#301
 2,068     klippdalen     0
skjøtene på sponplatene flukter ikke med bjelkelaget iallefall. virker ikke for å være limt heller?

har selv sponplater med vannbåren varme i, og det kniker hverken i platene eller lager lyd under oppvarming/nedkjøling av rør

  (trådstarter)
   #302
 259     Breim     0
Ventar endå på at dei skal få finger'n ut og avtale synfaring igjen. Håpar eg slepp gjere meg nytte av advokat på dette, og at dei tar tak i det slik eg forventar. Men eg har blitt lurt før på ting, sei..
Signatur
  (trådstarter)
   #303
 259     Breim     0
Eg likar i alle fall Boligpartner. Sånn at det er sagt.

Neste veke blir spennande.
Signatur
  (trådstarter)
   #305
 259     Breim     0
Ventar på tilbakemelding om kortid dei vil starte arbeidet med å ta opp igjen golvet. Litt småhissig stemning periodevis, men det ser ut til å ordne seg. Får meir detaljar i morgon, satsar eg på. Men håpet er å vere ferdig med utbedring innan utgangen av februar. Boligpartner er i alle fall veldig keen på å få dette i orden, så eg er optimistisk - endå.
Signatur
  (trådstarter)
   #306
 259     Breim     0
A tale of two tales. NB, dette blir langlesing.

Utgangspunktet var ettårskontrollen i 2017. Det blei der bemerka til husbyggar at det var golvknirk i 2.etasje, noko som ikkje avstedkom anna enn ein kommentar på vekta mi - samanlikna med ein av dei andre som var med på kontrollen denne dagen. Men eg tenkte i det minste at "Ok, beskjed er gitt, no er det opp til dykk."

Men ingenting skjedde. Åra gjekk, eg snakka med snekker'n som hadde satt opp huset, men likevel var det stille frå leverandør.

Til juli i år går vi ut på 5-års reklamasjonsfrist, så no tenkte eg at nok fekk vere nok, og sendte ei påminning om ståa, og at dette no skulle utbetrast.

Svaret eg fekk kom frå jurist i Crawford & Company AS.

Viser til din henvendelse sendt til XX v/YY 24.01.2021.


Crawford & Company behandler denne saken under XX ansvarsforsikring i Ly forsikring. Saken er registrert hos oss med referanse #######

Slik vi har forstått saken basert på din henvendelse og samtale med YY, gjelder dette en bolig som ble ferdigstilt i 2016. At det var knirk i gulvene ble påpekt noen måneder etter overtakelse og på ettårskontroll i 2017. XX har ikke forsøkt utbedring av feilen etter dette.

Selv om man har reklamert innen rimelig tid og innenfor det absolutte reklamasjonsfristen på fem år, kan et krav foreldes. Foreldelsesfristen er tre år. Selv om det er reklamert i tide, foreldes ditt krav dersom det går tre år uten at utbedringen skjer. I utgangspunktet er foreldelsesfristen tre år fra arbeidet er ferdigstilt. I dette tilfellet har det nå gått mer enn tre år både siden arbeidet ble ferdigstilt og siden ettårskontrollen hvor knirk i gulvet sist ble påpekt. Basert på ovennevnte, ser det ut til at kravet er foreldet og deres rett til å gjøre en eventuell mangel gjeldende har falt bort.

Det er vel enkelt å seie at trenering av saker skal lønne seg, men neiggu om eg aksepterer dette. Eg ringte Crawford & Company AS med spørsmål om dette var planen min boligleverandør hadde for å komme unna ansvaret sitt, og fekk til svar at "slik vi tolker jussen". Så eg la på.

Ringte så direkte til husleverandøren, som er ein av dei største aktørane på marknaden her i landet. Folk som søker i tråden her finn nok lett ut kven det er som stod som primær husleverandør, men det skal seiast at dette huset blei levert gjennom 3.part fordi hovudleverandør ikkje hadde lokalkontor i mitt område. 3.part er no inne som fullverdig leverandør av hus frå denne husleverandøren.

Tilbakemeldinga frå husleverandør var utelukkande positiv for min del. Eg var innanfor 5-årsfristen, dette hadde vore bemerka i heile prosessen, og her ville dei gjere ein innsats opp mot 3.part for å få ei ordning.

Det endte med at 3.part kom på synfaring, i lag med snekkerfirmaet ZZ, som hadde satt opp huset. Eg var sjølv offshore under synfaring, men kona mi var på plass, og vi hadde fjerna ca. 8 kvadratmeter med laminat, for å komme til sponplatene.

(Før eg hadde synfaring, hadde eg ein uhilda entreprenør på besøk, for å gjere seg opp ei meining.) Under synfaringa blei ein del av det gamle agget frå byggeprosessen brakt opp i dagen igjen frå 3.part, ting som gjekk på det reint byggtekniske der eg hadde bedt om endring grunna medisinsk situasjon hos eitt av våre born. Heile synfaringa var gjennomsyra av direkte ubehageleg oppførsel frå ein av deltakarane, sjefen hjå 3.part. Det blei også nemnt at "eg hadde jo ei reklamasjonssak på varmeanlegget òg", som om for å framstille meg som ein uhyre vanskeleg kunde.

Etter tre arbeidsdagar kom rapporten etter synfaringa.. Det blei bemerka at det var fjerna for lite laminat og gips, dette til tross for at kona sa det kunne fjernast meir ved behov. Ho fekk munnleg beskjed på synfaringa at det var ok slik, og at dei hadde sett nok. Og det dei hadde sett, var at det ikkje var lim i fugene på sponplata, og at sponet hadde slept frå bjelkelaget. I rapporten kom det fram at 3.part kunne gå over golvet og skru det til bjelkelaget der det hadde slept, men då måtte eg ta ansvar for å fjerne listverk, laminat og gips for eigen kostnad.

Dette fann eg fullstendig uakseptabelt. Om problemet ligg i at det har vore gjort for dårleg grunnarbeid på sponplatene, skal ikkje eg ha utlegget med laminaten og gipsen i etterkant. OM dette hadde blitt gjort skikkelig frå byrjinga av, hadde eg ikkje stått med eit problemgolv i utgangspunktet. Eg satte fram motkrav, der eg sa at dei står ansvarlege for å fjerne listverk, ta opp laminatgolv, fjerne gips, gå over golv, legge ned att gipsen, legge laminaten på plass, liste ferdig og komme seg ut av livet mitt.

Det siste tilbodet eg har fått, er at dei kan fjerne listene, ta opp laminat og gips, gå over golvet, legge gipsen igjen (som eg må erstatte om dei øydelegg den), legge laminaten (som eg må erstatte om dei øydelegg den) og så liste igjen. I avtalen eg fekk oversendt, står det: "Tiltakshaver stiller med ekstra laminat, dette for å ivareta evt. skadet laminatbord, samt for å unngå stopp i arbeidet". Det samme gjeld for gipsen.

Denne 3.parts husleverandøren har ikkje gjort NOKO for å få meg til å stole på han - i frå starten av. Byggeprosessen var tidvis eit reint helvete, prosessen i etterkant har vore eit reint helvete. Han har ikkje umaka seg til å kommentere at mailen frå Crawford & Company AS gjaldt ei forsikring som han hadde teikna under byggeprosessen, og som eksisterte å opphøre ved overlevering av huset, ein gang. Det fikk eg vite av husleverandøren i staden.

Laminaten vi brukte i 2016 fins kun på lager i Sverige, med 10 dagar leveringstid. Og eg meinar at så lenge det ikkje fins økonomiske incentiv for 3.part til å behandle laminat/gips forsiktig, så risikerer eg å måtte bestille ny laminat til heile etasjen - 70 kvadratmeter berre i stove/kjøkken. Det seier seg etter mitt syn sjølv at dette ikkje er ei avtale eg kan gå med på. Mitt krav er at 3.part dekkar 50% av kostnad med ny laminat, og at eg dekker 50% for å få denne saka ut av verden. Det samme med gipsen.

I tillegg blir huset ubebueleg i minst 3 dagar. Til det seier forsikringsselskapet mitt at "så lenge det ikkje er pga. skader...." Så her sit ein, då.. og klør seg.. No er det jo i det minste plussgrader ute - sånn om det blir teltliv.

Husbygging, altså. Kven hadde trudd at ein faktisk skulle bli rævkøyrd av andre enn banken i årevis etter eit slikt stunt..

Eg håpar at eg ein dag kan lære meg å like det nye huset mitt, om ikkje anna. Sånn det er no, så hatar eg det djupt og inderleg, og saknar det skeive, gamle huset eg flytta i frå i 2016. Det kosta meg i det minste berre ¼ av det dette her greiene kom på.
Signatur
   #307
 4,258     0
Konkluderer med at spon og vbv er en kombinasjon som bør unngås hvis mulig.

Veldig glad for anbefalingen om trinnlydsplater med flytsparkel - nada knirk og proffene som legger flytsparkelen retter opp tabbene til den gjennomsnittlige snekker.

Sannsynligvis litt sent for trådstarter, men definitivt noe som burde vurderes av andre som bygger nytt.