1,155    13    0  

Sunnmørsdraumen

 12     0
Hei

Ein familie på to vaksne og ein 2-åring er heilt ytst i startgropa for bygge nytt hus på Sunnmøre. 

Vi har sett oss ut ei fin tomt og har vore i dialog med eigar i over 1 år no. Dessverre har eigaren satt videre arbeid med frådeling og salg på vent grunna travle tider og dårleg helse. Men vi var komne så pass langt i prosessen at vi berre må tru at vi ein dag vil få kjøpe tomta. Så medan vi ventar får vi heller bruke tida godt i forhold til å finne ut kva slags hus vi vil ha. 

Det vi har bestemt er at det skal vere flatt tak. Vi har hatt eit møte med utbyggar som bygg Urbanhus og dei får gode skussmål frå andre som har brukt dei. Tanken er at deira arkitektar skal få bryne seg på korleis huset best kan passe på tomta. 

Tomta er bratt, på det meste 44 % stigning, med truleg ein del fast fjell i grunnen. Og reguleringsplanen tillet maks 2 etasjer. Vår tanke i det siste har difor vore å sette huset på 2 etasjar på søyler. 2. etasje vert inntrekt for å få takterrasse og for å ikkje kome i konflikt med gesims-/mønehøgdkrava. Utsikt er eit vesentleg poeng for oss, og om vi kjem høgt nok opp er det mogleg å sjå over ein skog som ligg like ved og ut i havgapet.

Eit anna poeng er at vi ved å sette huset på søyler unngår å sprenge vekk store delar av tomta. Noko må det sikkert bli uansett, pga. grøfter til VA, men om vi kan behalde store delar av tomta urørt er det eit pluss. 

For spesielt meg vil det verte viktig å finne ut kor stort hus vi eigentleg treng. Vi bur i dag i ein tomannsbustad på 125 kvm. Det er ikkje noko gale med storleiken, men det er dårlege løysingar som gir bustaden mange ulemper. Berre to soverom, 2. etasje har skråtak, det er ikkje nok bodareal og vi har ikkje garasje eller utebod. Det er begrensa moglegheiter for å bygge ut og om, og vi er heller ikkje tilfredse med beliggenheita. 

Eg er fasinert av dei som byggjer minihus, men skjønar eg må vere realistisk sidan eg bur i lag med andre og vi kanskje skal ha fleire ungar etter kvart. Eg ønskjer ikkje å bu meg i hel der alt handlar om å nedbetaling av lån og vedlikehald av hus og hage. Det viktigste vert eit fleksibelt hus som vi kan leve i fram til vi døyr om vi vil. 

Om nokon har tips eller råd tek eg gjerne i mot det. Så håpar eg vi får skissa litt framover og at Sunnmørsdraumen vår til slutt går i oppfylling. Smile

HSt
   #1
 36,576     Lillestrøm kommune     0
Urbanhus har litt blandete kommentarer her på
BB, men det er mulig det kun er de negative historiene vi får høre om. Er en mulighet at de som er fornøyde ikke er like ivrige i å gi lyd fra seg.
  (trådstarter)
   #2
 12     0
Urbanhus har litt blandete kommentarer her på
BB, men det er mulig det kun er de negative historiene vi får høre om. Er en mulighet at de som er fornøyde ikke er like ivrige i å gi lyd fra seg.


Såg ei sak på nett, men der gjekk vel byggefirmaet konkurs og så ville ikkje Urbanhus ta ansvar. Har i alle fall ikkje høyrt noko dårleg om dei rundt om her vi bur.

  (trådstarter)
   #3
 12     0
Eg sende melding til grunneigar av tomta og spurte om vi kunne ta ein prat for nokre dagar sidan. Det kunne vi gjere etter påske. Då måtte vi få starta prosessen med nabovarsling for frådeling fekk eg til svar. Dermed lev Sunnmørsdraumen i aller høgste grad!

Eg har skissa litt for hand siste tida. Fekk printa ut terrengsnitt av tomta og har prøvd å teikne inn noko som er mest mogleg optimalt i forhold til gesims-/mønehøgd og terreng. Ut i frå det skissa eg vidare på planteikningane før eg så tok i bruk roomsketcher. Då fekk eg ganske mange aha-opplevingar for å seie det mildt. Ting tek ikkje tid, dei tek plass! Det blir i alle fall ikkje eit minihus.

Eg har heile tida tenkt at vi skulle kunne gå rett inn i øvste etasje som inneheld stue og kjøkken og så gå ned ei trapp til soverom o.l. Men med søyleideen vart det plutseleg heilt naturleg å gå inn i soveromsetasjen og så gå opp ei trapp til stove og kjøkken for å få mest mogleg utsikt der vi kjem til å opphalde oss. Men då ryk livsløpsstandarden eg såg føre meg å ha. Så då byrja ideen om å ha utvendig rampe opp til 2. etasje å spire. Kanskje kan den gå frå utsidan av garasjen og så vert det bru over til huset. Då kan eg bu der sjølv om eg skulle trenge rullator ein gong. Tenk berre kor praktisk i forhold til at ein slepp å bere alle møblane og grillen som skal på takterrassa opp ei trapp. Mykje rart ein skal fundere på.
  (trådstarter)
   #4
 12     0
Hurra! Frådelingssøknaden er endeleg sendt til kommunen! Laughing

No satsar vi på handsaming i sommar og oppmålingsforretning på seinsommaren/hausten og så kjøp av tomt i haust.
  (trådstarter)
   #5
 12     0
Då er frådeling vedtatt, men eigaren var ikkje nøgd med krava til kommunen og har difor klaga på vedtaket! :@@ Heldigvis går oppmålingsforretninga som planlagt i slutten av august. Då skal vi også få eit utkast til kjøpekontrakta.

I mens teiknar eg litt, men vert ikkje heilt klok på korleis eg best kan løyse det. Nokon som vil kome med innspel? Yttervegg i 2. etasje mot nord-aust ligg no klint inntil byggegrensa (og når eg no tenkjer meg om, så kan sikkert ikkje trappa ute ligge utanfor byggegrensa). Tanken er å utnytte at her er ei høgde på tomta. Det er flott utsikt mot sør-vest-nord. Hovudinngangen er altså i 1. etasje og trappa må naturlig nok henge saman med den. Så vil vi ha eigen inngang til vaskerom eller ein grovinngang, men garasja MÅ ikkje henge saman med huset. Kanskje er det betre å ha den frittståande med tanke på tilkomst til uteleigedel. Då slepp dei å gå rundt garasja. Jaja, spør om noko er uklart.

Sunnmørsdraumen - Planteikning 1.png - Jillas
TSt
   #6
 14,504     0
En kan lage nisje inn mot huset ved garasje men la tak henge sammen eller gå inn mot huset. Det bruker også å tilfredstille steder der en ikke har lov til å bygge frittstående bygninger.
  (trådstarter)
   #7
 12     0
En kan lage nisje inn mot huset ved garasje men la tak henge sammen eller gå inn mot huset. Det bruker også å tilfredstille steder der en ikke har lov til å bygge frittstående bygninger.


Ja, det blir absolutt tak i mellom om ikke garasjen henger fast i huset. Jeg skal gå tørrskodd fra bilen. Smile

  (trådstarter)
   #8
 12     0
Sunnmørsdraumen - 1 etasje.png - JillasSunnmørsdraumen - 2 etasje.png - Jillas
Trur dette er ei betre løysing der sitteområda kjem litt vekk fra soverom og toalett. Vaskerommet kjem i same etasje som alle soveromma. No har vi foreløpig berre eitt barn, så det er store sjansar for at sov3 vert felles WIC i staden for, men det er no greitt å ha moglegheita til å bygge det om til soverom i tilfelle vi får trillingar ein dag. Shocked
  (trådstarter)
   #9
 12     0
Oppmålingsforretninga er overstått og i desse dagar får grunneigar vedtaket sitt for frådelinga og så vert klaga stoppa. Det er i alle fall det grunneigar har lovd meg skal skje, men ein kan aldri vite..
Neste punkt vert i så fall å bli einige om kva som skal stå i kjøpekontrakta. Grunneigar har beinharde krav om tilbakekjøp, frist for ferdigstilling av hus og høgder på murar.

Eg har teikna litt meir, men endrar på ting heile tida, så det er lite poeng i å legge ut fleire skisser, før mannen har meldt seg på og fått kome med sine innvendingar.

  (trådstarter)
   #10
 12     0
Og vi ventar og ventar og ventar.. No har i alle fall grunneigar hatt møte med advokaten og han skal utarbeide kjøpekontrakta. Skal tru om vi kan få dette i hamn i før jul?! Det håpar eg verkeleg, for no er eg lei! I januar er det 2 år sidan eg tok kontakt med grunneigar for fyrste gong. Så no vil eg kome i gang med prosessen for å selje bustaden vi bur i i dag og involvere nokon til å teikne den nye bustaden.