik på teknisk rom.

Du er herved ei stemme for det:)
  (trådstarter)
   #10
 19     0
Hei igjen!

Oppdatert skisse på FASADE, med eit forsøk på nokre vindauge på eine sida av huset.

Vi er i prosessen med å bestemme vindauge og overflate fasade.
- Ynskje er å ha skifer på taket, dråpeskifer (pappa sitt prosjekt)
- Vedlikeholdsfri kledning av eit slag, kanskje kjerneved furu, malmfuru behandla med jernvitrol.
- Vindauge, kvite eller helst svarte rammer.

Har hente litt inspirasjon her:
http://pin.it/cwQD0_M

Her er det jo mykje smak og behag, men det er berre å kommentere:)
Prosjekt Parken - parken_fasade01_mai2016.jpg - parken
Prosjekt Parken - parken_fasade02_mai2016.jpg - parken