74,289
306
39
Vi bygger Quadra Milano frå Boligpartner
259
Breim
0
Familie på 5 bygger Quadra Milano frå Boligpartner. Etter at vi fekk ein diagnose for guttungen på 9, bestemte vi oss for å bygge ny bolig. Han har kongenitt muskeldystrofi, og slit med trappegang, samt vil kunne havne i rullestol med tid og stunder. (Fryktelig lite spesifikt, men betre forklart får vi det nok ikkje..)
I dag bur familien i ein 3-etasjer enebolig i husbankstandard, bygd i 1984. I samråd med ergoterapaut blei det konkludert med at dagens bolig ikkje møter behovet, og at ombygging og tilpassing ville bli ekstremt dyrt. (48 grader takvinkel, små rom, lita grunnflate med meir).
Etter å ha tråla katalogar frå dei aller fleste boligleverandørane i landet, havna vi til slutt på Quadra Milano frå Boligpartner. Eit majestetisk hus, som med våre tilpassningar vil møte dei behov vi skulle få seinare. Stram funkis, store vindauge, 5 soverom, store oppholdsrom og tidlaus design var utslagsgjevande for valget.
Tomten vi har fått tak i, er på ca 1.7 mål, og vil bli delvis planert - og delvis vere naturtomt. Utsikten er mot Breimsvatnet og fjellet Skjorta. I påvente av omregulering av området, brukar vi tida på detaljplanlegging av romløsning, uteområde, garasje, design og what not.
Det er planlagt vannbåren varme i alle rom, samt solfangarsystem på sørvendt vegg - ca 12 kvm med drainback solfangar. Forespeila gevinst ligg på mellom 5 og 6000 kwh i året, basert på størrelse og geografisk plassering.
Om folk har erfaring med solfangarsystem, tar eg gjerne imot innspel på kva som er bra og kva som er mindre bra! I utgangspunktet har eg konsentrert meg om ASV Solar sitt passivsystem, for å unngå glycolbasert og trykksatt system.
Vil oppdatere tråden med jamne mellomrom. I løpet av veka byrjar klargjering av tomt, med felling av tre og busker.
Her er eit bilde av huset slik det ser ut i katalog. Vi har planlagt med utvida terrasse på sørside, for å kunne benytte oss av solforhold på tomt.
Mvh
Freddy

Signatur
Kledning blir av typen Kebony eller Accoya, med ståande kledning.
Gratulerer med prosjektet og flott husvalg! Har sett mye på dette selv, et meget pent hus med gode kvaliteter. Legg gjerne ut noen tegninger som viser hvilke valg dere har tatt. Lykke til med klargjøring av tomten, ser frem til oppdateringene!
-Mats
Hilsen Øyvind
Hei Øyvind! Ja, det blir bra. Svært mykje betre enn slik vi har det i dag. Han har det tungt med klatring i trappene, så heis blir kjærkomment. Tomten befinn seg ca 100 meter frå dagens hus, så han får behalde kompisane i nærleiken. Blir litt lenger å gå for å besøke besteforeldra, men det går seg nok til.
Solfangar montert ståande på fasade eller som skråpanel på tak. Har havna på alternativet med fasademontert panel, pga. mindre utsatt for vêr og vind - samt snølast.
Viser romløsning for bakkeplan/1.etg. Har - utrulig nok - ikkje greidd å gjere ferdig 2.etg endå. Og kona fortvilar... Mest over tidsbruken framfor Mac'en, egentlig..
Skjønner din kones frustrasjon, noe vi brukte alt for lang tid på var å bestemme oss og ombestemme oss frem og tilbake i flere mnd syntes vi. Måtte uansett ses mot nytte/kostnad, tegnes av arkitekt på hamar først, så tar jo tid.. På den andre siden er det jo viktig man blir fornøyd, og siden dere må tenke tilrettelegging i større grad enn de fleste så går jo tiden fort, husker den ene ideen tok den andre, frustrerende, spennende og morsomt med planleggingen. Lykke til